Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Dans. Bli med. Lær nye dansar. Treff nye folk. Velkommen kvar torsdag.

Vi har plass til 100 Kom, kom!

Torsdagsdansen er i gong igjen. 8. sept kjem den på Straumsnes.
Vi starta opp denne veka med mange nye ungdommar i ringen.
Dette er veldig kjekt.
Og vi har plass til mange fleire så det er berre å komme.

Vi var på UWC, Høegh. På Haugland, Flekke.
Torsdagsdansen er eit samarbeid, UWC og ungdomslaga Dale, Flekke og Straumsnes.
Vi har levande musikk og instruktør. Rein luksus.

Kultur. Vi har også litt kulturinnslag i pausen.
Så vil du vise dans, musikk, sjonglering, trylling, fortelje fakta eller skrøner, lese dikt, gå på hendene, spele drama… Scena er di i 5 minuttar.

1.09.2016
Asbjørn Eikerol

Klar for litt opplæring.

Vi hadde ein ekstra time for nybyrjarar før sjølve dansekvelden.

.

Over 40 nye folk på dans. Men her er plass til 100.
Noko teori og øving kan vere nyttig.
Knut David fortel og viser.

Alle kan danse. Sjå på små ungar som høyrer musikk
Men mange litt eldre har gløymt noko.
Det gjeld berre å øve så kjem det.
Det er lov å gjere feil.

Musikk og rytme.

Klokka åtte kom fleire dansarar.

Emelie frå Sverige er ny elev på UWC.
Ho har fele og kom fram og spelte i lag med Andreas.

Det er vel litt imponerande å greie dette?

Andreas er no alltid blid når han får spele trekkspel, men det vart ekstra kjekt å få med seg Emelie.

.

Og dansen går.

Full fart og mykje moro.
Det kan bli travelt, men då er det berre å sitte ned og ta pause.

.

Etter ein time med dans er det tid for pause, mat, drikke, prat og kultur.
Her er Sabrina på besøk i Fjaler.
Ho kjem frå Singapore, var elev på UWC til 2008.
Ho fortel om folkedans og Torsdagsdansen som ho blei med på då ho var elev her.
Sabrina vart også medlem i Dalsfjorden spelemannslag.

Sabrina snakka norsk, og Tonje, i blå kjole, sette om til engelsk.
Tonje er også ny elev på UWC, frå Østfold.

Andreas fortel at Sabrina lærde spelemannslaget ein song frå Kina.
Så no har dei denne melodien på programmet sitt.
Musikken vandrar over grenser.

Sabrina skal synge.

To jenter frå Kina som er elevar på UWC, blir med.

.

.

.

.

Frå Japan og Kina til UWC i Noreg og dans på lokalet.

.

.
Neste dans: Torsdag 8. sept. på Straumsnes.
Vi dansar. Du ser planen HER

…………………………………………………………………………………………………………………………

.

.

Vist 683 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder