Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Teaterfestivalen i Fjaler. Åtte gonger på ei veke. Spennande.

På teater i Trudvang. Dale UL

I oktober blir det tid for teater i Fjaler.
4., 5., 6., og 7., oktober kjem 7 framsyninar.
Det blir nesten to drama pr dag.
Forteljingar frå utkanten
Framsyningane kjem fleire stader: Idrettsbana, Trudvang, Løa, UWC auditorium, kommunestyresalen.

Festivalnemnd er Ingrid Hansen, Miriam Prestøy Lie og Ingeborg Tysnes.

Dale Ungdomslag får besøk:
Johannes Kleppevik-program den 1. okt.
Dette programmet om Kystens Trubadur er ved Førde Trekkspel-klubb og Jølstrakoret.
Også ei forteljing frå utkanten. HER

Meir om teaterfestivalen i Fjaler frå nemnda nedanfor.

26.08.2013
Asbjørn Eikerol

¤¤¤

Informasjon

Teaterfestival i Fjaler 4.-7. oktober – Perifere forteljngar med både nasjonale og internasjonale framsyningar. Festivalpass vert snart lagt ut for sal og kan reserverast ved å sende ein epost til teaterfestivalenifjaler@gmail.com

”Perifere forteljingar” er tema når Teaterfestivalen i Fjaler går av stabelen for aller første gong 4.-7. oktober. I løpet av desse dagane vert bygda sine ulike lokale fyllt med både norsk og internasjonal scenekunst av høg kvalitet. Til festivalen kjem framsyningar om både samar og fotball, justismord og grevlingjakt, oljeindustri og volvoråning. Vi kan til og med by på ein noregspremiere; forestillinga ”Point of you” kommer direkte frå Jerusalem, før den skal spillast på Nationaltheatret til hausten.

Framysningar:

- «LINDÅS» av Erik Fauske
Lindås ligg på Vestlandet, fem mil nord for Bergen og ei mil sør for Norges største oljeraffineri – Statoil Mongstad. Det var her familien Fauske slo seg ned i 1982. Tjueto år seinare hadde de tre borna flytta ut.
I løpet av denne perioden har Norge blitt djevelsk rikt, og ein god del av inntektene har raffineriet ved Lindås, der fleire av medlemmene i familien Fauske har jobba, stått for. «Lindås» har blitt vitja fleire norske teatre, og vann i 2012 den nystarta Æddaprisen for ”beste samtidsrelevante teaterprosjekt”.

- «NOK EN SAME» av Håkon Mathias Vassvik

”Nok ein same” er noko så uvanleg som eit musikalsk dokumentarteater om kystsamane i Finnmark. Det er ein personleg og engasjerande framsyning av fettarane Håkon og Torgeir Vassvik, som kjem frå Gamvik, eit fiskevær ytst på Finnmarkskysten. Dette er ein stad der undertrykkinga av samisk kultur har vore stor sidan 1800-tallet. Men no er det ein stad der samisk identitet vert bygd på nytt.

- «POINT OF YOU» Norgespremiere !

Framsyninga ”Point of You” er resultat av eit norsk/palestinsk samarbeidsprosjekt mellom Al Ruwah Theatre Jerusalem og Nationaltheatret i Oslo. Stykke er laga gjennom to års tekstutveksling mellom nokre av dei fremste palestinske og norske scenekunstnar. Stykket handlar om to kulturar som er tiltrekt og fråstøytt av kvarandre.Den kjende palestinske filmskodespelaren Saleh Bakri og Nationaltheatrets Birgitte Larsen er skodespelarar. Framsyninga er regissert av Kai Johnsen, som bl.a. kjend for sitt langvarige samarbeid med Jon Fosse.

- “THE POWER OF GLÄSBYGD”
For nokre år sidan jobba kunstneren Thomas “Håkki” Erksson med å samle inn ”skrönor, bullshit och sanna historier” i eit prosjekt kalla Berättarboden. Denne framsyninga er eit resultat av dette. Særdeles frodige historier om å vekse opp på bygda vert servert i form av god gammeldags munnleg formidling, ein slags bygde-stand up, krydra med film og lydopptak.

- «0+0=4» av Aslak Moe og Thomas Moe
Då Thomas Bye spelte i Jens Bjørneboe sitt stykke Tilfellet Torgersen i 2007, vart han overtydd om at Torgersen vart utsett for eit justismord. To veker før premièren fekk Torgersen avslag på gjenopptaking av saka si. For å forstå avslaget slukte Thomas alt han kom over av litteratur om justismord. I framsyninga gjer Thomas djupdykk i sakene til Fritz Moen og Per Liland, og finn dei same mønstra som i Torgersensaka og Hetlesaka. Ei rekkje indisium blir slegne saman til «eit samla bevisbilde». Er det slik at vi alle kan dømmast for mord i Norge, berre vi er uheldige nok?
Forestillinga er produsert av Sogn og Fjordane teater.

- «MENSEN ERNST – LØPEKONGEN FRÅ SOGN»
Dette er den fantastiske historia om Mensen Ernst (1795-1843). Han var ein norsk sjømann og vandrar frå Fresvik i Sogn og Norges første profesjonelle idrettsutøvar. I 1819 sprang han sitt første lange løp, frå London til Portsmouth. Distansen var 116 km og han heldt ein gjennomsnittsfart på 13 km/t. Dette var opptakta til ei rekkje oppsiktsvekkande prestasjonar. Ein av dei mest kjende er Paris – Moskva, ein distanse han la bak seg på 14 dagar. I dette stykket blir vi med Mensen Ernst kring i verda der han mellom anna deltek i alt frå veddeløp til å vere postbod for hertugar.
Forestillinga er produsert av Sogn og Fjordane teater.

- «SKANSEMYREN FOTBALLKLUBB 1992-2014» med Kurt Johannessen
Fotballspelarane Kurt Johannessen, Espen Storstrand og legen/eks-fotballspelaren Arne Instebø presenterer hendingar på og utanfor fotballbana som har hatt stor betydning for den bergenske fotballklubben Skansemyren Ballklubb i perioden 1992–2014. Med utganspunkt i kaosteori viser trioen her at det ofte er dei små detaljane, som ved fyrste augekast ikkje har noko med fotball å gjere, som har mest å seie for utviklinga til SBK.

Vist 799 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder