Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Allmuen i Dale. Kurt Soltveit og Torodd Fagerheim. Og så kom Sildakongen.

Kulturprogarm laurdagar kl 12. I dag kom ei solid regnbyge, men der det er hjarterom er der husrom, så vi kunne redde oss under tak inne på Allmuen.

Kurt Soltveit og Torodd Fagerheim hadde førebudd allsongar og dikt. Jakob Sande- program.
Torodd Fagerheim kjenner vi i Dale, Jakob Sande-tolkar, trekkspelar, musikar og lærar. Kurt Soltveit er også lærar, avdelingsleiar for musikk, dans og drama på Ski vgs.

Og så dukka her opp ein kar frå Haugesund. Det var Sildakongen som nett hadde besøkt Jakob Sande-tunet. Han er også entertainer, gründer, kaptein og meir. Så han ville også bli med på Kulturscene. Det er kjekt med alle som kan bidra med litt kultur, liv og moro.

“Sildakonge og sjøoffiser:
Sildakongen Arvid Otto Mørch, kjend som sjømann, industribyggar og folketalar. Han fortel om sals- og propagandaministeriet, handel- og sjøfart og sper på med eigne dikt og “sjørøvarhistorier” frå sitt sjeldne opplevelsesrike liv på sjø og land."

Sjå Arvid Otto Mørch Sildakongen HER

21.07.2012
Asbjørn Eikerol

Kurt Soltveit og Torodd Fagerheim

Mange kom til Allmuen

.

Kva er Allmuen?
“Ein sjarmerande kafé midt i Dale sentrum som opna 17.mars 2011. Vi har ein interiøravdeling i kafèen vår der vi sel flotte ting frå blandt anna Bloomingville, Chic Antique, PB Home og Design By Us, Nina Design.” Sjå meir HER

Kurt Soltveit hadde laga til eit songhefte.

Allsong.

.

Sildakongen hadde veldig mykje å fortelje.

Det handla om kunst og kultur.

Han sette Jakob Sande umåteleg høgt som kunstnar.
Difor var Sildakongen her i Dale i dag for å bli kjend med heimbygda hans og sjå
Dalsfjorden og den natur og miljø diktaren vaks opp i.

Han har reist mykje i vide verda.

Han har vore i Roma og Peterskyrkja, Washington DC, hos sjeiken i Quartar, og så vidare.
Men aldri hadde han følt så mykje kultur og ånd som på denne vesle kafèen i Dale

Det var ein god attest for dei to som stod for programmet og alle som var med på Allmuen.

.

Etter Sildakongen sitt program vart det litt meir Jakob Sande-songar.

Takk til alle artistane!

Syng med Sande
Morgon på Kobbeskjeret
Stubb. Eg vil gifte meg med Brita i Bu,
Fabel. Gåsa, katten og hanen var leie av livet her.
Da Daniel drog.
Daniel Davidson. Gjennom sjøgang og storm på Biscaia.

Kurt og Torodd fekk opp stemninga med desse songane.
Men så fekk dei kaffi og skillingsbolle frå Allmuen.

Btw visste du at
“Sidan oppstarten 17. mars i fjor, har vi solgt nesten 9000 (!) Allmuen-bakte skillingsbollar, dèt tyder vel på at dei er er ein “hit”! :) Dei er ferdige i ellvetida kvar dag og vi har ope til klokka 15 i dag om du òg vil ta deg ein! ♥"
.

Fabel
Fra Korn og klunger 1950 (Jakob Sande)
Påskecabaret på Kystmuseet i Sør-Trøndelag 2010
.

TIL” is written by Annbjørg Lien and Bjørn Ole Rasch from the album “Khoom Loy” by Annbjørg Lien. Lyrics by Jakob Sande. Produced by Bjørn Ole Rasch. Recorded and mixed by Roald Råsberg at Kongshavn Studios for Grappa Records 2012.

.
.

Go’ Maten UB – Sildakaka
.

Sild kongen- Noregs herligaste, med Ylvis.

¤¤¤

*Vil du vere med og lage litt show i Fjaler?
Jantelova gjeld ikkje så berre kom!
Sjå Kulturscene Fjaler HER

Vist 694 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder