Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 31. august 2010). Les mer om roperten…

Langs gamle stiar

Eitrenipa og Kringla frå Fossedalsvatnet 29/8 Foto:G.Skaar

Eg gjekk den gamle ferdselsruta frå Skjerlia i Førdefjorden til Fossevika på søndag. I eldre dagar nytta dalingar og andre denne gjennomfartsruta når dei skulle på sildefiske ved Florøkanten. Ruta gjennom Fossedalen og langs Krokavatnet til Skjerlia er den som ligg lågast over havet når du går over fjellet sør/nord. I luftlinje er avstanden gjennom Fossedalen til Førdefjorden for kort å rekne.

Søndag var eg dessutan ein avstikkar oppom Fossedalshengenipa. Dennne flotte toppen med nydeleg utsikt over området, ligg lageleg til som eit toppunkt på denne ruta. Referat og bilder frå turen ligg på bloggen min.

Eg var så heldig å treffe Odd og Alma i Fossedalen då eg kom hit. Det er alltid like hyggjeleg. I denne forbindelse kom vi inn på Dalsfjordbrua, og kva dette kan ha å seie for bruken av nordsida av fjorden i tursamanheng. Og vidare korleis dette kan virke inn på bruken av Øvre og Nedre Fossedalen.

I mine auge gir dette nye og fantastiske turdimmensjonar over heile den unika nordsida av fjorden. Du kan i gåavstand frå Dale nå dei flottaste fjelltoppane som er i distriktet, gode fiskevatn, Nipebu og unike turområde. At det no føregår eit merkeprosjekt i Steiestølstraktene er veldig bra. Difor meiner eg ein bør halde fram i denne ånda på nordsida òg. Her slepp du å bruke tid i bilen for å komme deg på fjellet, og området er minst like fint som i sør…

No kjem brua, det veit vi, men arbeidet med å tilrettelegge sti bør kome i gang så fort som mogeleg. Det bør byggjast ein parkeringsplass (trur det er tenkt!?) og god gangsti frå enden av brua på Ottersteinen til Fossevika. Korleis denne stien skal tilretteleggast må planleggast i samråd med grunneigarane. Men nokon bilveg vil ein sjølvsagt ikkje ha!

I dette arbeidet må ein òg utbetre stien opp Kleivane. Denne jobben vart i si tid påbegynt av Fossedalens Vener, men er ikkje fullført. Om stien i dag ikkje direkte er farleg, så er det likevel tildels vanskeleg og glatt å kome seg opp. Spesielt for folk litt opp i åra. Eit viktig poeng i denne samanheng er at åra går, folk som har eit forhold til Fossedalen eldest, og vedlikehald av bygningsmasse ofte er avhenging av desse menneska. For både turgåarar og grunneigarar vil ein sti frå Ottersteinen, og utbetring av stien opp Kleivane, vere veldig viktig for framtida. Og slik at komande generasjonar også kan få eit forhold til Fossedalen og ta vare på kulturminna… Eg håpar andre òg vil sjå verdien av dette.

Eg vil difor oppfordre kommunale interesser i Askvoll og Fjaler, og private lag, om å komme på bana i denne saka. Dugnadsånda veit eg lever. Nemnde prosjekt bør etter mitt syn ha høg prioritet når ein veit kva tur- og kulturverdiar vi har på nordsida av Dalsfjorden.

Vedlagt nokre bilder frå søndag

Lette skoddeslør over Fossedalshengenipa. Langevatnet med Nipebu t.v.

Utløpet av Svartetjørna. Fossedalshengenipa t.h.

Kloppa i sørenden av Krokavatnet

Øvre Fossedalen med Kringla bak (motlys…)

Motiv ved Øvre Fossedalen

Fast fotoplass ved Fossedalsvatnet med Øvre Fossedalen og Eitrenipa i bildet

Eitrenipa, og Kringla (N&S) ved sørenden av Fossedalsvatnet

Ved Fossedalsfossen

Fam Odd Fossedal

Det beiter sauer i Nedre Fossedalen no

Broderen henta meg i Fossevika

Kjende motiv frå nordsida av Dalsfjorden

ds

Vist 497 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Nyyydelege bilde, Gustav. Er heilt samd med deg i at Dalsfjordbrua gjev ein fantastisk sjanse til å nå dette enorme turterrenget.

Takk for kjekk kommentar Norman, og takk til Asbjørn, Sigurd og ein annan for bra på “Langs gamle stiar”.

Norman: Du har eit stort nettverk i Dale. Prøv å bruk det i denne saka. Eg er heilt sikker på at Rolf, Arve, Sillan etc går for dette. Stien opp Kleivane er starten på DNT-ruta til Nipebu, og eg skal prøve å ta eit initativ denne vegen. Eg trur Nipebu òg kan bli meir brukt i framtida når Dalsfjordbrua kjem. Det er veldig bra det arbeidet som er gjort med nye bruer og merking denne vegen, men som alltid treng slikt vedlikehald, og det gjer ikkje seg sjølv! Som alltid er det fokus og prioriteringar slikt går på. Men eg er heilt sikker på at brua gjev eit løft i denne samanheng òg.

Vakre bilder Gustav. Vi har eit fantastisk flott turtereng på nordsida av fjorden som du med dine bilder får vist fram.

Flotte bilete av nydeleg natur! Er så fint der i Fossedalen! Hugsar dei frakta sauer frå Våge med gavl, inn der om våren. Sauesankinga om hausten var litt av eit eventyr å få vere med på for ein unge! Flott at området i framtida kan bli lettare å nå, viktig óg at det blir godt merka og rydda turløyper så flest mulig kan få oppleve denne vakre naturen!

Takk for gode kommentarar Steinar og Aud-T. Artig å høyre at dei frakta sauer frå Våge og inn hit. Heilt sikkert kjekt å få vere med på. Det fortel vel at her var godt fjellbeite. Det er i grunn litt trasig at tida for sau i fjellet nesten er ein saga blott. Sauer og geiter held landskapet i hevd. Og fører til liv og røre. Sauesankinga er alltid ei kjekk oppleving.

Det var ein del sauebønder frå Våge, som fikk leige beite i nedre Fossedalen på slutten av -50, -60 tallet. Det å få vere med på sauesankinga om hausten, var eit av høgdepungta i tilværet, mykje takka vere dei kjekke folka som var der i Fossedalen!

Js, slike hendingar er både sosiale og kjekke. Synd at mykje slikt etterkvart går tapt.

For meg var Fossedalen først og fremst Gunnhild og Øystein. Vi ungane og seinare ungdommane var mykje her og på Dalsstølen i hytta til Harald D. Gjekk turar på Kringla, Heileberget og Fossedalshengenipa. Låg i telt og fiska i Krokavatnet og Fossedalsvatnet. Vi fekk alltid kald og god saft av Gunnhild når vi gjekk forbi. Ho var eit rikt og varmt menneske. Når eg no i dag går i desse gamle fotefare, har eg veldig flotte minner til denne tida.

For framtida er kulturminna veldig viktige å ta vare på. Og gjerne sette ord på. Ikkje mindre viktig er det at sjølve bygningsmassen blir teken vare på. Det har Odd og syskena i Fossedalen vore flinke til. No har ein òg fått god hjelp til å setje i stand gamlefjøsen (såg eit foto på facebook hin dagen der talet 1833 var inngreve i ein bjelke) ved at m.a. Ove L dreg i trådane. Dette er kjempeflott! Sjølvsagt er det òg heilt vesentleg at ungdommen ser den historiske verdien av – og får interesse for – å ta vare på landskap og bygningar. At Dalsfjordbrua kjem, og at ein får ordna stien opp Kleivane, er difor viktig. Dette trur eg andre òg ser. Likevel er det vesentleg å halde fokus og prioritere nettopp dette. Rett og slett at det ikkje kokar ut i kålen…

Ute i naturen kjem alltid folk nærare kvarandre. Det er sosialt og godt for helsa. Og for meg er naturen og kulturminna knytt til dette veldig viktig å ta vare på for framtida.

Biletet syner ELRAKI i Nedre Fossedalen. Foto G.Skaar

Bygningsmassen i Øvre Fossedalen treng òg vedlikehald. Foto G.Skaar

Båtstøet ved Fossedalsvatnet skulle vore teke hand om. Foto G.Skaar

Oi oi oi – dette har eg ikkje sett før – Til sommeren må det bli Fossedalen også!
Er veien innover ferdig da mon tru!?
e

Takk for kommentar Elsa. Stien til Fossedalen er bra. Går du frå Rivedal er det ein fin tur å gå til Nipebu via Vagstaddalen og til Fossedalen og Fossevikja etterpå. Stien er merka heile vegen og grei å gå.

Annonse

Nye bilder