Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Flekke UL. Dans i Vonheim 7. mai.

Dette var siste Torsdagsdansen denne våren.
Det vert lang sommarferie til vi startar opp att til hausten.
Hugs at alle kan vere med.
Du kan gjerne komme for å sjå på og for å lytte til musikken.

Her er heile tida somme som er nybegynnarar.
Det er ikkje farleg å gjere feil.
Det berre aukar moroa.

Ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og Skulen på Haugland, UWC, samarbeider om å organisere denne dansen kvar torsdag kveld. Dugnad.
Vi har levande musikk og instruktør.

Kva det kostar?
40 kr for vaksne. 10 kr for skule-elev, student.

13.05.2015
Asbjørn Eikerol

Programmet er dans kl 20.00
Så pause kl 21.00 med mat og prat, kaffi og vatn, og kulturinnslag.
Kulturinnslaga er heilt frivillig og du bestemmer sjølv om du vil danse, synge, fortelje, lese dikt, sjonglere, eller noko anna.
Honoraret er gratisbillett på dansen.
Kl 21.30 dansar vi vidare ein time til. Så dette kan bli god trim.

Bjørg og Asbjørn hadde pynta og dekka på i Vonheim denne kvelden.

Ole Håland og Svein Brattelid spelar.

Nokre av dansefolka på golvet.

Tid for pause.

Fire lærarar frå UWC.
Til venstre Angie Toppan som organiserer danse-elevane frå UWC.
Dei treng påmelding og buss.
Det er flott at Angie organiserer dette.
Fint for kontakten mellom elevar frå heile verda og oss innfødde.

.

.

Andreas Ramstad var danse-instruktør denne kvelden.

Takketale
Dei to ungdommane er Jakob frå Slovaka og Pil frå Danmark.
Dei hadde lyst til å halde takketale til Torsdagsdansen.
Dei har hatt mykje moro, lært om norsk kultur og blitt kjende med mange folk.

Pil og Jakob kunne dele ut gåve og takk
Andreas, Svein og Ole har fått litt takk for god innsats som spelemenn denne sesongen.
I posen har dei rømmegraut, spekeflesk og snop.
Knut David fekk også slik gåve, men var ikkje heime denne kvelden.
.
Nokre av elevane på UWC er ferdige på skulen og dreg vidare herfrå 23. mai.
Trist at dei ikkje er med oss til hausten, nokre tårer, men vi har gode minne frå kjekke dansekveldar.
.

TORSDAGSDANSEN

Luis Alves har laga ein promo for Torsdagsdansen i Fjaler, Western Norway. YouTube.
Filmsnutt frå Torsdagsdansen:
Luis Alves er frå Portugal.
Han har vore med på Torsdagsdansen og synest det er moro og han føler at han har fått god mottaking frå alle i dette miljøet.

Som takk gav han oss denne filmsnutten med litt inntrykk frå dansekveldane.
Han filma to stader: I Dale, Trudvang, og på UWC, Høeghsenteret.

.

Visste du at

.

Torsdagsdansen vekslar på å vere i Dale, på UWC, Straumsnes og Flekke.
Sist veke, 30. april, var Torsdagsdansen på Nesalandet. HER

¤¤¤
PS
Askvoll Kulturskule inviterer til 4 dansekurs 30. og 31. mai: Swing, salsa, linedance eller swing for ungdomar. laurdag, sundag . HER

Vist 235 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder