| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 30. desember 2011). Les mer om roperten… Romjulsfesten i Flekke.![]() Det var Dalsfjorden Spelemannslag som arrangerte fest i Flekke torsdag 29. desember. Der var fleire danseorkester så vi fekk variert dansemusikk. Først spelte spelemannslaget. Seinare kom ei ny pop-gruppe: Ramskogås. Men dei hadde laga konsert-program også: Ole Martin Snekkvåg-trekkspel, Bjarte Berge-hardingfele og Knut Soghei-gitar spelte Hestekaren, ein reinlender etter Askerladden. Andreas Ramstad var kåsør. Han fortalde frå mangt han kunne hugse om Flekke, Vonheim, ungdomslaget og flekkingane. Ja, han tok med slikt som mor, bestefar og oldefar frå Eikelida hadde fortalt. Med utviklinga på Haugland og Magne Bjergene vart det eit heilt lokalhistorisk oversyn. Spelemannslaget hadde meir enn musikk. Du kunne få kjøpe kaker og kaffi og julebrød med brunost. Linda Strand og Esther Alisøy stod for matsalet. Dette gjekk bra og folk fekk danse og bevege seg. Så dette er eit retteleg godt tiltak og tilbod i romjula.
. Desse musikarane i Dalsfjorden Spelemannslag var med i Flekke: 30.12.2011
Litt frå andre: .
Vist 258 gonger. Følgt av 1 person. | ||