Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Fossevika kraftverk

Fossedalsfossen

Utløpet av Vikafossen i Dalsfjorden

På ny er det sendt søknad om kraftutbygging i Fossedalen og av Vikafossen. Søknaden ligg no i kø hjå NVE, saksnr. 201400336, sjå her. Planane var sist oppe på folkemøte i februar i fjor.

Som vi veit har planane om utbygging av det kjende landemerket i Dalsfjorden, Vikafossen, i tillegg til Fossedalsfossen og lagunane i Fossedalen, møtt stor motstand tidlegare. Det er vel ingen grunn til å tru at dei nye planane ikkje vil bli møtt med det same. M.a. er forlenginga av den eksisterande T-merka turløypa frå Ottersteinen til Fossevikja, og vidare til Fossedalen og Nipebu snart klar som ei følgje av Dalsfjordbrua.

Vikafossen og Fossevikja frå Dalsfjordbrua.

Lagunane og Fosselandskapet ved Elraki er igjen truga av tørrlegging

Alle foto G.Skaar

Vist 554 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Minner frå Fossedalen her (Muleg eg treng å redigere filmen litt. Skal sjå ein kveld).

Eg tok å omarbeidde filmen frå naturen i Fossedalen i går kveld og sette til musikk. Det er mogeleg at somme som bar T-skjorta til “Fossedalens Vener” forrige gong ikkje lenger er “i vår gjeng” . Den nye er difor utan folk. Den gamle filmen ligg likevel også ute som “Fossedalen minner” (ovanfor).

Vikafossen og Laukelandsfossen

Etter kva eg forstår betyr “søknad i kø” at denne ikkje er sendt ut på høyring. Og at søknaden må ut ein ny gong etter at kommunestyra i Askvoll og Fjaler, i tillegg til NVE, sa nei sist. Det er godt mogeleg at denne blir sendt ut “som ein pakke” i lag med andre søknader frå Askvoll i 2014. Som de ser ligg det fleire i same kategori som Fossevika ( – Rørvika, Bakkeelva og Hundsåna).

Som sørvendt landskapselement i Dalsfjorden, er Vikafossen viktig. Synbar som den er både frå Dale, brua og riksvegen austover. Dette er eit veldig viktig argument mot ei regulering. Sørvende fossar med utløp i fjord skal det veldig mykje til blir utbygde. I TILLEGG til dette må sjølvsagt Vikafossen sjåast i samanheng med Laukelandsfossen. Som vi veit er fossen og Storelva verna etter verneplan 3

Norges Vassdrags- og energidirektorat, NVE, har nett no liggande 117 søknader om kraftutbygging i fylket.

klipp:

Stadig fleire får nei

Det er også eit faktum at stadig fleire får avslag på søknadane sine.

– I fjor gav vi avslag til ganske mange, det nærmar seg etter kvart 50 prosent. Årsaka til det er at vi dei siste åra har gitt over 550 småkraftkonsesjonar.

– Mange av dei gode prosjekta har allereie fått klarsignal, og vi ser at konfliktnivået no har auka. Det skuldast at nokre prosjekt er dårlege og at folk i nokre område føler at det er bygd ut nok, seier Flatby.

Annonse

Nye bilder