Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Dans kvar torsdag. Klar for trim?

Levande musikk og instruksjon.
Kvar torsdag ein fest i Fjaler.
Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir. (Du treng ikkje kunne noko av dette frå før.)

Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!
Ny i Fjaler eller omland? Velkommen her!

Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen.

Samarbeid Ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og UWC vidaregåande skule i Flekke.

Vi planlegg å delta på UKM i februar og Dansens Dag 29. april 2017.

19.08.2016
Asbjørn Eikerol

.
PLAN HAUST 2016.

September:
31. august Onsdag. UWC Haugland. (1. sept endra til onsdag 31. aug.)
(Intro 19.00) Referat HER
8. – Straumsnes.
14. (NB Endring) – Flekke. (15. sept endra til onsdag 14. sept.)
Teaterfestivalen i Fjaler 15. – 18. september.
22. – Dale.
29. – UWC Haugland. #

Oktober:

6. – Straumsnes. #
13. – Flekke.
20. – UWC Haugland.
27. – Dale.

November:
3. – Straumsnes.
10. – Flekke.
17. – Dale.
24. – UWC Haugland.
Desember:
1. – Straumsnes.
8. – Flekke. (15 Torsdagsdansar i haust.)

Januar 2017:
5. – Dale.
12. – UWC Haugland.

Plan og referat frå tidlegare HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Nokre fleire foto: UWC 3. sept. 2015:

UWC 3. september 2015. Høegh – samfunnshuset ligg ved sjøen ved Hesteneset.

Her er nokre frå Dale med på begynnarkurs, men mange er elevar på UWC og på Flekke skule.

Vi har plass for mange fleire. Liten eller stor, alle kan vere med.

Instruktør er Knut David Hustveit. Levande musikk. Ole Håland.

Tid: Kl 20.00 – 21.00
21.00 – 21.30 Pause med litt mat, frukt, drikke.
Kultur: Vi legg inn 5 min. Scena er di. Då kan du opptre med song, dikt, dans, musikk, forteljing, sjonglering, gå på hendene ….
Og du får fribillett på dansen.
kl 21.30 meir dans ein time til.

Danseøving og instruksjon. Knut David planlegg variert program.
Litt nytt og litt av det som vi kan.

Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir.
Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!
Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen.

For somme kan det bli litt seint. Då kan du vere med første økta, og evt berre litt av andre økta.

Er du ny i Fjaler eller fylket. Velkommen å bli med. Du kan få fleire kjenningar.
Er du gammal innfødd? Velkommen ut på moro og dansetrim kvar torsdag.
Samarbeidet med UWC betyr eit internasjonalt miljø.
Du får kontaktar i mange land. Du kan bruke fleire språk.
.

Rimeleg pris.
Vaksne kr 40,- student, barn kr 10,-
Torsdagsdansen tradisjon sidan 1980.

Kunst. Veggmåleri under arbeid på UWC. Høegh.
Melvin Gomez er elev på UWC.

¤¤¤
.
Kultur på Torsdagsdansen. Kunstutstilling av Michlee frå Tanzania. NKD. HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Visste du at?

Dans minkar stress og drepresjon.
Dans gjev deg meir energi og sertonin, kroppens naturlege morfin.
Dans gjev deg styrke, balanse, uthald og du blir mjukare i kroppen.
Dans styrker beinbygnad og blodomløp.
Dans aukar mental kapasitet, prosessane i hjernen blir betre.
Dans aukar evnene til å ta kjappe avgjerder, nye nervebaner blir danna.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Ung Folkedans. Young Folkdancers. Øver kvar torsdag kl 20.00 Dale, Flekke, Straumsnes og UWC. United World College. HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Er du 13 – 20 år?
Ung Folkedans til UKM. Vi treng å samle ei gruppe og vere med på UKM i februar. Bli med. HER

Vist 482 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder