| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 10. februar). Les mer om roperten… I dag 7. februar. Nokre glimt frå Dale sentrum.![]() Det er stlle i båthamna. Berre Roald Hovland måkar snø av skuta si. Over fjorden ser vi brutårna til Dalsfjordbrua. Dei er små enno, men veks med fire meter for veka. I sentrum har gamle Meieriet fått banehogg. No ligg det flatt. Gravemaskiner grev og tygg stein. Borte i Dalstunet står nokre gamle hus og ser på. Dei er endå eldre, men slapp unna riving. Inne på Coop kan du kjøpe lodd. Det er Hilda Haugen som sit her i dag. Dei har skifta glas i Ljosheim. Då fann dei ut at her måtte det til litt basar-pengar for å greie rekningane. Dei er flinke i foreininga som styrer med drift og vedlikehald. Så vi får kjøpe litt lodd. Det er lettvint. Elles er storsilda koma inn i fiskedisken. Dei har nett fått inn ny forsyning i dag, fortel Monica. PS. Kino i kveld. Nye filmar fredag, sundag og tysdag. UKM på laurdag. 7.02.2012
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤ Dale og Dalstunet 9.02.2012
Vist 429 gonger. Følgt av 5 personar. | ||
Kommentarar
Flotte bilder:)
“Alle vegar er ein omveg heim”
Er litt rart å sjå arbeidsplassen min gjennom 30år er jevna med jorda.
Jobba du her òg Magnus? Eller var det berre Per Henning og Ulvik`en? Vi har litt gåande på Facebook om gamle Dale. P.S. bildet er ikkje større førebels.
Ja eg jobba der,byrja der 8.mai i 1967 for å vere heilt nøyaktig. Hadde hybel på loftet og budde der i tre år.Hugsar ikkje heilt når huset vart rive,kanskje fyrst eller midt på 70 talet.Hugsar at det stod eit skilt med glasplate utanfor der kinoplakatane var utstilte.
Flott Magnus. Du må lage deg ein profil på Facebook. Ein del interessant på Dale-gruppa om dagen. Ser Turid er der.