Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Konsert: Sigrid Moldestad med band

Onsdag 1. februar klokka 18.30 har vi den gleda av å få besøk av ei av fylket sine største kulturformidlarar.

Sigrid Moldestad har med seg Sigbjørn Apeland (piano/trøorgel) og Anders Hall (fele) på denne intimkonserten der Robert Burns poesi i nynorsk språkdrakt av Johannes Gjerdåker står i fokus. Sigrid har arbeidd mykje med Gjerdåker sine fantastiske oversetjingar av Burns tekstar, og ho har sett melodi til fleire av desse. I tillegg vert det både Jakob Sande, eige materiale og sjølvsagt tradisjonelt stoff frå Sogn og Fjordane.

Sigrid kjem med ny plate i mars 2012, det vert nokre smakebitar frå nytt materiale også!

Stad: Auditoriet, UWC
Bilettpris: 300,-

Bilettar kan kjøpast:
Dale bok og papir: tlf.:57738070
Haugland Rehabiliteringssenter: tlf.: 57737100

Arrangørar: UWC, Haugland rehabiliteringssenter.
Medarrangør: Fjaler kommune, kulturkontoret
Konserten er støtta av Den kulturelle spaserstokken.

http://www.youtube.com/watch?v=fcnpFcvpcRE

Vist 103 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder