| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 24. januar 2011). Les mer om roperten… "På veg mot stjernene". Folkemusikk. Konsert med Nordic i Fjaler. 16. januar i auditoriet på Haugland. Kafé og dans.
“FolkJazzScena presenterer NORDIC, tre unge svenskar på veg mot stjernene! Konsert søndag 16. januar på UWC i Flekke. Må opplevast!” Erik Rydvall, Magnus Zetterlund og Anders Løfberg er folkemusikarar som alle har vore studentar ved Kungliga Musikkhøgskolan i Stockholm. Dei spelar på nøkkelharpe, mandolin og cello. No var dei på ein liten norgesturné til Oslo, Bergen og Flekke. Det var mange i konsertsalen på UWC i Fjaler. Vi fekk ein spennande og fin konsert. Om dei spelte tonar inspirert frå Brasil, Karibien eller Italia, var der nokon i publikum som høyrde heime der. Dei framførte ti melodiar. Det var veldig god stemning og engasjerte tilhøyrarar. Det var ståande applaus og ekstranummer. Frå ‘Nordic’ UWC takka Arne Osland for konserten og gav dei boka om Dalsfjorden som minne herfrå. Etterpå var det SAFUGE Kafé og dans til Dalsfjorden Spelemannslag. Nokre foto og filmbit frå konserten i Fjaler. 24.01.2011
Dette seier Nordic: Her var dei i Bergen. Nokre foto frå dansen med Dalsfjorden Spelemannslag: Fjaler Origo HER
Vist 615 gonger. Følgt av 1 person. | ||