Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 29. juli 2010). Les mer om roperten…

Fjaler lokal. Steinmassar. Kultur. Filosofigangen på Tysse. Nokre foto.

Kvar skal vi lagre steinmassane frå tunnelane som kjem ved bygging av Dalsfjordsambandet? Statens vegvesen vil dumpe noko i sjøen. Noko skal lagrast i Skadalen og i Rivedal. Somme meiner at dei kunne bruke dette til å utvide smal veg inn fjorden. Men det går vel ikkje?
Somme vil visst legge eit lag på uteområdet ved ungdomsskulen også. Men blir det flaum, som det blir av og til, så druknar den nye kjellarstova til Jakob Sande.

Transplant. Daleprosjekt tek debatt om teknologi: Skal vi lage straum av døde kroppar? (Firda.)

Firda fortel om 300 studentar i kø for hybel i Førde og Sogndal. I tillegg kjem elevar på vidaregåande. Dei 24 elevane som vert stengde ute frå DVG får det ikkje så lett. Og det vil koste meir. Sjå tankelaus nedleggingsplan HER

På laurdag er det Olsokfeiring i Korssundet. Kjell Skår organiserer. Det er ein tradisjon at dei lagar til litt ekstra på laurdag ettermiddag, nærast olsok som er den 29. juli. Dei har også Korssundkorsen og sundet til minne om Olav den heilage. Her er kåseri, musikk og marknad og utstilling. Kafé og grilling. Sjå HER

Kulturscene Fjaler har program på laurdag klokka tolv:
Rolf Kleiven kjem og viser korleis du spelar kongespel, vikingane sin bowling.
Bruktbokhandel. Ta med brukte bøker å levere. Kjøp billeg, eller byt to-tre mot ei.
Blad, musikk, dvd?
Sjå dokument for regulering: Skadal, Kvamen, Nautsund og Folkestad.
Musikk?
Vil du opptre? Kom! Sjå meir HER

På Tysse har dei teke til på brua i Tyssegjelet. Det er Geir Sande som er i gong med å bygge opp att ein mur frå sorenskrivar Landmark si tid. Snart kan folk vandre på Filosofigangen frå Tysse til Leitet. Men det er bratt og mørkt under tunge grantre, så somme seier dei vil ikkje gå der etter at det har blitt mørkt.

Nokre foto.
(Under arbeid)

Beste foto: Dale Skyttarlag har avvikla Dalestemnet. Mykje god skyting, fortel dei. Her studerer alle resultatlistene. Foto: Dale Skyttarlag.

Måsen trur at Øyra i Dale er eit fuglefjell.

Dei arbeider med å måle kyrkja i Dale.

Somme tider må dei pakke veggen inn i regnfrakk.

Sykkel for to. Konstruksjon Håkon Eikerol.

DVG

Kunstgrasbane og idrettshall.

Dale vidaregåande skule.

Fjaler Motorsportklubb har bane i sandtaket.

Ferja og M/S Lady Christina på veg til Dale. Turbåten går forbi. Hugs cruise på Dalsfjorden kvar dag til ut august. Askvoll, Dale, Bygstad og retur.

På Bjerga er Oddvar Øksenberg i gong med å trene opp eit nytt volleyball-lag. Han satsar på sandvolleyball i Brasil til vinteren. Taktikk: Høge ballar.

Geir Sande byggjer opp att bru på Tysse.

Kyrne til Norvald Kapstad på Bjerga har det fint på hå-bøen.

Ein liten tass prøver å tygge gras slik som dei store. Ikkje så godt som mjølk.

Etter frukost kan vi legge oss nedpå litt. Kvile. Ferja får berre gå si rute.

Vist 488 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder