Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Invitasjon til foreldra: Barnedansen. Eit tilbod ein time kvar torsdag 17.30

Du har ansvar for dine barn.
Dei kan lære og dei treng ikkje å stå utanfor.

Det er viktig for ungar å lære å danse.
Det er moro, sosialt og godt for sansar og kroppshaldning.
Dansen inkluderer alle. Dansen er god trening.

Det er lygn at du ikkje kan å lære å danse.
Barnedansen med Jan, Gunhild og Eldbjørg. Dale Ungdomslag torsdagar 17.30 Bli med!
Ledige plassar no.

Mange ungdommar, og til og med vaksne, står utanfor når musikken spelar opp til dans.
Det er synd på dei ungdommane som ikkje torer å bli med.

Rus av ymse slag kan då hjelpe til for å ha det moro, og bli inkludert.
Men det går også an å lære å danse.

Alle kan lære å danse.
Somme må øve litt meir enn andre.

Foreldra har ansvaret for opplæringa.
Danseskular, dansekurs og skulane kan hjelpe til.
Dansen i ungdomslaget kan hjelpe til.

Hugs tilbod til alle frå 6 – 12 år i Ungdomslaget. Kvar torsdag.
Sjå HER

Vi burde også ha tilbod til tenåringane også. 13+
Kan du hjelpe til med dette?

Musikk, rytme og bevegelse, dans er eit naturleg talent over heile verda.

¤¤¤

For nokre år sidan var ein svensk ekspert på ungdom med problem og vanskar, på Dale vgs.
Ho fortalde mykje om dette temaet.
Ho var så vidt innom temaet dans også:

Ho hadde ein son.
Ho forlangte ein ting av han: At han måtte gå på danseskule.
Dette kan vere eit hardt krav for mange gutar, men ho var nådelaus.

Så hende det at der var ein stor fotballcup, Gøta Cup, med unge frå mange land.
Om kvelden var der fest og dans.
Der var også jentelag frå Brasil.
Om natta kom guten heim frå fest med eit stort smil.
Det hadde vore verkeleg moro og kjekt på festen.
“Og gjett kven som kunne dansa samba!” fortalde han.

¤¤¤

5.11.2014 Dale UL
Asbjørn Eikerol

¤¤¤

Dale UL
Dale Ungdomslag og medlemene driv aktivitetar og tilbod:
Barnedansen, Sundagsdansen, Torsdagsdansen og dansekurs.
Barneteater, ungdomsteater, Meggene, Kulturkafe og songtime med Torodd, Temakkveldar i Trudvang med Liv Sandsund, teatersal i Trudvang.
Sundagskafe og Bokkafe.
Fjaler Kino.

Og Trudvang blir brukt til mange tilskipingar elles frå juleball til konsertar, dans, teater, revy, auditorium, skulekino og dansefest.
Eit kulturtilbod til alle?
Vil du vere med og hjelpe til? Vi treng fleire folk.
Har du aktivitetar som du vil få med?

Vist 121 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder