Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Frå Flekke i gamle dagar. Dar kjem dampen. Reidar Kyrkjebø fortel meir.

Her kjem meir kulturhistorie. Dette er felles minne for alle oss som hugsar tida med rutebåten. Då fjord og sjø var viktig veg. Mykje har endra seg i dag. Men det kan vere noko nytt å få vite for dei yngre. Slik var det.
1.02.2012
Asbjørn Eikerol

Reidar Kyrkjebø fortel:

DAR KJEM DAMPEN
Me her vest har to fedrelandssongar. Den eldste og beste heiter Nordmannen, men me seier helst Mellom bakkar og berg. Den andre er like god og heiter Dar kjem dampen.

Dette med rutebåten og vestlendingen var eg innom i går. I dag må eg nesten skrive meir om dampen, og atter ein gong går tankane til barndomsbygda Flekke, som miste rutebåten for vel førti år sidan. For ordens skuld: Her sleng kanskje ein og annan ung lesar innom sida mi som ikkje har fylt seksti eingong. Dei treng ei presisering: Dampbåtar var ikkje lenger vanleg ved bryggja heime, og heller ikkje ved andre bryggjer på femti- og sekstitalet. Men av gammal vane sa alle dampen, jamvel om det lukta diesel og solarolje frå maskina, og røyken frå skorsteinen var sparsam. Så veit du det.

Dampen seig inn Flekkefjorden fleire dagar i veka, men det var om sundagane han var mest populær. Når folk hadde ete middag og strekt seg ei stund på sofaen, rusla dei på kaia, alle som ein. Og dar kjem dampen! “Her kjem eg!” signaliserte han med eit langt, mandig ul. Roleg og sindig som fjordagampen la han seg til kaia, fekk trosser og landgang på plass og starta opp vinsjen. Så var det å få mjølsekker og posten på land, kanskje òg ein sofa eller ein motorsykkel, og så heiste dei slakteferdige oksekalvar og utmjølka kyr om bord. Dei fekk seg ein luftetur med vinsjen og hang og dingla ei stund høgt til vêrs med eit teppe under magen og sende forundra blikk til oss som stod på land. Stundom dukka det jamvel opp ein passasjer eller to, men i velmaktsdagane mine reiste me helst med buss til Sogn og tok MS Sognefjord.

Etter ein times tid sa dampen farvel med ein serie bjølleslag: DINGDINGDINGDINGELINGELINGELINGELINGELINDINGDING …..DINNNG og seig vørdeleg ut på fjorden og forsvann på vegen til nye bryggjer, nye folkemøte. Dar for dampen!

Att stod me og let praten gå. Nokre avtalte nonsbesøk etter at Torkjell hadde sortert og delt ut posten, andre stakk opp på Flekke Kafé.

Kafé i Flekke? Den lyt eg nemne i neste blogg.

30. september 2011. Dampen er er eit sjeldan syn på Grytøyra no.

GJENSTRIDIG KALV
Grannebonden Dagfinn bad meg om hjelp med ein oksekalv som skulle på si siste reis med dampen til by’n. Eller like gjerne den første reisa hans. Kalven hadde vel knapt nokon sinne vore utanfor Finn-floren då me kom og la grime på han for å geleide han til bryggja, der dampen no kom ulande og la seg til. Det var sommar og sundag, så me hadde mange tilskodarar.

Dette kunne ha vore ei fredeleg og ærerik ferd, men kalven ville det annleis. Eit stykke på vegen gjekk det greitt, sjølv om stuteposen ikkje var nokon racer. Men Dagfinn og eg halte og drog, skubba og skjente, så me kom oss steg for steg nærmare kaia. Heilt til kalven fann ut at no er det nok. Då hjelpte det ikkje kor me halte og sleit, lokka og truga. Folkehopen ute på bryggja venta spent. Skipperen på dampen såg på klokka og riste på hovudet.

Då tok ekspeditør Audun affære. Han tok tralla som dei trilla varer med, og med sigaretten mellom lippene la han i veg innover mot oss som framleis hadde vona hangande i snøret. Snart var han inne der me og kalven dreiv og motarbeidde kvarandre, og no var det inga bøn. Me tre karane vippa kalven opp på tralla og fekk han ut på kaia, der beistet fekk seg ein luftetur og kasta eit sårt blikk heim til Finn-floren før han hamna i lasterommet. Endeleg kunne dampen seie dingelingelinng og leggje frå kai.

Oddvar’n fortalde om opptrinnnet etterpå og skildra meg slik: “Håret te Reidar’n sto ende te vêrs, å i enden tå kvert hårstrå hång da ennj svettedrope!”
Nett slik kjende eg meg òg.

Av Reidar Kyrkjebø

I styrehuset. Eva ved roret. Merkeleg nok var roret, rattet til å styre med, bak deg i styrehuset.

Kaia og butikken på Grytøyra.

¤

Ivar Medaas:

.
Dar kjem dampen er eit dikt skrive av døvepresten Ragnvald Hammer i 1953. I 1963 vart visesongaren Ivar Medaas landskjent då han sette tone til dette diktet. Medaas gav han ut på singlen Nor-Disc NOR 83. «Dar kjem dampen» er ein hyllest til dampskipet «DS Oster» som gjekk i rutetrafikk mellom Bergen og strilelandet frå 1906 til 1964. Songen er skrive på strilamål, talemålet til strilane. (Wikipedia)

Dar kjem dampen

Ve Bryjja i Bergen, dar ligg da ei båt
so blånkpusst å fin at han lyse,
me sjikkelæ maste å pipa me låt
å månge slags vara han hyse.

Dar kjem dampen, gamle dampen,
tak på deg triskona å spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

I robme ligg mjølsekkjena i høge lag
å kassa me abelsine.
På dekkje e da fullt utå adle slag:
mjelkjespadn å røyre å tine.

Dar kjem dampen, gamle dampen,
tak på deg triskona å spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

So rinje kapteidn å skutå legg ifrå,
no vinka dei, adle dei kjende.
Å allti kobm “Oster” seg trufast utpå,
å allti han kobm seg attende.

Dar kjem dampen, gamle dampen,
tak på deg triskona å spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

Han kneisa me skorsteidn æ veifta me flagd,
jønå fjor å sunn frabm han stebmne.
Da allti e “Oster” si store bragd
om Osterøyne trutt å febmne.

Dar kjem dampen, gamle dampen,
tak på deg triskona å spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

Han fer idnijønå me damp å me køl
nett snøgt ikkje frabm han fere.
Men leiæ den veit han å fidn kvart eit høl
dit gøtt ifrå bydn han vel bere.

Dar kjem dampen, gamle dampen,
tak på deg triskona å spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

So dreg dei i fløytå, å fint da let,
han legg seg te ro innve bryjja.
Å ferafolk månge i lann han set.
Før adle so vil han hyjja.

Dar kjem dampen, gamle dampen,
tak på deg triskona å spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

No hev han sigla i femtifem år,
bidna by å lann saman han konne,
å når han so ikkje lenger går,
då græt både bymann å bonne:

Dar jek dampen, gamle dampen,
far or triskona, far stillt!
Dar jekk dampen, gamle dampen!
Å, dette va syrjelæ illt!

Ragnvald Hammer
Trykt i Bergens Tidende våren 1963

Frå Døves Tidsskrift 19/1980
¤
Meir:
Kystkultur. M/S Atløy var på Grytøyra.
Foto: Markvard Eikerol

Vist 113 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder