Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 14. januar). Les mer om roperten…

Dansekurs i Flekke. Parhalling frå Dalsfjorden.

Halling-dans er blitt godt kjend i nyare tid. Saman med slektningar som capoeira, break, parcourt og variantar av moderne dans har halling blitt showdans, “vise seg fram-dans”.

Halling kan ha mange variantar. Det treng ikkje berre vere atletiske tøffe C-moment. Alle kan danse halling i høveleg vanskegrad. Der er også lokale variantar av halling, slik som det er i alle andre dansar.

Her i Sunnfjord hadde vi ein slik lokal dans: Parhalling frå Dalsfjorden. Men dansar kan bli gløymde. Knut David Hustveit fortalde om korleis dei tidleg på 1980-talet redda dansen. Han var med og fekk gjort filmopptak av dansen. Det var særleg Bendik Skadal vi kan takke for at dansen er teken vare på. Bendik Skadal var 80 år gammal, men vart både glad og sprek då dei kom og ville filme Parhalling frå Dalsfjorden.

I Flekke er der no kurs i denne dansen. Knut David Hustveit er instruktør. Egil Furenes er spelemann. Dalsfjorden Spelemannslag og Flekke Ungdomslag er arrangør.
I dag er dansen bra kjend, men det er ei kulturoppgåve å lære opp nye dansarar.
12 – 14 personar får opplæring i Flekke denne helga.

Litt praksis kan du få på Torsdagsdansen også.

14.01.2012
Asbjørn Eikerol

Vonheim, ungdomshuset i Flekke, var møtestad for dansekurset.

Knut David Hustveit var danselærar.

Egil Furenes var spelemann. Levande musikk frå ein god spelemann er veldig viktig for eit dansekurs.

Helga Åsnes er leiar i Dalsfjorden Spelemannslag og organiserte papir og økonomi.

Ho organiserte også vatn, kaffi og frukt til dansarane.

Til og med middag, betasuppe frå Matglede, fekk vi.

Egil hadde med seg fire feler så her skulle det bli musikk.
Legg merke til fela oppe til venstre. Ho er laga av Oddleif Stenseth i Dale.

Kunstverk.

Knut David kunne fortelje mykje om historia og bakgrunnen til dansane.

Egil har fagleg kompetanse i musikk og dans frå Akademiet i Rauland.

Knut David var godt nøgd med danse-elevane. Vi var flinke. No treng vi berre å øve meir.
Dansen er enkel, men kan by på mange variasjonar som er opp til kvar einskild.
I den delen der du dansar laus, kan du bruke former frå vanleg halling.
.

PS. Rune Berge og Egil Furnes vil prøve å sette opp danserute frå Fjaler Vest til Torsdagsdansen. Så bli med! Moro og trim!
Sjå Dans kvar torsdag. 20.00.

¤¤¤

Syskenparet Audun og Silje Sølvberg dansar parhalling frå Dalsfjorden under landskappleiken på Røros 2005. Arne M. Sølvberg (far) spelar ein halling etter Jon Rosenlid

¤¤¤

FRIKAR dance company taking off with halling & parkour in the warm ups for Norway`s got talent, Norske talenter
¤¤¤

¤¤¤

¤¤¤

¤¤¤

Vidar Underseth dansar Halling. Hallgrim Skjerdal spelar, Noril Therese Norheim med hatten

¤¤¤

Du kan sjå Romjulsfesten i Flekke. HER

¤¤¤
I morgon, 15.01. vert det dansekurs kl 11.00 til 15.00
Kom til Flekke og bli med då!
.
Hugs å danse! Torsdagsdans kvar veke

Vist 308 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Delar denne lenka på fb. Dette blir sikkert kjøle kjekt for dei som kjem! Det er flinke folk som leiar det heile -og med felespel av Egil får de vakre tonar til! Flott tiltak! :)

Annonse

Nye bilder