Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

På Lokalet. Sogn og Fjordane Teater (SoFt) og Teaterfestivalen i Fjaler. 15. september Dale, Trudvang

Fest på Lokalet.

Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn.
Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet.

Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular.
Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag.
I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad.
Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.

Samhald, gryande kjærleik, avvising, den elleville fylla, den første klossete dansen, eller det famlande tungekysset bak hushjørnet – alle har vi ulike bilete med oss frå lokalet i bygda vår.
Nokre beherska denne sosiale arenaen til fulle, medan lokalet baud på større utfordringar for andre. Med kjensler og livsskjebne på utstilling framfor alle vart huset åstad for skjellsettande opplevingar i mange sine liv.

Utafor lokalet gjekk verda vidare og samfunnsutviklinga sin skeive gang. Vår nære fortid, landet og verda gjekk gjennom store endringar, medan dansen gjekk på lokalet. Samværet og dansen forandra seg også, verda vart aldri den same igjen.

“På lokalet” er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Huset såg folk kome og gå, danse, sladre, forelske seg, skiljast, bli gamle. Livets dans vart dansa på lokalet.

Velkomen til fest på lokalet!

MEDVERKANDE:
Anette Stokke | Anne Guri Tvedt | Christer Tornell | Erlend Auestad Danielsen | Idun Losnegård |
Jørn-Bjørn Fuller-Gee | Martha Standal

Tekst, video og foto. SOFT.

12.08.2016
Asbjørn Eikerol

SPELEPLASSAR:
2. september Førde, Viking
3. september Førde, Viking
6. september Innvik, Heimlund
7. september Breim, Breimshallen
8. september Stadtlandet Grendahus
10. september Ålhus, Borgja
13. september Holmedal Bygdehus
14. september Værlandet Ungdomshus
15. september Dale, Trudvang
17. september Bygstad Ungdomshus
20. september Feios Ungdomshus
21. september Hermannsverk Ungdomshus
22. september Eivindvik Ungdomshus
23. september Åfjordalen Ungdomshus
24. september Naustdal, Fosshalla

Sogn og Fjordane Teater (SoFt)
With Christer Tornell, Idun Losnegård, Anne Guri Tvedt, Martha Standal, Anna Wingård and Fotograf Oddleiv Apneseth.

Sogn og Fjordane Teater (SoFt)
“På lokalet” har prøvestart i juni! Ei spennande leseprøve der Arne Fagerholt presenterte prosjektet og tok oss med på ei fantastisk reise gjennom tidsepokane. Dette vert utruleg kjekt – og vi gler oss til å ta denne framsyninga ut på turne til hausten! Billettane er tilgjengeleg på heimesida vår (kun 100 plassar på kvar framsyning). Her vert det nok mange kjekke oppdateringar undervegs frå prøveperioden smile emoticon:) Følg med! — with Erlend Auestad Danielsen, Robert Tomkiewicz, Idun Losnegård, Anne Guri Tvedt, Arne Fagerholt, Christer Tornell, Anette Stokke, Reidun Støfring, Martha Standal and Anna Wingård.

.

Sogn og Fjordane Teater (SoFt)
Vi er utruleg heldige som har mykje god lokal ekspertise som kan trø til når vi treng det – bokstaveleg talt! I dag var vi så heldige å få besøk av Kurt`n (Kurt Hafstad) som kursa gjengen i swing!
På bloggen sin skriv Anette Stokke i dag blandt anna: "Kurt var nervøs for å komme å undervise "Anette og Christer fra “Skal vi danse”. Jeg tenker jo ikke over sånt i det hele tatt for det som er kult e… See More — with Kurt Hafstad, Anne Guri Tvedt, Anette Stokke, Erlend Auestad Danielsen, Christer Tornell, Arne Fagerholt and Jørn-Bjørn Fuller-Gee.

Urpremière 2. september
Førde, Viking
Turné: september

KOREOGRAFI/ REGI
Arne Fagerholt

KOSTYME/ SCENOGRAFI Dordi Strøm

LYD
Robert Tomkiewicz

LYS
Krystian Myrska

TEKNIKK
Odd Magne Herland
Tore Eide

Foto: Oddleiv Apneseth

.

Sogn og Fjordane Teater (SoFt)
With Christer Tornell, Anne Guri Tvedt, Reidun Støfring, Arne Fagerholt, Ingrid Andersen Heieren and Erlend Auestad Danielsen.

Dansekurs i Viking, Førde.

.

SOFT på FB HER

…………………………………………………………………………………………………………………………………

Sogn og Fjordane Teater (SoFt)

29.08.2016
..
NRK Sogn og Fjordane kunne melde om storfint besøk i studio i dag! Idun Losnegård i kostyme fortalte om stykket “På lokalet”. Ein hyllest til grendahusa og bygdedansen. Høyr Idun Losnegård og Arne Fagerholt fortelje om stykket. HER

Vist 307 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder