Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Det var dans i Dale. Torsdagsdansen. Snart kjem flammeslukaren til Dale.

24. september var Torsdagsdansen i Dale.
Som vanleg mange folk med godt humør i Trudvang.
Nokre nye fjalerungdommar blir med.
Dette er kjekt.
Nokre ungar frå skulen i Flekke, UWC, er også med.

Vi vil gjerne få med fleire så du kan gjerne tipse folk om at her er det opplæring og øving i mange dansar til levande musikk.
Du treng ikkje danse heile tida.
Ta gjerne ein pause og sjå på dansen, lytt til musikk.
I pausen er det som regel kulturinnslag.
Om fire veker i Dale kan du sjå ein ekte flammeslukar i aksjon.
(Flammeslukaren dansar på Torsdagsdansen.)

Vil du også opptre i 5 min? Kultur. Song, dans, dikt, sjonglering, forteljing, … ?
Scena er di og du går gratis på Torsdagsdansen.

27.09.2015
Asbjørn Eikerol

Dalsfjorden Spelemannslag på scena denne kvelden.
Knut Skoghei i midten er musikalsk leiar.

Dei som vil vere med i dansen. Vi byter på så alle får danse, og alle får danse med alle.

Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk.

Peter Kåre stemmer fela si.

Fleire som ventar på å få danse.

Etter dans frå kl 20.00 – 21 er det tid for pause med litt mat og drikke, og mykje prat.

.

.

.

Menyen er enkel:
Kaffi og kringle, vatn, frukt, Mariekjeks og kanskje litt snop.

Og praten går.

På engelsk og norsk.

Visste du at:
Dans minkar stress og drepresjon. Humøret stig som du kan sjå.
Dans gjev deg meir energi og sertonin, kroppens naturlege morfin.

.

.

.

.

Her er nokre av ungane frå Flekke.
Bruno frå Ghana, Becky frå Uganda, Franco frå Uganda, Elias frå Argentina, Naty frå Costa Rica , Magna frå Island, Knut David frå Noreg og Cerdric frå Madagaskar.
Det tek til å bli mørkt ute, men med glitrande lys i glaset blir det triveleg i Trudvang.

.
_ No har vi vore rundt til UWC, Straumsnes, Flekke og Dale. Det blir ny runde. 1. okt på UWC._
.
UWC 3. september:

UWC 3. september 2015. Høegh – samfunnshuset ligg ved sjøen ved Hesteneset.

Her er nokre frå Dale med på begynnarkurs, men mange er elevar på UWC og på Flekke skule.

Vi har plass for mange fleire. Liten eller stor, alle kan vere med.

Instruktør er Knut David Hustveit. Levande musikk. Ole Håland.

.
Sjå frå UWC 3. september:
Dans for alle. Torsdagsdansen. Kurs og opplæring. Mange nye no. Bli med! HER

.

.

Vist 434 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder