Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Dansekurs i Dale med Målfrid Marie Bruland. 23. og 24.november. Dale UL

I Trudvang, Dale. Eikeparkett til å danse på.

Nytt kurstilbod kjem etter nyttår. Meld gjerne frå no om du vil bere med.

Julebord, juleball, nyttårsball?
Vil du øve litt meir på dansar som du kan?
Vil du lære noko nytt?
Vil du berre danse og ha det moro, trimme?

Då kan du bli med no. Dale Ungdomslag arrangerer.

Målfrid Marie Bruland har mykje erfaring med å vere danselærar.
Ho er instruktør på eit kurs “Reinlendar og andre dansar”
Det treng ikkje vere så mange deltakarar før vi får i gong kurset.

Du kan vere begynnar. Eller du kan ha lyst til å lære meir, bli sikrare.
Målfrid legg kurset opp etter kva deltakarane har bruk for.

Grunnkurs reinlendar og andre dansar.
Eit 5-timars kurs. ( 10 timar)
To timar laurdag kl 13.00
To timar sundag kl 14.00
Ein time seinare, etter avtale.
Pluss 5 timar øving i Trudvang utan lærar.

Du kan komme åleine eller saman med ein dansepartnar.
Du kan ta med ein gjeng vener.

Kursavgift: 250,- medlem NU
Ikkje medlem 350,-

Påmelding, e-post til Dale UL: Frist fredag 22.
Asbjørn Eikerol. aeikerol@hotmail.com

¤¤¤

Dansekurs i Dale?
Skal du på festival, i bryllup, på dans?
Du treng ikkje reise til byen for for å lære dansesteg.
Vi har mange danselærarar her i HAFS og Sunnfjord også.

Dale Ungdomslag vil tilby grunnkurs med dyktige instruktørar.
I vinter vert det kurs i gammaldans, swing, moderne dans,
Fleire kurs kjem.

Andre dansar er aktuelle for nye kurs:
Samba, bachata, salsa, tango, merengue, halling, springar, polka, moderne dans og mykje meir.
Har du ynskje?

¤¤¤

Har du bruk for eit grunnkurs i dans?
Eller vil du repetere og øve litt for å bli flinkare?

.

Dansegolv i Trudvang.
Treng vi meir plass, kan vi skubbe amfiet saman.

.

.

.

.

Vist 230 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder