| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 5. februar). Les mer om roperten… Nye kinomaskiner. Digitalt. Nye tilbod kan komme ut til heile landet. Fjaler Kino på laurdag. Summer Govan med opera-melding.![]() Fjaler Kino er opprusta for fleire hundre tusen. Bilete og lyd er mykje betre fortel kinosjef Kåre Antonisen. Det gjeld digitalisering her også. Eit nytt tilbod på Fjaler Kino er direktesend opera, konsert, teater, ballet og dans osv. Tidlegare kunne du sjå oppføringar i New York direkte på kino i London og fleire større byar. Laurdag 4. februar skulle vi få sjå dette på Fjaler Kino. La Bohème frå Den Norske Opera, Oslo. Vert dette berre film? Nei, faktum er at du ser operascena, aktørane, musikarane, kostymer og spelet veldig godt. Dei som har sett opera live og kan samanlikne, fortel at du ser betre her enn i operaen viss du har ein litt dårlegare plass der. Kamera kan zoome inn betre enn ein teaterkikkert. Vi fekk også komme bak kulissene i pausen. I Trudvang var der småbord og stolar. Det kunne nesten vere ein cafè i Paris. Kven kom? Der var 45 personar, inkludert dei som jobba. Somme frå musikkmiljøet i Fjaler kom. Nokre kom frå Gaular og Førde og vidare. Dei fekk alle ei oppleving frå operaen. Veldig mange var storleg begeistra og syntest dette var fantastisk å få i Fjaler. Elles måtte dei reise langt. Det kostar tid og pengar. Cafè i Trudvang fungerte fint. Det vart trivelegare og meir sosialt. Kjekt å få servering. Dei første gjestene kom kl 17.00, så ein liten bit lokal kultur før showet kan vere flott. Neste gong håpar vi på dobbelt så mange gjester. Når dei i Oslo selde 20.000 billettar på ei halvsnua stund, så kan vi auke mykje. Vi dekkar HAFS og deler av Gaular. Mange tilbod kjem framover: Konsertar, teater, dans og meir frå store scener. Meir om La Boheme HER Frå Summer Govan, lærar på UWC: I have been unable to get to a performance in the new opera house in Oslo and so it was thrill last night to attend an outstanding production of ‘La Boheme’, direct from Oslo to Dale. Why did the event work so well? I am very fond of both chamber opera and grand opera and last night in the kino, we were treated to the intimate setting and atmosphere of a candlelit chamber opera but what we experienced was the full blown, lush Puccini effect of grand opera. Greater still was the impact of this innovative production of a well-loved opera. I was not the only one to be moved to tears by the beauty of the music, the strength and intelligence of the performances and the poignancy of the story; in which the setting shifted from Bohemian Paris to a modern day cancer ward. This added gravitas was strongly supported by reference to a stunning essay by Susan Sontag in the programme notes. The whole evening was a delight; capped by the excellent catering by UWC’s Safuge cafe. In way of a post-script, my companion, a visitor to Fjaler said that although she is a heavy metal fan, because of this wonderful experience on Saturday, she would now begin to listen to more opera! This marvellous programme of ‘Kultur to Kino’ is one that I hope we can support in Dale. I lost count of the number of times members of the audience around me said ’"Fantastisk!" .
Trudvang i vinterham.
Inne er det klart til mottaking. Nei, ingen promille.
Det er litt arbeid å omforme salen til cafè. Her Bente Liabø Thorsen. Mari Kyrkjebø, Kjetil Felde og Asbjørn Eikerol var med.
Fin støtte at Fjaler Kulturkontor laga konkurranse om å vinne gratisbillettar til La Bohème. Nokre fleire fekk sjå.
Lett meny: kaffi, te, drinkar, pizza, kaker, cupcakes.
.
.
.
Denne gongen var det seks gutar frå UWC på jobb. Dei var alle spansktalande.
.
.
.
Los Latinos. Dei kjem på Torsdagsdansen.
Maria Theresa er lærar på UWC. Ho tek seg av elevane som jobbar for SAFUGE. Dei kan ta mange slag jobbar. Sjå HER
det vart litt å gjere på kjøkkenet også.
Dale Senter. Til Kroa.
Kroa med “etter-opera-tilbod”.
.
Om kvelden må du bruke øvre inngang til senteret for å komme inn. Mot sør, Flystripa.
Vi fekk ikkje berre opera.
.
Vist 186 gonger. Følgt av 1 person. | ||