Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Nytt treningssenter i Fjaler

Vinn månadskort på open dag!
Laurdag opnar ordførar Arve Helle treningssenteret på Dingemoen idrettspark i Dale, og du kan prøve dei nye fasilitetane same dag.

Klokka 14.00 ønskjer Helle og andre gjestar velkommen til open dag på tilbygget til Fjalerhallen på Dingemoen idrettspark. Instruktørane Linda og Bente vil presentere seg og informere om tilbodet.

Første spinningtime på toppen av det nye treningssenteret går av stabelen klokka 16.00, men det blir liv og røre på anlegget heile dagen. G10-laget får besøk frå Fyllingen, og kjem til å trene med og spele kamp mot bergensarane. Klokka 15.00 møter Dales jenter 12-lag motstand frå Florø.
Det blir sjølvsagt servering av kaffi og kaker på laurdag, og frå klokka 17.00 blir det høve til å bøte på kakeinntaket når heile treningssenteret med manualar og apparat blir tilgjengeleg for medlemmar og folk som vil ha prøvetime. Dei som har vore med på kronerullinga for treningssenteret får solid rabatt på årsmedlemsskap, og i samband med opningsseremonien blir det trekt 10 vinnarar av månadskort, sponsa av Vestbygg AS.
Open dag er eit samarbeid mellom Dingemoen Idrettspark og Dale Idrettslag.

Vist 458 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder