Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Dale Ungdomslag. Kino. Aktiv. Val. Styret. Årsmelding. Trudvang. Dans, musikk, teater, drama. Vil du bli med?

Det var årsmøte i Dale Ungdomslag i Trudvang 6.02.2012
På saklista var dei vanlege årsmøtesakene.
Årsmelding og rekneskap for 2011 vart godkjende samrøystes.
Arbeidsplan for 2012 godkjend. Desse sakene kan vi komme nærare inn på seinare.

Eg kan berre nemne: Fjaler Kino er assosiert med Dale UL. Samla blir det stor aktivitet. Trudvang er eit kulturhus som treng vedlikehald og oppgradering. Og vi treng folk som engasjerer seg i dans, musikk, drama, teater og aktivitetar.

Skjenkeløyve. Det har blitt aktuelt i samband med kulturarrangement som opera, teater, konsertar via kino o. a. å kunne servere vin og øl. Til dette trengs eit løyve. Det er slutt på ambulerande løyve. Årsmøtet godkjende at styret får fullmakt til å arbeide vidare med saka.

Val Dale Ungdomslag 2012. Innstillinga frå valnemnda:
Styret
Kjetil Felde. Ikkje på val.
Asbjørn Eikerol. Ikkje på val.
Sirpa Markkanen. Ny. For 2 år
Anne – Lise Stenseth. Ny. For 2 år
Mari Kykrkjebø. Gjenvalg for 2 år
Bente Liabø Thorsen. Gjenvalg for 2 år.

Vara
Roy Arne Askeland Hofstad. Gjenval.
Kåre Antonisen. Gjenval.

Revisorar
Marita Solheim. Gjenval
Kristian Terje Risting. Gjenval.

Valnemnda si innstilling fekk samrøystes tilslutning frå årsmøtet.
¤

Årsmøtet vel en ny representant til valnemda for Audun Sandsund.
Jan Haugen vart vald.

Årsmøtet vel utsendingar til årsmøte i NU,
Asbjørn Eikerol vart vald.

Årsmøtet vel utsendingar til årsmøte i SOFUL. 4. mars kl 12.00 i Førde. Viking.
Asbjørn Eikerol vart vald.

Valnemda for 2012 har vore:
Audun Sandsund, Asbjørn Eikerol og Kristin Svardal.
¤

Jan Haugen hadde bede seg fri frå vervet som leiar. Men han vil framleis vere engasjert ungdomslagsmedlem. Og Dale Ungdomslag treng han.
Årsmøtet takka og gav applaus for stor innsats.

Kåre Antonisen fekk også takk og applaus frå årsmøtet for innsatsen for Fjaler Kino.

Cathrine Steien Haugen fekk applaus frå årsmøtet for å gje grasrotandelen til Dale Ungdomslag. Det førde til 20.000 kroner til laget sist veke. Sjå HER

Kjekt for Dale Ungdomslag.
Ekstra kjekt er det for dei som har drive barne- og ungdomsarbeid i Dale UL å få denne attesten frå Cathrine: :

- Det måtte bli Dale Ungdomslag, for der har jeg hatt mye morro selv som ungdom. De gjør en fantastisk jobb for barn og unge i Dale, sa Cathrine. Hun gir for øvrig også sin Grasrotandel til det samme formålet.

Dale Ungdomslag – korleis går det?
Ungdomslaget og Trudvang står for mange viktige funksjonar i kulturlivet i Dale.
.
.
.

¤¤¤¤¤ Årsmøtet synest at vi bør få fleire medlemer. ¤¤¤¤¤

Det er lett å bli medlem:
Betal til konto 3741.05.20800 Dale Ungdomslag 6963 DALE.
Legg til namn
Medlemspengar:
Vaksen 300,-
Barn 150,-
Familie 600,-
Støttegåve er også fint.
Og hugs grasrotandelen! Det er gratis.

Vi reknar med at dei som deltek på aktivitetar melder seg som medlemer. Det er viktig med mange barn og unge under 25 år.
Mange unge medlemer gjev større tilskot til laget.
Du får også fordelar: Medlemsblad, rabatt på hotell og tilskipingar, tilbod om kurs, stemne og fest.

Årsmøtet ser det som viktig at folk i bygda engasjerer seg. Er det fleire som vil vere med i styret og i utval? Vi treng folk som er engasjerte.

¤¤¤¤¤ Alle er velkomne! ¤¤¤¤¤

.
.
.
Dans og teater, musikk og drama, barn og unge er viktige oppgåver for ungdomslaget. Har du interesse for dette?
Noregs Ungdomslag har mange gode tilbod, kurs, samlingar, stemne der du kan få vere med på mykje kjekt. Les medlemsbladet eller www.ungdomslag.no
Er du ung og sprek? Meld deg inn i ungdomslaget!

Har du lang erfaring, tid og interesse? Meld deg inn i ungdomslaget.
Sjå meir på heimesida til
Noregs Ungdomslag HER

Du finn Dale Ungdomslag på FB HER

6.02.2012
Asbjørn Eikerol

Nokre glimt frå Trudvang siste vekene:

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Frå NU:
Instruktørkurs i folkedans og teater

Noregs Ungdomslag har lang erfaring med opplæring av instruktørar. Vi tilbyr teaterkurs og folkedanskurs i to modular, retta mot dei som vil bli instruktørar.

Frå 2011 arrangerer også NU leiaropplæring for tillitsvalde i fylkeslag, og denne blir halde parallelt med modul 1-kursa i teater og folkedans. Dette kurset skal dyktiggjere tillitsvalde i fylkeslaga, og også setje dei i stand til å halde organisasjonskurs for lokallag.

Denne våren skal Bergen ungdomslag, Ervingen vere lokal arrangør for modul 1-2012

Instruktørkursa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen, og gjennom opplæringa utviklar vi instruktørar med brei kunnskap om og innsikt i aktiviteten.

Modul 1 av kursa vert arrangert i mars medan modul 2 vert arrangert i oktober. Kursa finn alltid stad på same plass, og dato for kurs blir annonsert på denne sida, i nyhendebreva våre (epost) og i medlemsbladet Ungdom.

Sjå meir på heimesida til_ Noregs Ungdomslag HER
.

Internasjonalt i Trudvang, Dale.
.

Skule-elevar i ein haug.

.
Grasrotandelen:
Alle som brukar Norsk Tipping bør gje opp eit lokalt lag som kan få grasrotandelen. Det er enkelt – sei ifrå neste gong der du brukar å kjøpe kupong så er du registrert. Det er gratis for deg, men betyr noko for økonomien til laga.

Vist 105 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder