| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Sanger som vant krigenOnsdag 15. februar kjem Kronstad musikkforening i lag med skodespelar Andreas Holt og sangar Therese Woldseth til Fjaler. Om føremiddagen kjem dei til Fjaler sjukeheim og kl. 19.00 riggar dei seg til i Ungdomshuset Trudvang i Dale. Dei skal presentere musikkspelet “Sanger som vant krigen” der dei tek for seg sangar som vart sunge av motstandsfolk under 2. verdskrigen. I musikkspelet møter vi Anders Brekke, som er ein småbrukar – såkalt fiskebonde på ei øy nær Bergen. Anders er som resten av befolkninga mest oppteken av at ting skal “gå i hop” som han seier. Derfor gjer Anders akkurat som før. Han føl med på det som skjer, men det er no lite han kan gjera med tyskarane. Det er fyrst når Anders i 1943 møter frosne motstandsmenn han må ta eit val, som for han vert skjebnesvangert. Ikkje ulikt det valet Norge måtte ta i 1940. Det valet tok kongen for oss. Arrangementet er eit samarbeid mellom Dale ungdomslag og Fjaler kulturkontor. Støtta av Den kulturelle spaserstokken
Vist 79 gonger. Følgt av 1 person. | ||