Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Nokon eldre, større, høgare?

(Julegrana i Dalstunet, Dale i Sunnfjord 06.12.2011. Foto: M. Reisæter)

I dag er det 20. dag jul og med den forsvinn gjerne jula ut. Veit nokon om ei julegran på rot som er større, høgare, eldre?? Frå Landbruksforvaltninga (LAF) har vi fått opplyst at grana i Dale er ca 70 år, ca 21 m høg og har ein stammeomkrets i brysthøgd som gjev ein diameter på 0,62m. Men som vi ser, er toppen noko skada, truleg i ein storm ein gong. Under den siste stormen sto denne grana støtt, heldigvis. Takk for jula og lysa denne gong!

Vist 301 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Sjå
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/lokalhistorie/Ein-kjempetradisjon-1909878.html#.TxB-6qN5mSM
Om julegrana på Bolstad

Takk til Steinar Kyrkjebø for link til opplysningar.!

35 meter med julestemning
AV: kjartan rødland

Publisert: 15.des. 2008 (12:59) Oppdatert: 15.des. 2008 (13:01)

Andre stader samlar folket seg rundt ei meir eller mindre stor granbusk og tenner lys første søndag i advent. Ikkje slik på Bolstadøyri. Der er det samling 3. søndag i advent, for då er det den store grana ved elva som vert juletre – og når den grana er tent, er det verkeleg alvor med jula!

Det er like tradisjonelt at lysa vert sløkte 6. januar, på trettendagen. Då er jula over – sjølv om forklaringa er at då er det slutt på dei tre vekene der energiverket spanderer straum til dei godt og vel 150 pærene som lyser opp treet – som litt etter litt nærmar seg 35 meter.

Kjelde BT sjå meir HER

Julegrana på Bolstad er på sitt vakraste når du ser henne som midtpunkt på Øyra. Rett bak grana ser du det gamle og nye huset på laksegarden Bergagarden, bak der att er ungdomshuset, den vesle gata oppe på Øyra, og bedehuset lengst ute der elva og fjorden møtest. FOTO: Stefan Palmér

Meir om julegrana på Bolstad:

http://www.avisa-hordaland.no/lokalnytt/voss/article5859806.ece

Annonse

Nye bilder