Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Kabaret i Trudvang. Dale Ungdomslag fekk besøk av Jølstrakoret og Førde Trekkspelklubb.

Tysdag 1. oktober vart det fest i ungdomshuset.
Johannes Kleppevik-kabaret.

Johannes Kleppevik blir kalla kystens Trubadur.
Visene og songane hans lever, men mange unge kjenner ikkje så godt til han.

Jølstrakoret og Trekkspelklubben hadde sett saman eit flott program.
Inger Aasen batt dette fint saman med å fortelje om Johannes Kleppevik og miljøet omkring han.

Folka i ein fullsett sal var begeistra.
Aktørane på scena og i orkesteret var like begeistra.
Det enda med ståande applaus og ekstranummer.
Jan Haugen var ein strålande lysmeister.

Då ungdommane dansa i sidegangen, forstod Inger Aasen at det var berre å rydde stolar og bord og dansen var i gong.

Slike besøk vil vi ha fleire av.

9.10.2013
Asbjørn Eikerol

I Trudvang hadde vi laga plass til 15 musikarar framme på sida. Koret var på scena.

Amfi med plass til 100. Og framme i parkett 40 var der stolar ved småbord.

Jølstringane hadde teke med seg brisling-not og ymse maritimt utstyr heimanfrå så det vart ganske fullt på scena. Litt hadde dei fått låne i Værlandet og i Florø.

Så er kabareten i gong.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Der var ein pause i programmet. Då kunne folk bevege seg litt og få mat eller drikke.
SAFUGE hadde kafe nede.
Oppe hadde dei utsal i Kinokiosken.
Ekstra gode kaker, pizza, pølse. Brus, kaffi og meir.

Dei hadde også Kabaret-kafe ein time før framsyninga.
Dette var kjekt for oss som var der.

.

På kafe i Trudvang.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤

¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Bilete på Fjaler Origo 2. oktober:

Ståande applaus, stappfullt hus og strålande stemning i Trudvang. HER
Johannes Kleppevik – kysten sin trubadur.
Kabaret med Jølstrakoret og Førde Trekkspelklubb i Dale.

Flott program. Stemninga i stod høgt i taket.

Ungdommane frå kafeen dansa i sidegangen til songen “Oldefar, ja, da var ein grepa kar”.
Så Inger Aasen la til ekstranummer og fekk rydda i salen.
Ho synte stor forståing og godvilje for dei ivrige unge.

No fekk ungdommane danse. Somme vaksne var frampå også.
Trekkspelklubben kunne både vals, reinlender, swing og slow.

Dette vart full fest på ein tysdag kveld.

Dale Ungdomslag vil takke 45 aktørar og eit flott publikum.
Vi vil også takke SAFUGE-ungdommane som laga til mat og drikke.

Annonsering HER

¤¤¤

Meir om Johannes Kleppevik på Fjaler Origo HER

Vist 281 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder