Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Laurdagsdansen i Dale. Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb.

Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb.

Dale Ungdomslag arrangerer dansekveldar i Ungdomshuset.
Dette var populært før i tida.
Vi har Trudvang, ungdomshuset, som eit veldig flott danselokale.

Så vil vi ha levande musikk.
Det blir betre drag i dansen og meir stemning.
Sist laurdag. 29. nov., var det Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb som laga god stemning.

Dei er seks musikarar.
Dei spelte heile denne kvelden, og dei fortalde at der var folk på golvet på kvar einaste dans dei spelte.
Dei var imponerte og syntest dette var moro.
Det lovar for at dei kjem tilbake over nyttår.

Litt servering var her også.
Enkel meny.

Kaffi 10,-
Kringle 20,-
Kjeks 1,-
Sjokolade 5,-
Rømmegraut, varm, 50,-
Mylse 50,-
Spekemat 30,-
Øl, brus, mineralvatn 30,- pr flaske, boks.

2.12.2014
Asbjørn Eikerol

Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb kom til Dale.

Ned trappa finn du ein liten kafe.
Her kan du ta pause frå dansen oppe i ballsalen.

.

.

.

.

Orkesteret kjem i god tid før dansen. Klokka er seks.
Dei har mykje utstyr.
Dette må berast inn på scena og monterast.
Mange kontaktar og leidningar må koblast.

Lydprøve og lydprøve.

Lydprøve og lydprøve.

Lydprøve og lydprøve.

.

Så kan orkesteret spele opp.
Klokka er halv ni.
.

No kan folk komme.
Dei første er nede i Bokkafeen.
.

Før det blir dans:
Teatersalen, amfi, kinosal må byggast om til dansesal på ettermiddagen.
Heilt bak ser du amfiet med 100 sitteplassar skubba bak til veggen.

Dette bør gå ganske kjapt.
No er det viktig med god orden og vi veit kvar alle bord, stolar og ting er.
Vi har alt på plass, så det er fort gjort å ommøblere.

.

.

.

Då vil vi ha sitteplassar og mange småbord.
Folk ynskjer gjerne å få kaffi og kringle, og noko å drikke under dansen.
.

Gunnstein Kvåle har vore rundt på alle ungdomshus i fylket, fortel han.
Kvåle er danse-entusiast og har vore mykje nytta som leiar og instruktør.
Han seier at vi har fylkets finaste ungdomshus her i Dale.

“Og at alt her får stå i fred”, seier han.

Han er også imponert over Jan og Jørgen, Jubelhornet og Jakob Sande songane som dei framfører.
Han var på Kobbeskjerkvelden i år og vart storleg imponert.
I kveld kom han frå Førde for å Danse i Trudvang.

Så har vi ballsal med stort dansegolv.
Og litt restaurant med sitteplassar.

.

.

.

.


.

Kven spelar i Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb?

Har du høyrt om Odd Gunnars, The Flintstons (Årdal), Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb, Silver Birds, Førde Trekkspelklubb?
Kanskje har du dansa til somme av desse?

Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb har samla musikantar som spelar til dans.
Dei var i Flekke 17. mai i år.
No kjem dei til Trudvang med gitar, trekkspel, keyboard, bassgitar:

Jan Atterås: Gitar. Tidlegare band: The Flintstons (Årdal), Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb,
Førde Trekkspelklubb.

Harald Tonning: Trekkspel. Hyllestad/Lavik trekkspelklubb.

Øyvind Mølmesdal: Trekkspel. Hyllestad/Lavik trekkspelklubb.

Leif Erling Løland: Gitar. Silver Birds – Odd Gunnars.

Arne Mortensbakke: Trekkspel/keyboard. Odd Gunnars.

John Otto Løseth: Bassgitar. Odd Gunnars

Velkommen til Trudvang Dansesalong i Dale frå vest og aust, sør og nord!

Meir:
Dans med Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb. HER

Vist 350 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder