Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 8. januar). Les mer om roperten…

Norsk Barneblad. Å lære nynorsk.

Historia til Norsk Barneblad.

Norsk Barneblad er eitt av dei aller eldste barneblada i verda som framleis kjem ut. Det var den 26 år gamle studenten Kristen Stalleland frå Grimstad som grunnla bladet i 1887. Til det første nummeret hadde han 36 abonnentar. Han kalla bladet Sysvorti Norskt Barneblad. Sysvorti er det same som svarttrost. Etter få år vart namnet berre Norsk Barneblad, men svarttrosten er framleis maskot for bladet.

Tanken med bladet var først og fremst å gje dei unge lesestoff på nynorsk. Men det var også viktig å lage eit blad der ein tok dei unge meir på alvor. Snart tok også mange barn til å skrive i bladet.
Mange kjende personar har vore redaktørar: Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll, Johannes Farestveit, Jostein Krokvik, Olav Norheim og Gard Espeland. Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse har vore innom som redaksjonssekretærar.

Mange av dei mest kjende forfattarane og illustratørane her i landet har vore medarbeidarar. Nokre har også debutert i Norsk Barneblad som barn. Halldis Moren Vesaas skreiv i Norsk Barneblad som tiåring i 1918. Per Kleiva som i dag er representert på Nasjonalgalleriet, vann ein teiknekonkurranse i bladet som trettenåring i 1947. Det er fleire slike døme.

Frå 1938 har teikneserie-figuren Smørbukk hatt fast plass på baksida av bladet. Han vart først teikna av Jens R. Nilssen. Sidan tok Solveig Muren Sanden over. I dag blir serien laga av Håkon Aasnes. Han lagar også dei to populære teikneseriane Annika og Hanna.

Mange kjende forfattarar skriv for Norsk Barneblad, men bladet er også eitt av dei få der nye forfattarar, illustratørar og teikneserieskaparar kan prøve seg. Det hender dessutan at vi trykkjer opp att klassikarar, både norske og utanlandske. Elles er det aktuelle fagartiklar og reportasjar – ofte slikt ein ikkje finn så mykje av i andre blad.

Dei aktive lesarane skriv sjølve ein stor del av bladet. Først og fremst skriv dei til spalta Ordskifte, der det til tider er ein heftig debatt som både gamle og unge følgjer med i.
.

Hanna
(Klikk på bileta og dei blir større.)

Skulen
.

Smørbukk

.
Teikneseriar
Norsk Barneblad har i kvart nummer minst fire teikna seriar. Fast går Hanna, Annika, Skulen og Smørbukk. I tillegg har vi ofte gjesteseriar.
Kanskje har du ein liten teikneserieskapar i magen? Send gjerne inn teikningane dine til oss og kanskje kjem du på trykk.
.
Abonnement
Norsk Barneblad med ”Juletre” kjem ut ein gong om månaden med unnatak for skoleferien. Abonnementet går til det blir sagt opp.
Bladet kostar 449 kroner for eitt år (571 kroner i Norden/Europa og 611 kroner til resten av verda). Prisen er 749 kroner for to år
Vil du lese Norsk Barneblad og er under 18 år? Då må ein vaksen bestille abonnementet for deg!
.
¤

Kva seier dei som les bladet om Norsk Barneblad? Frå NB Ordskifte.

Hei! Eg har abonnert på Norsk Barneblad sidan 1. klasse, men aldri sendt inn noko til Ordskifte (men eg likar å lese det andre har skrive)!

Eg går i femte klasse no. Dei fleste i klassa mi sukkar og seier at skulen er kjedeleg, men eg tykkjer den er kjempeartig, eg. Eg pratar bokmål. Men der eg bur, har vi nynorsk som skriftspråk, så eg må skrive det. Men eg synes ikkje det er så farleg, eg kan nynorsk like godt som bokmål.

Og Nana, Norsk Barneblad er det beste bladet som finst!:-) Eg elskar det!! Eg likar også eit blad som heiter Illustrert Vitenskap. Eg synest det er spennande å lese om solsystemet og andre fakta-ting. Er det andre her som likar å lese om fakta?

Eg likar eigentleg å lese alle slags bøker og blader. Nokon andre som likar å lese? Nokre gonger kan eg sitje heile dagen og lese. Men da blir eg litt svimmel etterpå. Ja, det trur eg var alt. Men de likar vel lange innlegg?

Helsing frøken Skrivekløe
.

Ane Lorentzen
1.11.2009 at 14:03 |Permalink| Reply

Hei! Nana; eg har skrive inn til ordskifte, men eg trur ikkje det har kome med, enda. Så viss det ikkje kjem med, så skriv eg i hvert fall at eg er ny her. I går gjekk eg Halloween med tre andre vennar, og det var supert! Vi fekk til saman 3,200kg godteri og frukt. Hjå ein gamal mann fekk vi ein heil pose peanøtter. Er det nokon andre som plar gå Halloween, her? Mimmi; eg og elskar Harry Potter. J. K. Rowling skriv superbra! Eg har lese alle bøkene + Skalden Skurres historier. Kor mange har du lese? Ja, det trur eg var nok for i dag.
Klem frå frøken Skrivekløe:)

,

LeseHesten
7.11.2009 at 14:19 |Permalink| Reply

Nb er gøy, har noen nummre fra 2001 og liker fortsatt å lese det selv om jeg er 14 år. Mest av alt liker jeg ordskifte, og i bladet stod det at det også fantes ordskifte på nettet, så jeg stakk innpå nettet for å lese. Men her var det lite aktivitet folkns! Skjerpings, ellers gidder jeg ikke å skrive mer her.

Har også lest HP, gøye bøker men har lest bedre. Gå inn på ordskifte om bøker, så kan vi heller snakke om det det.

//LeseHesten

.

ponta delgada
10.11.2009 at 17:35 |Permalink| Reply

heii igjen
nå er det tentamen tid:-(
igår hadde eg heldagsprøve i bokmål og i morgen skal eg ha nynorsk, deretter blir det engelsk og… matte:-(
men over til noe annet. er det fleire enn meg som allerede begynte med julehandelen i oktober??
er det nokon her som har den nye th plata?? den er kjempefin, hva er din favorit på plata? min er world behind my wall, den er bare helt nydelig…
har noen gSm(www.no.gosupermodel.com)? isåfall jeg heter tokiohotelfan96, det hadde vært gøy om du la meg til venn eller bekjent:-P.

hilsen ponta delgada:-P

.

Gunn Karin
21.11.2009 at 00:43 |Permalink| Reply

Hei!
Eg har aldri vore inne på denne sida før. Er vel eigentleg for gamal til å lesa Norsk Barneblad no,men eg lurer på korleis bladet er no?
Eg tenkjer på å kjøpa eit abonement til tantebornet mitt.Ho er seks år og har byrja i fyrste klasse. Er ho for liten til å lesa NB eller passer det å gje ho bladet til jol?
Må berre sei at eg saknar Norsk Barneblad! Hugser ordskifte då eg var liten så vart det diskutert mykje om kven kom fyrst,høna eller egget? Og om det heitte gulost eller kvitost!

Nana redaktør
25.11.2009 at 15:18 |Permalink| Reply

Gode Gunn Karin!
Så hyggeleg at du saknar Norsk Barneblad. Dersom tantebarnet ditt har ein vaksen som kan lese litt saman med ho så er ho ikkje for lita nei. Men ungar er som oss vaksne, forskjellige – så det kjem vel litt an på jenta rett og slett.
Det heiter forresten kvitost – om du spør meg

.

Maria Sørskår
22.1.2010 at 22:51 |Permalink| Reply

Hei Norsk Barneblad

EG ELSKER NORSK BARNEBLAD!

eg lurte på om de i norks barne blad kunne hatt litt oftare lensmann snufs i blada dykkars? det er kjempe kjekt å lesa Norsk Barne blad og det er INGENTING negativt å sei om det! Nana Du er ein kjempe redaktør !!!!!!!!

¤
Les eit eksemplar av Norsk Barneblad HER

¤

¤

Dette var reklamen.
Sjå Heimesida til Norsk Barneblad
Kjelde: Norsk Barneblad.
Kanskje du skulle tinge Norsk Barneblad til nokon?

8.01.2012
Asbjørn Eikerol

Vist 163 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Norsk Barneblad var eit godt blad på mange måtar!
Vi hadde det i heimen i fleire år; frå slutten av 1960-talet til godt ut på 1970-talet.
Eg trur ikkje at eg tok skade av det.

Norsk barneblad og julehefta Smørbukk og Tuss og Troll har utan tvil prega min oppvekst. Det er blad som eg har hatt mykje glede av og som har vore lest fleire gonger. At blada er på nynorsk har vore med på å forme mitt språkleg medvit.
Framleis held desse blada stand og det er imponerande og flott.
Noko av grunnen til det at er at desse blada framleis fins er at dei har klart å utvikle seg i takt med tida samstundes som det har klart å halde oppe kvalitet.
Vi treng definitivt slike blad som som kan vere gode språklege førebilete for folk.

Fleire burde lese Norsk Barneblad. Eg hugsar – for lenge sidan då eg var 10 år- at læraren sa til oss jamgamle at no burde vi spørje foreldra om å få tinge Norsk Barneblad. Det var stas då bladet kom, m.a. korleis går det vidare i framhaldsforteljinga. Vi fekk og med oss dei viktigaste sprortshendingane sidan sist – flotte bilete av skihopparar i svev og langrennsløparar som hasta gjennom skiløypa i skogen.

I skuleboksamlinga var det innbundne tidlegare årgangar av Norsk Barneblad, og det var lesekø på desse. Dessutan gav Norsk Barneblad forlag ut spanande nynorske bøker. Vi hadde ikkje fjernsyn, og i fritida las vi mange bøker. Eg trur at dette var til stor hjelp for språkkjensla vår.

Norsk Barneblad er framleis viktig, og eg har gjeve det i gåve til barnebarn. Akkurat no er dei komne til vidaregåande skule, men eg ventar på at Isak (5år) skal kome i “Norsk Barneblad-alder”. Eg vil oppmode om å gje Norsk Barneblad i gåve til barnebarn. Det er viktig at barn opplever gjennom lesing og ikkje berre gjennom å sjå på fjernsyn.

Aud Lunde

Annonse

Nye bilder