Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 11. februar). Les mer om roperten…

Osen krins. Magnus Løvik fortel om nyårsfest på Åmot Operagard.

Osen skule i Gaular er nedlagd. Slik gjekk det med mange av dei små skulane i alle kommunar. Nye vegar og endring i folketal førde til samanslåing av krinsar. Magnus Løvik i Dale vaks opp her og gjekk på Osen skule, fortel han. Saman med andre har han også fortalt i ‘Sogehefte for Gaular’ om minne frå oppveksten i denne skulekrinsen.

No møtest tidlegare elevar frå denne skulen til årleg nyårsfest. Det er litt rart å komme tilbake til Åmot. Her gjekk dei på sundagsskule då han var liten. Tanta til Steinar Sørli, operabonden, styrde med sundagsskulen, fortel Magnus Løvik.

Dette fortel han frå festen på Åmot Operagard i år:
Sjå meir Origo Gaular HER
11.02 Asbjørn Eikerol

.
Fredag kveld hadde Osen krins sin årlege nyårsfest på Åmot Operagard. Det var plass til 33 personar, fleire ville vore der om der hadde vore plass.

I år var den siste læraren ved Osen skule, Leif Lundgren med oss. Leif, som er over 90 år, var med oss heile kvelden, og han fortalde litt frå tida som lærar ved Osen skule. Han las og eventyr for oss, deriblant det sjølvskrivne eventyret om det snille Gaulartrollet som budde i Storehesten.

Vi fekk servert ein veldig god middag med fint dekka bord. Stemninga var topp. Etter maten var det quiz og fin song og musikk . Ein kveld der folk hadde det kjekt i lag. Nokre hadde ikkje sett kvarandre på 20 år. Dei siste av oss gjekk heim kl. 2 om natta.

Vi ser fram til neste nyårsfest på Åmot Operagard.

22.01.2012
Magnus Løvik.

Vist 147 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder