Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 23. oktober 2012). Les mer om roperten…

Dale vgs står for fall viss Norconsult styrer politikken i fylket. Nøktern optimisme frå Dale vgs.

Dale vgs og UWC Samarbeid HER

Skulebruksplanen
Konsulentselskapet Norconsult har i dag presentert tre alternative modellar til korleis vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane kan organiserast i framtida.
Her finn du rapporten til Norconsult og ei orientering frå fylkesrådmannen.
Norconsult presenterte rapporten på ein pressekonferanse på Rica Sunnfjord Hotel i Førde kl. 12.00.

¤¤¤
Nordconsult legg fram tre modellar
Modell 1 er litt endring, medan modell 2 og 3 legg ned fleire skular:

Modell 1
Modell 1 har som hovudmål å gjere skule- og tilbodsstrukturen meir robust
samtidig som ein vekter nærleik til heimstaden for alle elevar og behovet for ein
desentralisert skulestruktur svært høgt. I modell 1 er talet skular redusert frå 13
til 10. Gjennomsnittleg skulestorleik i denne modellen er 393 elevar i 2016/17
og 377 elevar i 2024/25. Det økonomiske innsparingspotensialet er langt mindre
i denne modellen enn i modell 2 og 3, både med tanke på fordeling av
utdanningsprogram/behov for gruppedeling og innsparing på drift av bygg.

Hovudgrep i alternativet:
· Luster vgs vert lagt ned.
· Høyanger vgs vert lagt ned.
· Mo og Jølster vgs avdeling Jølster vert lagt ned. Mo og Øyrane vert
slått saman, slik at Mo vert ei avdeling under Øyrane vgs.

Modell 2
Modell 2 har som hovudmål å auke storleiken på fagmiljø samtidig som ein held
fram med å ha ein relativt desentralisert skulestruktur. Talet skular i kvar region
vert redusert, men kvar region vil framleis ha fleire skular. I modell 2 er talet
skular redusert frå 13 til 8. Gjennomsnittleg skulestorleik i denne modellen er

492 elevar i 2016/17 og 471 elevar i 2024/25. Økonomisk er
innsparingspotensialet i denne modellen større enn i modell 1.

Hovudgrep i alternativet:
· Luster vgs vert lagt ned.
· Høyanger vgs vert lagt ned.
· Dale vgs vert lagt ned.
· Stryn vgs vert lagt ned.
· Mo og Jølster vgs avdeling Jølster vert lagt ned. Mo og Øyrane vert
slått saman, slik at Mo er ei avdeling under Øyrane vgs

Modell 3
Modell 3 har som hovudmål å auke storleiken på fagmiljøa og skulane, og på
den måten sikre robuste einingar og fagmiljø. Dette vil bidra til å skape betre
økonomisk handlingsrom, jf. arbeidsdokument 3. Talet skular redusert frå 13 til
6. Gjennomsnittleg skulestorleik i denne modellen er 658 elevar i 2016/17 og
628 elevar i 2024/25. Økonomisk er innsparingspotensialet i denne modellen
større enn i modell 1 og 2.

Behovet for ein desentralisert skulestruktur vert vekta lågt. To av skulane vil
likevel få avdelingar som ligg eit stykke frå hovudskulen, grunna spesialareal og
kompetansemiljø som det ikkje er ønskeleg/mogeleg å flytte på.

Hovudgrep i alternativet:
· Årdal vgs vert lagt ned.
· Luster vgs vert lagt ned.
· Høyanger vgs vert lagt ned.
· Dale vgs vert lagt ned
· Stryn vgs vert lagt ned.
· Mo og Jølster vgs avdeling Jølster vert lagt ned. Mo og Øyrane vert
slått saman, slik at Mo er ei avdeling under Øyrane vgs.
· Tilboda på Måløy vgs vert reduserte og skulen vert lagt inn som ei
avdeling under Eid vgs.

¤¤¤

Fylkesrådmann Tore Eriksen orienterte på pressekonferansen om bakgrunnen for, og det vidare arbeidet med, skulebruksplanen.

Presentasjonen til fylkesrådmannen HER

¤¤¤

Rapporten til Norconsult:
Modellar for organisering av vidaregåande opplæring

Sjå også kommentarar i media:

NRK HER

Firda HER

¤¤¤

23.10.2012
Asbjørn Eikerol

¤¤¤

Frå Dale vgs:
Tre modellar for vidaregåande opplæring i framtida
Konsulentselskapet Norconsult har lagt fram tre alternative modellar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane i framtida. Sett frå Dale vidaregåande skule er det grunn til nøktern optimisme sidan skulen vår etter modell 1 vert oppretthalden omtrent som no. Men det er fylkestinget som bestemmer korleis den framtidige skulestrukturen skal vere, og det blir heilt sikkert ein hard politisk kamp fram til avgjerda i fylkestinget i juni neste år. Nedanfor finn du rapporten til Norconsult og ei orientering frå fylkesrådmannen.

Dale vgs Rune Dale 24.10.2012

¤¤¤

*Vil ikkje endre noko som helst på skulestrukturen
Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) som består av ordførarane frå Naustdal, Gaular, Førde, Flora og Jølster, la fram si fråsegn om skulestrukturen i Sunnfjord fredag
Sjå NRK HER

¤¤¤

- Elevane skal få bu heime
Difor vil SIS behalde skulestrukturen i Sunnfjord.
Sjå FIRDA HER
3.02.2012
¤¤¤

Vist 309 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

- Vil gå ut over alt i Høyanger
Elevar reagerer sterkt på skulekutt-rapportane.
- Ei nedleggjing vil råke famliane våre, søskena våre, heile Høyanger. Dette kom heilt uventa.

Det seier elevane Åsa Stedje (17) og Ingrid Ulvestad (17), etter at rektor Ottar Hjetland i går informerte om Norconsult-rapporten, med konklusjon om at Høyanger vidaregåande skule bør leggjast ned. Begge er dei frå Høyanger, og dei to jentene ser forslaga som vanskeleg å fatte.

Sjå Firda her

Den vidaregåande skulen i Årdal er så viktig for kommunen at det ikkje er mogeleg å legge den ned, meiner ordførar Arild Ingar Lægreid.

– Den vidaregåande skulen i Årdal er ein så viktig institusjon i lokalsamfunnet at eg trur ikkje det er mogeleg å legge han ned. Eg er trygg på at Sogn og Fjordane Arbeidarparti og fylkespolitikarane ikkje vil går til så drastiske tiltak.
Sjå NRK HER

Det NorConsult ikke har tenkt over er at en gang i fremtida vil tallet på elever gå kraftig opp, og når det gjør, hva skal skje da? I Firda i dag sto det elevtallene fra hver enkel kommune i Sogn og Fjordane, og jeg ser de bruker 2016 som eksempel, spørsmål: Hvordan i all verden vet de hva elevtallene blir i 2016?! For alt vi vet kan flere folk flytte til fylket innen den tid, og da går elevtallet opp, men jeg ser ingen plasser i rapporten som henviser til noe mulighet til det.

Jeg var utrolig skuffet når jeg leste denne rapporten, jeg hadde håpet på mer som “Her er situasjonen, sånn ønsker vi det i fremtida, her er planen” men ingen av delene ble nevnt, de går etter statistikker, og de er så upresise og uforutsigbare som TV2 Værmeldinga, det går opp og ned, de kan være rett, de kan være feil, og det har ikke NorConsult tatt opp i sin rapport, ikke engang drøftet, virker det som, om hva de skal gjøre når skolene allerede er fylt opp, når elevtallet vokser og det ikke er plass, skal de sende folk ut av fylket? Håper de er klar over at de nærmer seg faretruende tvangsflytting her.

Framtida.no:
Fryktar auka fråfall

Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane meiner at ingen av alternativa i rapporten fra Norconsult er gode nok for elevane i fylket.

Me risikerer at fleire må flytta på hybel, og dermed ei auka i elevar som fell frå vidaregåande opplæring, seier Anna Sleppen, leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane.

Anna Sleppen, leiar i elevorgansisasjonen i Sogn og Fjordane. Foto: Pressefoto

Drastiske kutt
I rapporten om skulestruktur som Norconsult la fram tysdag viser dei til tre ulike modellar for korleis strukturen i fylket kan bli i framtida. Alle modellane legg opp til drastiske kutt.

– Dette er radikale forslag, seier Anna Sleppen.

Ho er bekymra for at desse tiltaka kan føre til at fleire elevar må flytta på hybel for å kunne få den utdanninga dei ønskjer seg.

– Det vil føra til at ungdom må flytte lengre vekk frå familie og venekrets, og bu åleine i svært ung alder, fortel ho.

Fryktar fråfall
Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er klare på at det må leggjast til rette for ein desentralisert struktur som let elevane gå på skule i sitt nærområde. Representantar for elevråda i fylket har i møter med Elevorganisasjonen gjeve klart uttrykk om at dei ønskjer ein struktur der elevane kan få den utdanninga dei ønskjer utan å måtte flytta på hybel.

– Det er viktig at elevane ikkje må reise langt heimefrå for å gå på skule. Konsekvensane av å flytte på hybel i så ung alder kan vere mistrivsel, mangel på motivasjon, og økonomiske problem, som etter kvart kan føre til auka fråfall i vidaregåande opplæring, seier Sleppen.

Spente
Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er spent på kva fylkespolitikarane kjem til å bestemme seg for når saka skal behandlast i juni neste år.

– Me ser fram til gode diskusjonar med politikarane, og håpar at elevanes omsyn veg tyngst, avsluttar Sleppen.

Oppdatert: onsdag 24. oktober 2012 18.49

Sjå Framtida.no HER

Så mykje kostar kvar elevplass

DYRE SKULEPLASSAR: I Sogn og Fjordane kostar kvar elevplass i snitt 154 000 kroner. Dette er over landsnittet. Det er store skilnader mellom skulane. Sogndal vgs (tv) kostar 118 000 per elev, Hafstad (midten) kostar 83 000 kroner og Dale 153 000 kroner.

Sogn og Fjordane har med sine 13 vidaregåande skular ein kostbar skulestruktur. Medan gjennomsnittseleven i fylket kostar 154 000, er snittprisen 131 000 på landsplan.

Fleire av dei minste vidaregåande skulane i fylket er svært kostbare i drift. Medan Høyanger kostar 168 000 kroner per elev, kostar den vidaregåande skulen på Eid 112 000 per elev.

- VI MÅ TA GREP: Alfred Bjørlo seier at skulestrukturen må slankast.

Konsulentselskapet Norconsult fekk i oppgåve å sjå på strukturen for den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. I ein rapport som nettopp blei lagt fram, føreslår dei å leggje ned fleire av dei 13 vidaregåande skulane i fylket.

Alfred Bjørlo som er Venstre-politikar og medlem i opplæringsutvalet, seier at skulestrukturen må slankast.

– Det at vi må leggje oss i selen for å få mest mogleg undervisning per krone, og gjere dei naudsynte grep for å klare det, er noko alle partia må ta innover seg, seier han.

Skule

Rekneskap (milionar kr)

Elevar

Kostnader per elev

Luster vgs

19,7

119

166 000 *

Sogndal vgs

87,8

742

118 000

Høyanger vgs

26,7

159

168 000

Mo og Jølster vgs

35,7

210

170 000 *

Øyrane vgs

65,2

330

198 000 *

Hafstad vgs.

36,5

441

83 000 **

Dale vgs.

24,5

160

153 000

Flora vgs.

63,3

522

121 000

Årdal vgs.

29,3

200

147 000

Firda vgs.

49,9

371

135 000

Stryn vgs.

38,0

277

137 000

Eid vgs.

40,2

359

112 000

Måløy vgs.

47,6

346

138 000

  • Desse skulane er reine yrkesfag-skular. ** Denne skulen er rein allmennfag-skule. Dei andre skulane på lista har både allmennfag og yrkesfag.

Vedgår at noko må gjerast

GÅR FOR ENDRINGAR: Norvall Nøringset er klar på at noko må gjerast i forhold til økonomien.

Av samanliknbare skular i Sogn og Fjordane, der det både er studiespesialisering og yrkesfag, har Høyanger vidaregåande dei høgaste kostnadene med 168.000 per elev. To andre små skular, Dale og Årdal, kjem på plassane bak.

Eid og Sogndal er det billegaste skulen. Norvall Nøringset er SV-politikar og leiar i opplæringsutvalet vedgår at skulestrukturen må endrast.

– Vi må gjere noko i forhold til økonomi. Greier vi ikkje det, vil mange av skulane få problem uansett, seier Nøringset.

– Det betyr at fleire skular må leggjast ned?

– Når vi manglar 600 elevar, greier vi ikkje drive den vidaregåande skulen på same måte som før. Og når vi i tillegg manglar 90 millionar kroner i 2020, er det klart at noko må gjerast, seier Nøringset.

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar i Sogn og Fjordane. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Konsulentselskapet Norconsult har kome med tre modellar for korleis framtidig skulestruktur kan bli. I den mest ytterleggåande modellen skal sju av dei 13 skulane bort. Det er ei kjend sak at dei minste skulane er dei mest kostbare i drift, seier Nøringset.

– Det å drive små einingar kostar meir enn å drive store når kostnadene blir delte ut per elev.

Ventar mange diskusjonar

Fylkestinget skal ta den endelege avgjerda i juni neste år. Før den tid må ein rekne med mange oppheita debattar og kryssande argument for og mot nedlegging.

Statistikken viser at dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er små. Medan gjennomsnittsskulen i fylket har om lag 320 elevar, er det gjennomsnittleg 520 elevar per skule på landsplan.

AVVENTAR: Noralv Distad vil ikkje låse seg til ein konklusjon enno.

Også Noralv Distad, medlem i opplæringsutvalet for Høgre, vedgår at det må gjerast viktige strukturgrep. Men kor mange skular som må slankast vekk, vil han ikkje seie noko om no.

– Det ville vere heilt feil å gå ut no å låse seg til ein konklusjon. No skal den naudsynte vurderinga takast, og så får vi sjå resultatet blir deretter, seier Distad.

– Må ikkje berre sjå på økonomi

TYKKJER DET BLIR FEIL: Gunn Åmdal Mongstad seier ein ikkje berre kan sjå på økonomi.

Gunn Åmdal Mongstad, medlem i opplæringsutvalet for Senterpartiet, meiner det ikkje er opplaget at nokon av dei 13 skulane må leggjast ned. Ho meiner dette må vurderast nøye og at det blir feil å ha fokus på kostnadene.

– I dette fylket er det mange andre ting som betyr mykje. Det er nærleik, kvalitet og kva slags tilbod vi skal ha. Vi må også sjå på kor mange som må bu på hybel og kva slags rolle skulen har i regionen sin. Difor tykkjer eg det blir feil å trekkje ut kostnadene per elev som det er gjort her, seier ho.

Alfred Bjørlo seier det kjem til å bli ei vanskeleg å avgjere kor mange skular som må leggjast ned.

– Det er mange openberre fordelar med å samle undervisninga på færre skular, men det er også nokre viktige problematiske sider ved dette. Dette blir vanskelege politiske avvegingar, seier han.

Frå NRK HER

Tek skulestandpunkt først om eit halvt år
Fylkesrådmannen vil vente på konsekvensutgreiing og høyring.

Fylkesrådmann Tore Eriksen kjem ikkje til å ta stilling til den framtidige organiseringa av dei vidaregåande skulane, før etter at dei føreslegne alternativa er konsekvensutgreidde og har vore ute på brei høyring.

Mai?

Det kan bety at fylkeadministrasjonen ikkje vil kome til å nærme seg eit standpunkt før i mai neste år. I eit arbeidsdokument som blir lagt fram for det fylkeskommunale planutvalet 7. november, foreslår fylkesrådmannen å setje 26. april 2013 som høyringsfrist for skulebruksplanen.

Norconsult as la i førre veke fram ein rapport med tre alternative modellar for korleis den vidaregåande skulen i fylket skal kunne tilpassast fallande elevtal og trongare økonomi framover mot 2024.

Dramatiske kuttframlegg

Modellane legg opp til å kutte høvesvis tre, fem eller sju skular. Den mest ytterleggåande modellen vil – om den blir vedteken – føre til nedlegging av skulane i Årdal, Luster, Høyanger, Dale, Stryn og Mo/Jølster-avdelinga på Vassenden. Avdelinga på Mo blir ei avdeling under Øyrane vgs, medan Måløy vgs blir redusert til ei avdeling under Eid vgs.

Skulane i Luster og Høyanger, og Mo/Jølster avd. Jølster blir føreslege lagt ned i alle dei tre alternativa Norconsult har presentert.

Konsulentselskapets tilrådingar har ført til sterke rekasjonar ved skulane det gjeld og i kommunane som blir råka.

Pengar, fag og personell

Fylkesrådmannen legg no fram ei tilråding for planutvalet om at alle dei tre modellane skal konsekvensutgreiast. Dette skal gjelde økonomiske konsekvensar, personalmessige konsekvensar, konsekvensane for fagmiljø, læringsmiljø og kvaliteten på opplæringa, pluss konsekvensar for brukarane.

I tillegg, ønskjer fylkesrådmannen at det skal gjerast vurderingar i forhold til «utdanningssentra», samarbeid med primærkommunane, nettundervisning, påverknad på lokalsamfunna og IB-tilbod i samarbeid med UWC, går det fram av tilrådinga.

Den endelege behandlinga av skulebruksplanen skal skje i Fylkestinget i juni neste år.

Frå Firda HER

– Lat ungdomane få bu heime lengst mogleg

SKEPTISKE: Lensmennene Åge Løseth og Jan Egil Tvinde vonar at ungdomane kan bu heime så lenge som råd er.

Fleire vidaregåande elevar på hybel vil gje politiet meir arbeid. Lat ungdomane bu heime så lenge som råd er, meiner lensmennene i Førde og Sogndal.
Skulenedlegging kan føre til fleire hundre nye hybelbuarar her i fylket.

I dag bur 148 i dag elevar på hybel i Førde. Men det kan bli langt fleire. Ein konsulentrapport tinga av fylkeskommunen tilrår å leggje ned inntil sju av dagens 13 vidaregåande skular i fylket.

Blir Høyanger og Dale lagt ned, har inntil 400 nye elevar Førde som nærmaste skulestad.

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, meiner at om fleire må på hybel, så betyr det også fleire i risikosona.

Sjå meir i Firda HER

Frp med eigen skulemodell – Firda vidaregåande skule kan bli lagt ned:

FJERDE FORSLAG: Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik har laga eit fjerde modellforslag til korleis den framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane skal vere.

Frp har no laga sitt eige forslag til korleis skulestrukturen i fylket skal vere i framtida. Der blir dei vidaregåande skulane Dale, Luster og Firda føreslått nedlagde.

Les heile i NRK HER

Over halvparten av av dei som byrjar på yrkesretta utdanning her i fylket byrjar ikkje som lærlingar.
Mange går over til anna utdanning, men mange droppar også heilt ut og tek seg eit kvileår.

Sjå nrk her

Men elevtalet gløymde dei

Helge Johnsen
Publisert 02.11.2012 kl 07:40 Oppdatert 02.11.2012 kl 07:46

Tysdag 23. oktober 2012 sit tause og smått sjokkerte fylkespolitikarar på Rica Sunnfjord Hotell og blar i rapporten som foreslår nedlegging av kanskje opptil sju vidaregåande skular. Eit så dramatisk grep må til for å møte eit venta fall i elevtalet på 900 elevar fram mot 2020–2024, meiner konsulentane fylkeskommunen har hyra inn for å foreslå løysingar. Norconsult as presenterer ei nedleggings- og samanslåingsliste med eit omfang ingen av politikarane hadde sett føre seg, og som omfattar også moderne og nyopprusta skular som Stryn vgs.

To år har gått, sidan opplæringspolitikarane starta arbeidet med å finne ei ny skuleorganisering. Dåverande utvalsleiar Arne Hovland (Ap) varsla endringar i årdølsk klartekst – før fylkespolitikarane gjekk inn i fjorårets valkamp, og stort sett berre Frp og SV sa rett ut at skulestrukturen umogleg kan vare ved.

Men allereie for åtte år sidan kunne prognosane for elevtalet fram mot 2020 lesast ut av fødselstala i Sogn og Fjordane. Nedgangen i årskulla som no vil gi eit elevtals-ras, stod svart på kvitt i statistisk materiale i 2004. Den vart aldri nemnd politisk, og skulestrukturen var heilag.

TYSDAG 30. oktober 2004 er fylkesutvalet samla i fylkeshuset på Hermansverk, og skal vedta investeringsplanen for bygg, anlegg og utstyr. Skular i alle deler av fylket skrik etter moderniseringar, og veg- og kulturprosjekt står i kø. I Sogndal blir det arbeidd for å få fylkeskommunen med på det store – og dyre – vinn-vinn prosjektet der fotball og opplæring skal gå opp i ei høgare eining på Campus Fosshaugane – arenaen til fotballaget mange fylkestoppar ser på som vinnarsymbol og reklameplakat for heile fylket.

NOKRE dagar før fylkesutvalsmøtet, sit eg og funderer på om resten av fylket vil finne seg i at Campus Fosshaugane truleg vil setje andre skulemoderniseringar på vent. Dermed ringer eg den ordføraren i Nordfjord som eg reknar med vil vere mest på vakt, men han seier at han ikkje ser problemet. Eg ringer ikkje fleire, for reagerer ikkje denne ordføraren, reagerer ingen. Men dagen etter, bankar ein kollega på kontordøra mi og seier han har fått telefon frå Rolf Navarsete i Sogndal, som lurer på kva Helge Johnsen driv og nasar etter.

FYLKESUTVALSMØTET endar som ein stor byggefest, med ja til kulturprosjekt og Brandangersundbru, idrettshallen i Florø, modernisering av Stryn vg. skule, Eid vgs./Opera Nordfjord, Firda vgs./Trivselshagen – og med løyvingar og tunge tverrpolitiske framtidslovnader til Fosshaugane Campus. Finansieringa? Framtidige venta kraft-inntekter frå SFE og Fjord1, og 300 millionar kroner meir i låneopptak enn fylkesrådmannen hadde lagt opp til. Stemninga er løfta, gruppeleiarane stiller opp med breie smil og let seg fotografere, og Venstres Liv Henjum feirar med å ta seg eit eple.

FYLKESKOMMUNAL prioritering i Sogn og Fjordane er å gi til alle, elles blir det bråk. No kjem strukturdebatten fylkespolitikarane har skuva føre seg, med full tyngd. Den burde vore teken for lenge sidan. Men dette er fylket med lang tradisjon for å bygge først og deretter diskutere kva ein skal legge ned, og der ein bygger skular utan å sjå på elevtalet.

Sjå Firda HER

No skal dei stake ut kursen

SAMLA: Planutvalet i fylkeskommunen er onsdag føremiddag samla for å diskutere korleis dei skal jobbe vidare med den framtidige strukturen for dei vidaregåande skulane.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide/NRK

.
Skuledebatten rasar nett no i Sogn og Fjordane. Politikarane veit at dei er nøydde til å gjere noko med skulestrukturen, og i dag møttest planutvalet for å diskutere det vidare arbeidet.

I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep. Konsulentfirmaet Norconsult har laga tre modellar der det blir føreslått å leggje ned mellom tre og sju skular. I tillegg har Frp lagt fram sin eigen modell for kutt.

Sjå heile NRK HER

Innlegg i Firda frå Brynjar Takle:

MOR !!! Eg vil heimatt!
Med 22 års fartstid i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane må eg seie eg vert både undrande og arg når eg ser kva framtid som vert skissert for vidaregåande opplæring her i fylket. I ei tid der det vert diskutert kva som kan gjerast for å få fleir ungdomar til å fullføre ei vidaregåande utdanning vert det no lansert ein plan som heilt sikkert vil føre til at endå fleire sluttar. Ved å legge ned skular og sende fleire, delvis umodne, elevar på hybel vil det føre til at endå fleire sluttar. Og politi i fylket har alt no signalisert, at dersom nokre skulesenter skal få få den auke i hybelbuande elevar som dette vil medføre så må dei ha fleire tilsette i etaten. Eg er sikker på at dei har rett, og ansvarlege politikarar kan ikkje sjå bort frå dette.

Om nedlegging av skular er planlagt for å verne kroner og kronekapital så er det i alle fall ikkje noko
vern for den mest verdifulle kapital dette landet har, nemleg ungdomen. Utan ein vel ivareteken og oppegåande ungdom er løpet køyrt for både fylket og landet. Og det er ikkje politiet si oppgåve å ta seg av dei før det har gått gale, men det er hakket for seint. Kor mykje av dei kronene som vert spart på skulenedlegging som seinare må overførast til andre budsjett kan vi berre spekulere på, inntil ein vaksen politikar ber om ei konsulentutgreiing om akkurat dette. Kan hende vi då får på bordet tal som syner at nedlegging av skular er eit tapsprosjekt, også kronemessig.

Kor mange ungdomar skal vi ha gåande varig arbeidslause, på attføring, rehabilitering? Kor mange nye stillingar treng ordensmakta, helse- og omsorgssektoren? Kor mykje gråt og skriking skal vi ha i heimar der foreldre hjelpelause ser at gullungen deira hamnar på ville vegar i eit uoversiktleg skule- og hybelmiljø. Kor mange skal få framtida si bestemt av ein ”ungdomsklubb” i baksetet på ein shabby bil halvfull av tomme ølboksar? Kor mange vil trenge ein motiverande omsorgsperson for å komme seg på skulen kvar dag? Kva er den reelle årsaka til at elevar sluttar på vidaregåande? Kor mange bussar skal til for å transportere eit lite tusentals elevar heim frå desse hybelsentera kvar fredag, og attende kvar sundag? Har kosthald og kvile nokon innverknad på ein elev sine prestasjonar? Korleis vert stipendutgiftene for Staten påverka av ei slik samling hubelbuarar, og korleis vil prisane i hybelmarkedet bli påverka?

Slutt å tru at med større einingar vert det eit betre fagmiljø for lærarane som vil komme elevane til nytte. Det er ingen ting som eintydig viser at store skular leverar betre resultat enn mindre skular. Det er heller ikkje nokon grunn til å meine at det er lærarane som er pådrivarar for større skular. Den gode pedagogen rettar blikket nedover til elevane sitt kunnskapsnivå og finn feste der for fagleg påfyll, ikkje oppover og utover for vise kor flink han er.

Eg skulle gjerne sett totalkostnaden med den skuleraseringa som no er vorte eit påtrengande tema, og eg ynskjer ikkje berre eit kronebeløp åleine, men også menneskelege omsyn og konsekvensar. Ein politikar skal i det minste gjere sine vedtak i aktsam god tru.

Å leike med ungdomen si framtid er det mest vitlause som finnast, og dersom landet vårt er så skamfare økonomisk at det er ei tenkt løysinga så får vi ”grave oss ned i tide” .

”Kunnskap skal styra rike og land, og yrke skal båten bera”.

Brynjar Takle

Vidaregåande skular og samfunnsøkonomi

Nærings- og samfunnslivet i HAFS-regionen ønskjer vi alle å utvikle vidare, blant anna ved å sørge for at ungdomen som reiser ut for å studere etter vidaregåande, kan kome heim igjen og både finne arbeid og skuleplass for ungane sine. Kven vil busetje seg i HAFS, dersom dei veit at ungane allereie som 16-åringar må vekk på skule? Då blir bygdene i HAFS tømt for ungdomar i alderen 16-19 år.

Kven skal då vere ekstrahjelp på nærbutikken og på sjukeheimen? Dette kan vi ikkje finne oss i. Eg oppmodar alle HAFS-innbyggjarar om å vise si støtte til den vidaregåande skulen i Dale!!

Nina Yndestad, leiar Fjaler AP

Les heile på Fjaler Origo HER

Krev ny vurdering av planen for dei vidaregåande skulane

Politikarane i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord krev at det vert gjort store endingar når politikarane får planen for dei vidaregåande skulane til vurdering.

Publisert i går, kl. 22.03. Oppdatert i går, kl. 22.03.

Det vekte stor merksemd då firmaet Norconsult la fram sitt forslag til ny struktur for dei vidaregåande skulane i fylket.

No krev formannskapa i dei såkalla HAFS-kommunane (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen) at desse kommunane vert vurdert som ein sjølvstendig region i det vidare arbeidet med skuleplanane.
•LES OGSÅ: Fryktar støy i skulekutt-saka
•LES OGSÅ: – Eg synes det er kjempetrist

– Reiseavstandar

– Grunnane til dette er nesten sjølvforklarande, og særs relevante for strukturen for framtidas vidaregåande skular i fylket – nemleg geografi og reiseavstandar. Sjølv om regionen har minst folketal er dei interne reiseavstandane mellom sentra og kommunar større her enn dei fleste andre stader i fylket, sler HAFS-kommunane fast.

Særleg ønskjer dei å få større fokus på å oppretthalde den vidaregåande skulen i Dale, som vert føreslege nedlagt i den såkalla modell 2 i forslaget.

Krev ny vurdering

HAFS-politikarane krev difor at modell 2 vert utgreidd med oppretthalding av Dale Vidaregåande skule som ein premiss i modellen, heiter det i ei felles fråsegn frå alle HAFS-kommunane.

Formannskapa i HAFS krev også at ein vurderer dei samla samfunns- og brukarkonsekvensane av å fjerne Hordalandsavtalen og leggje ned Austrheim vidaregåande, Høyanger vidaregåande og Dale vidaregåande samstundes.
LES OGSÅ: Så mykje kostar kvar elevplass
LES OGSÅ: – Ytre-Sogn treng Hordalandsavtalen

Sjå heile på NRK HER

Sp: – Nedlegging tvingar seg fram

Sogn og Fjordane er det fylket i landet med færrast elevar per vidaregåande skule. Senterpartitoppen Jenny Følling slår no fast at politikarane ikkje kjem utanom å kutte i talet på skular.

Debatten om den framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane rasar no for fullt. Elevtalet går ned, og fylkespolitikarane får mindre pengar å bruke på den vidaregåande skulen. Dermed må dei ta grep.

Med 320 elevar per skule er Sogn og Fjordane allereie det fylket med færrast elevar per skule, og no vil talet på elevar altså gå ytterlegare ned.

Det er føreslått tre modellar til skulekutt, og allereie før ein har byrja sjå på konsekvensane av kutta seier fylkesvaraordføraren Jenny Følling at skular må vekk.

– Dagens skulestruktur vil ikkje kunne gjennomførast innanfor dei økonomiske rammene vi får til å drive skulane.

– Vi vil heller ikkje kunne halde oppe den faglege kvaliteten, seier Følling.
•LES OGSÅ: 40 000 kvadratmeter for mykje
•LES OGSÅ: Så mykje kostar kvar elevplass

Mellom tre og sju skular kan forsvinne

Det er i dag 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Men dei komande åra vil elevtalet gå kraftig ned, og i perioden fram til 2024 er det venta at nedgongen vil vere mellom 400 og 600 elevar.

Les heile NRK HER

Samarbeid kan berge skulane

Eit sterkt samarbeid mellom vertskommunane og fylkeskommunen kan berge dei vidaregåande skulane, meiner ordførar Petter Sortland i Høyanger.

– Eg er heilt overtydd om at vi skal berge skulen. Noko anna ville vere ei fallitterklæring.

Høyanger jobbar med ein utvida modell der kommunen og fylkeskommunen samarbeider om lærekrefter og kostnadar ved skuledrift. Det må dei andre kommunane lære av, meiner Sortland.

Ordføraren i Høyanger har altså håp om at eit slikt samarbeid kan berge Høyanger vidaregåande skule, men faktum er framleis at sju av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er truga av nedlegging.

Og alle dei tre modellane til Norconsult har framlegg om å legge ned skulen i Høyanger. Men samstundes har skulen og kommunen altså jobba for å få til ei ny form for samarbeid som kan få ned kostnadene.

– Berginga for alle skulane

Petter Sortland (Ap) trur eit slikt samarbeid er redninga for alle dei vidaregåande skulane i fylket.

Les heile i NRK HER

Næringslivet i Stryn seier det er totalt uaktuelt at Stryn vidaregåande skule blir lagt ned.

– Totalt uaktuelt

Stryn vil som dei fleste andre kommunar som har ein vidaregåande skule, kjempe med nebb og klør for å behalda skulen i sin kommune.

– Me i Stryn er kjende for å utvikle eit sterkt næringsliv. Både innanfor fylket, og også på landsbasis, er me kjend for å ha mange sterke bedrifter og sterke merkevarer, seier bedriftsleiar Arild Bødal.
•LES OGSÅ: Fryktar støy i skulekutt-saka

– Me kjem aldri til å sitja i ro og sjå på at eit scenario slik Norconsult sin rapport peikar på, bli ein realitet. Det kan både fylkeskommunen, politikarar og innbyggjarar merke seg: det er totalt uaktuelt.

Han seier det handlar om å vise kor viktig ein desentralisert skulestruktur i Sogn og Fjordane er for å vidareutvikla fylket.
Sjå heile HER

Annonse

Nye bilder