Fjaler bruker Origo til å lage sidene sine. Det kan du også gjere.
Origo er sosiale nettsteder for alle. Med Origo kan du blogge, lage bildealbum, sette opp kalendere og diskutere med folk. Du kan enkelt starte nettsteder for firmaet ditt, foreningen din, familien din eller bare deg selv.
Noko nytt. Vil de bidra? Og få sjå gratis opera i Dale? SAFUGE Cafè.
Foto_Erik_Berg
Opera på kino. Teater på kino. Konsert på kino. Sport på kino. Revy på kino. Musikal på kino. Manchester Utd på kino. Vil du ha dette?
Staten sponsar Kultur til folket.
Første forsøk skjer på laurdag den 4. februar.
La Boheme direkte via satelitt frå Bjørvika, Oslo, til Fjaler Kino Dale.
.
Korleis kan du bidra? Til alle leiarar for lag, kulturkontor og frivilligsentralar.
Ver bra og send vidare. Til: Alle lokale kor, korps, band, teater-grupper, spelemannslag, dansegrupper, kulturskule, show-grupper, skular og meir. I HAFS + Gaular.
La Bohème på kino. Fjaler Kino Dale. Laurdag 4. febr kl 17.50 Trudvang.
Fjaler Kino, Kåre Antonisen, og Dale UL vil prøve noko nytt:
Kultur til folket – opera, konsert, teater, idrett osv direkte sending ut til utvalde kinoar. Støtte frå staten.
SAFUGE Cafe nede i matsalen. Smårettar, kaffi, drikke … eksotisk, og litt støtte til SAFUGE (Skular og barn i fattige land.) Meir om SAFUGEHER
Møteplass og sosialt.
Dette er nytt. Vil folk her bli med på dette?
Fjaler Kino og Dale UL vil gjere tilbodet endå litt meir attraktivt: Kultur frå scene pluss lokal kultur.
Vi ønskjer eit kort program frå lokale kor, korps, band, teater-grupper, spelemannslag, dansegrupper, kultueskule, show-grupper og meir.
Det kan starte ca 17.30 og vare 10 – 20 min.
Desse får då gratis tilgjenge til framsyninga etterpå.
.
La Bohème
Kvifor gjer vi dette?
Lokal kultur er viktig å støtte.
Slike folk er gjerne interesserte i kulturprogrammet.
Publikum vil kanskje komme for å sjå dei lokale artistane også. Meir attraktivt.
Vi har god plass i Trudvang, over 150 sitteplassar pluss ståplassar.
Til kulturkrefter i HAFS og Gaular ved leiar: Ditt lag er invitert til å bli med som lokalt kulturinnslag. Kan de komme på laurdag?
Vi veit at dette er nesten umogeleg å greie så kjapt. Men somme kan.
Meld snarast tilbake til meg for avtale. (NB. Raskare enn raskt for at vi får annonsere.)
Alle grupper kan få komme til seinare. Meld interesse om dette. Kultur på Kino vil komme med mange program framover.
Med helsing
Asbjørn Eikerol
aeikerol@hotmail.com
Vi har sendt nokre e-postar i dag.
Men du kan ta dette som invitasjon til ditt lag.
Velkommen på opera i Dale.
. Velkommen som gjest på La Boheme!
17.30 – Lokale kulturinnslag.
17.50 – Intro frå Oslo.
18.00 – La Boheme.
19.00 – Pause.
19.30 – La Boheme. Del 2.
20.35 – Slutt.
. SAFUGE Cafè
vil tilby drikke og litt å bite i.
Du kan gå på Operarestauranten i Trudvang før, under og etter framsyningane.
Ja, du kan til og med gå på SAFUGE Cafè og smake på noko godt utan å gå på Opera!
Velkommen!
SAFUGE Cafè i fjor:
Utsalet har nett opna og på kjøkkenet er det stor aktivitet.