Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 8. februar). Les mer om roperten…

Er du oppteken av kystkultur?

Hei!

Likar du kyst-, sjø- og båtliv? Er du glad i båtar, naust og sjøhus? Set du pris på ramsalt humor, kystmat og kysttradisjonar? Bur du på kysten?

Vi er nokre som i lengre tid har hatt tankar om å starte kystlag (sjå www.kysten.no). Vi ser at her er mange gode, hyggjelege og sosiale prosjekt å ta fatt i, og at regionen (Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular) har mykje kystkultur som treng omsorg og stell. Og vi ynskjer å samle interesserte rundt gode og spennande fellestiltak.

Eitt av prosjekta som er aktuelle, er passasjerbåten MS Stangfjord. Den er under restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter no og kjem vonleg heim i 2013 eller 14. For å ta vare på og drive den treng vi eit kystlag!

Eller kanskje skulle kystlaget engasjere seg i å ta vare på Geita fyr? Det freda fyret i Buefjorden treng omsorg og stell, men er også ein fantastisk stad å vere – ikkje minst saman med gode vener!

Bakkejekta og jektenaustet i Holmedal har samla mange gjennom mange år til hyggjeleg dugnad og festleg lag. Vi trur at dette miljøet vil gli inn i eit kystlag som kan vere paraply for kystkulturaktivitetar i Ytre Sogn og Sunnfjord.

Dette var nokre få døme på aktuelle prosjekt. Det finst mange fleire.

Vil du vere med?

Vi tek sikte på å ha skipingsmøte i byrjinga av mars og kjem tilbake med tid og stad.

Eg blir veldig glad om du gjev meg ei tilbakemelding på dette!

Beste helsing

Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
post@ovelos.no 97 07 91 39

Vist 127 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder