Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 22. februar). Les mer om roperten…

To Dale-bilete frå 1887 i Alltinget på Island, og historia rundt. A. Askevold-maleri.

Dale 1887

Ved Fylkesarkivet finn ein omfattande og viktige kjelder til den lokale historia for Sogn og Fjordane. Innfallsport til innhaldet som finst ved institusjonen er heimesidene: www.fylkesarkiv.no

Stein-Joar Hovland har funne to gamle bilete frå Dale i arkivet: Anders Askevold Maleri 1887.
Du ser dei på FB gruppa Dale i Sunnfjord HER
Her finn du fleire kommentarar.

Her er heile artikkelen i Fylkesleksikonet. Hermund Kleppa har laga mange fine artiklar frå våre bygder. AE

¤¤¤

Island – Fire maleri i Reykjavik
Artikkelen handlar om fire maleri på Island med tilknytning til Sogn og Fjordane, – tre Anders Askevold-bilete og eitt av Karl Straume. Alle var gåver til Island, – Askevold-bileta i 1880-åra og Straume-biletet i 1954.
Påtenkt gåve til tusenårsjubileet i 1874
I 1874 feira Island tusenårsjubileum for den fyrste faste busetjinga. Under eit “Amtsmøde” i Førde sommaren same året, kom tanken opp om å senda ei minnegåve. Det vart oppretta ein komite med Andreas Aabel som formann. Andreas Aabel var distriktslege i Sunnfjord og busett på Falkenstein i Førde. Gåva skulle vera eit stort landskapsmaleri med motiv frå fjorden dei to fyrste landnámsmennene (innvandrarane), Ingolv Arnarson og Herleiv Rodmarsson frå i 874.

Basar til inntekt for maleriet
Komiteen sette straks i gang med innsamling, og Aabel sende opprop til avisene. Oppglødd som han tydelegvis var, og utstyrt med diktarevner, skreiv han minst to islandmaleri-dikt. Det eine er teke med nedanfor. Ved eit høve vart kvinnene i Nordre Bergenhus Amt særleg utfordra til innsats. I fleire annonser utover våren 1875 vart dei oppmoda om å senda inn “gjenstandar” til ein basar i Førde til inntekt for maleriet.

Lukkast ikkje heilt
Trass stor iver og innsats i byrjinga, let jubileumsgåva venta på seg. Dei to avisene Nordre Bergenhus Amtstidende (Florø) og Fjordenes Blad (Nordfjordeid) hadde begge ein kortfatta notis om resultatet av maleri-basaren, men deretter høyrer me ikkje meir om jubileumsgåva før i april året etter. Då hadde begge avisene ein statusrapport, signert A. Aabel. Av stykket går det fram at han skal flytta frå “distriktet”, at det har kome inn kring 300 spesidalar, og at komiteen har vore i kontakt med kunstmålaren Anders Askevold. Askevold kunne levera “Islandsmaleriet” i løpet av to år for eit honorar på 500 spesidalar. Aabel fortel at komiteen har ein konto i Førde Sparebank og at det óg står ein sum i Ytre Holmedal Sparebank (Fjaler).

Annonse og opprop i Fjordenes Blad 27. mars 1875. Det står mellom anna: "Kvinder i Nordre Bergenhus! Samtidig med den til 9de og 10de Juni d.M. i Førde tillyste Landbrugsudstilling er det vor Agt – med velvillig Bistand af Amtets Kvinder at faa i Stand en Bazar til Indtægt for Islandsmaleriet, hvorom vi herved tillade os at underrette vore kjære Amtssøstre – med Bøn om at de vil ofre Sagen sin Deltagelse. (..) "

Datering:
Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gåve i 1885
Kjeldematerialet hjå Fylkesarkivet teier om korleis det gjekk vidare. Det einaste me har å halda oss til er kontoen i Førde Sparebank og nokre få opplysningar frå nasjonalmuseet på Island. Beløpet på kontoen Islandsmaleriet ved Doctor Aabel pr. 31.12.1875 på 125 spesidalar stod urørd til 1885. Då vart pengane tekne ut og kontoen avslutta. Det går ikkje fram kven som tok ut pengane.

Innskotskonto nr. 1574 på “Islandsmaleriet ved Doctor Aabel”, opna 19. januar 1875 med 110 spesidalar.
Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det ligg nær å slutta at pengane vart nytta til ei sterkt forseinka jubileumsgåve, eit maleri av sunnfjordkunstnaren Anders Askevold, om enn ikkje med motiv frå Dalsfjorden. Nasjonalmuseet har eit Askevold-maleri med fylgjande knappe opplysningar: Anders Askevold. “Til Sæters”, 86 × 153 cm, 1885, gåve frå nordmenn i Fjordane.

Det eine islands-maleriet viser bygda Dale med utsyn frå garden Yksnebjør vestover Dalsfjorden. Maleriet er signert “A.Askevold.1887”.

Datering: 2004.
Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fotograf: Foto frå Alltinget, Island.

Klikk på bileta og dei blir større.
.

Det andre maleriet viser utsyn over Dale nordover mot Laukelandsfossen.

Datering: 2004.
Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fotograf: Foto frå Alltinget, Island.

Dalsfjordmotiv i 1887
Det laga seg likevel som Komiteen for Islandsmaleri hadde planar om i 1874, å få laga eit maleri med motiv frå Dalsfjorden. Fylkesarkivet sitt kjeldemateriale har ikkje noko om korleis det bar til, men i 1887 vart det sendt ikkje berre eitt, men to maleri av Anders Askevold til Island, begge med motiv frå Dale, og begge var gåve frå kunstnaren.

2. “Dale i Sunnfjorden”, 1887, olje, 45 × 81, utsyn vestover frå Yksnebjør, gåve til Islands Nasjonalmuseum i 1887 frå Anders Askevold.
3. “Dale i Sunnfjorden II”, 1887, olje, 48 × 83, utsyn mot Laukelandsfossen, gåve til Islands Nasjonalmuseum i 1887 frå Anders Askevold.

Kort om Anders Askevold
Anders Monsen Askevold, norsk målar, fødd 1834 i Askvoll, son til klokkar og stortingsmann Mons Andersen Sørebø (Askevold) og Johanne Johannesdotter Grav, døydde i Dusseldorf 1900. Gift med Cathinka Gran. To born. Elev av landskapsmålarane H. Reusch, J.C. Dahl og H. Gude. Budde lenge i Dusseldorf, i Paris i fire år, og i Bergen 1866-1880. Best kjend for landskaps- og dyrebilete i seinare dusseldorfstil. Altertavle i Askvoll kyrkje. Representert i Nasjonalgalleriet, Bergens Billedgalleri og Trondheims Kunstforening.

Dikt om Islandsmaleriet
Dokter Andreas Aabel skreiv eit dikt til aksjonen for jubileumsgåve i 1874-75. Diktet skildrar Dalsfjorden, “perlen” Dale og dei to utvandrarane.
Merknad: I dei islandske sogekjeldene går det ikkje eintydig fram kvar i Fjordane Ingolv Arnarson og Herleiv Rodmarson budde. Dale og Rivedal har knivast litt om dette. Andreas Aabel ser ut til å vera på Dalebygda si side.

Islandsmaleriet fra Dale
Tone: Sole gaar bak Aasen ned.

Bredved Norges bratte Fjeld
med sin Alvorstale
ligger blide Bakkeheld
i de dybe Dale -
som en knoklet kjæmpearm
om en Kvinde væn og varm.

Aldrig laag i Fjeldets Trygd
ved de Bølger svale
bedre Bild af Blom og Blygd
end i – selve “Dale” -
Perlen mellem Dalsfjord Guld
minderig og yndefuld.

Leif og Helga over Hav
laut til Island drage,
han fandt der saa ung sin Grav,
hun – saa tunge Dage, -
hele Livet hendes Sjæl
hang ved “Dale”, mindesæl.

Bild fra Ingolfs Barnehjem,
Helgas Brudekammer,
bær et Frændebud til dem
mellem Is og Flammer!
Norges Moderhjærte tolk
lyst og lindt for Islands Folk!

Maleri med motiv frå Alværa
I 1954 fekk Island på ny ei kunstgåve frå Sogn og Fjordane, denne gongen eit maleri med motiv frå Alværa i Høyanger kommune. Anders Skåsheim (1881-1965) frå Balestrand, busett i Bergen, var sterkt oppteken av sambandet mellom Vestlandet og Island. Han fekk fyrst på femti-talet ordna med ei “frendegåve frå sogningar og Sognalaget i Bjørgvin” (Bergen).

Gåva var eit maleri av garden Alværa ved Lavik, måla av ørstingen Karl Straume (1877-1968), ein av dei fremste og best kjende kunstmålarane på Vestlandet, i følgje ei pressemelding frå juli 1954. I pressemeldinga går det også fram at professor dr. Haakon Shetelig hadde sett maleriet og godteke det som ei gåve frå Noreg til Island. Skåsheim tok biletet med seg på ei ferd til Island og overleverte det til Alltinget.

Målarstykket Alværa, 125 × 163 cm, 1936, av Karl Straume. Gåve til Alltinget i 1954.

Datering: 2004.
Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fotograf: Foto frå Alltinget, Island).

I februar 1955 vart Anders Skåsheim heidra med det islandske storriddarkorset for innsatsen sin med å styrkja hopehavet mellom Island og Noreg. Den islandske presidenten overrekte heidersteiknet.
-——————————————————————————————————————-
Artikkelnummer: -103660
Forfattar og datering:

Hermund Kleppa, 2007.

(Utsyn frå Yksnebjør og Dale vestover Dalsfjorden 2005, nokolunde same motivet som Anders Askevold har i maleriet sitt år 1887.

Datering: 2004.
Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fotograf: Hermund Kleppa. )
Prenta kjelder:
Norsk Biografisk Leksikon
Norsk Allkunnebok

Uprenta kjelder:
Privatarkiv: SFF-88047 Skaasheim, Anders, omslag 87, legg 1, 220, legg 3
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=103660
-——————————————————————————————————————-
Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Gamle bilete fortel historie:

Det er veldig kjekt å få inn gamle bilete frå bygdene våre.
Dei fortel lokal historie.
Har du noko?
Det treng ikkje vere 100 år gamalt.
Kjekt om du scannar eller fotograferer og legg til på Fjaler Origo.
Har du kommentarar og opplysningar gjer det biletet ekstra verdfullt.

Også bilete frå i dag vil fortelje historie om nokre år.

Nedanfor kan du legge til kommentarar og opplysningar til artikkelen og dei to bileta.

.

Det eine islands-maleriet viser bygda Dale med utsyn frå garden Yksnebjør vestover Dalsfjorden. Maleriet er signert “A.Askevold.1887”.

Her ser vi til venstre tunet til der Christian Nitter bur i Dag. Det kvite huset beint fram er vel Doktarhuset, huset til Per Østby. Vi ser kyrkja frå 1864. Hus på Tross og Vonatunet. Det store bygget, over Doktarhuset, – er det Vonaløa? Så er det Wilkensbua ved sjøen?
Men dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå. Ut Dalsfjorden, og lengst ute ser vi Atløy.
.

Det andre maleriet viser utsyn over Dale nordover mot Laukelandsfossen

Her er litt feil – vi ser Vikafossen her. Til venstre Steia gard der Nikka Vonen hadde jenteskulen.
Ser vi Klokkargarden? Kan vi sette namn på meir? Dalsfjordbrua var ikkje påtenkt, men Anders Askevold hadde god utsikt til Otterstein og Nishammaren der bru-tårna veks opp i desse dagar.

22.02.2012
Asbjørn Eikerol

Vist 113 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder