Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bygdeavisene.

6963 / 6968
Bygdeavis for Dale og Flekke

Ny bygdeavis til helga
fredag 27. januar 2012 09:58

696åttre blir sendt ut i dag, dermed er helgekosen sikra!

I bygdeavisa kan du denne gongen lese om:

- Optimismen på Straumsnes: Dei mista butikken, skulen og skifabrikken og hadde nesten ingen barnefødslar. No er det ni ungar under skulealder utanfor Tyssebrua og stemninga er positiv

- Kari Jensen som strikkar med riveskaft. Det er så tungt at ho må stå og strikke. Heller ikkje dei enklaste strikkepinnane å ta med seg i veska

- Firebarnsmora Eli-Terese Sande som er i gang som treningsinstruktør igjen, seks veker etter fødsel

- Magnar Vagstad som har gitt seg etter 24 år i Fjaler-politikken, men som framleis er brennande engasjert

- det artige fotballuttaket til Bernt Ove Flekke

- kva studenten Terje Eikerol balar med

- dei supertøffe badeløvene i Elvetun barnehage

- forfattartalentet Linda Marie Kirketeig

- kvifor førsteklassingane kvir seg til ungdomsskulen

- korpset som er i siget

- bladstyraren som står fram med ubrukeleg nase

- bygdesladder, konkurranse og mykje meir!

Oppslagstavla
(27.01.12) Vi synest det er veldig kjekt med nye abonnentar. Skulle du derimot berre ønskje ei enkeltavis, finn du dei følgjande stader: Allmuen i Dale, Joker i Flekke, Nærbutikken i Holmedal og Coop i Askvoll (siste avis kjem i sal i Fjaler frå laurdag føremiddag).

(27.01.12) Vinnarane av konkurransen i bygdeavisa er denne gong Anne Britt Solheim (Dale) og Berit Bakkebø (Bygstad). Bygdeavisene-krus er på veg. Gratulerer!

(27.01.12) Neste utgåve er Holmedal-avisa 6982 fredag 24. februar. Sei frå om du har noko fiffig på lur!

(27.01.12) Bygdeavisa 696åttre blir sendt ut i dag, dermed er den i postkassane til dei fleste abonnentane i morgon. Hurra!

(10.01.12) Bygdeavisene set stor pris på abonnentane våre. Derfor har vi også i år trekt ut to av trippelabonnentane som får den ærefulle tittelen “Ekte bygdis”: Gustav Skaar og Oddfrid Mjellem. Med andre ord sender vi denne gongen t-skjorter til Stongfjorden og Hellevik. Vi gratulerer så mykje!

Frå 6963 / 6968 Bygdeavis for Dale og Flekke
Les meir HER
.

UVANLEGE STRIKKEPINNAR: To riveskaft vart brukt då strikkepinnane skulle lagast.
Eit vanleg strikkety kan bli sett på som ei utfordring for mange. Men ikkje for Kari Jensen frå Dale, ho ville ha det endå meir utfordrande.
– Eg strikkar tre-fire omgangar, og så må eg ha pause, seier Kari Jensen til bygdeavisa 696åttre. Ho må nemleg stå på føtene når ho brukar strikkepinnane som veg om lag to kilo til saman.
Frå NRK i dag. Sjå meir HER

27.01.2012
Asbjørn Eikerol

Vist 323 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder