Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Jubelhornet med CD. Konsert i Trudvang Dale 5. oktober

5. november er dagen, Trudvang i Dale er staden. Jubelhornet er tilbake, denne gongen med CD! Lik og følg sida for meir informasjon! (Blir oppdatert. Billettane er ikkje i sal enno, men dei kjem snart!)

Jubelhornet er ei visegruppe frå Fjaler, som framfører tekstar av Jakob Sande, tonesett av lokale tonekunstnarar. Samansetjinga har endra seg noko med åra. Blant anna, har desse vore med:

Jørgen Alisøy – song og gitar, musikalsk leiar
Jan Haugen – trekkspel, mandolin og song
Andreas Ramstad – trekkspel og song
Hallvard Arstein – bass og song
Joy Taylor – song
Anne-Hilde Skadal – song
Eli Bjørhusdal – song
Ane Østby Birkeland – song
Einy Rochlenge Bortheim – song
Karette Stensæth – song

Jubelhornet har eksistert i mange år, og turnert i Sør-Noreg med fleire ulike konsertar, basert på eit utval av tekstane til Jakob Sande. Dei fleste av tekstane, og mykje av musikken er kjend stoff for mange. Men ein heil del er nytt stoff, eller gamalt stoff i ny drakt. Namnet Jubelhornet har sitt opphav i novella av Jakob Sande, med same namn.

Jubelhornet ønskjer å bidra til at tekstane til kunstnaren frå Fjaler blir gjort meir kjende og brukte.
Mange har etterlyst CD, men det viste seg å vere vanskeleg å få til. No er CD-en endeleg klar, og det blir konsert og CD-slepp i Trudvang i Dale laurdag 5. november kl.20.00. Pass på å “like” sida for å få med deg alt!

Kjelde: Heimesida til Jubelhornet: HER
https://www.facebook.com/Jubelhornet/photos/a.1293932453990786.1073741827.1293920633991968/1293932307324134/?type=1&theater

17.10.2016
Asbjørn Eikerol

.

Jubelhornet i Eivindvik september 2006. Fotograf: Aage Olav Sandal. — saman med Jan A Haugen, Hallvard Arstein, Joy Taylor, Anne-Hilde Skadal, Jørgen Alisøy og Andreas Ramstad.

Konsert og CD-slepp laurdag 5. november i Trudvang.

Vist 523 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder