![1404094 h0deb813fed2866b125f6 v1275762648 562x450[1]](/images/blank.png)
![1404094 h0deb813fed2866b125f6 v1275762648 562x450[1]](http://media3.origo.no/-/cache/image/1454989_hb963512e2fa2daef85ca_v1280227929_250x450.jpeg)
![1440772 hb452528074a61d18e4fb v1278843071 562x450[1]](/images/blank.png)
![1440772 hb452528074a61d18e4fb v1278843071 562x450[1]](http://media2.origo.no/-/cache/image/1454999_h9926bda77a6ec491af91_v1280227956_250x450.jpeg)
Kva er Kulturscene Fjaler kvar laurdag klokka tolv?
1. Det skal vere ein møtestad for folk. Eit trivelegare sentrum.
2. Ei scene der grupper, lag og verksemder kan vise seg fram. Her blir skapt litt aktivitet i sentrum.
Kvifor?
Det er kjekt for folk her viss vi får dette til å fungere. Og det er viktig å presentere eit attraktivt og triveleg sentrum.
Folk som kjem til Dale med båt, bil eller buss vil no møte sitteplassar og bord der dei kan prate med folk.
Tett attmed er der mange butikkar der du kan bli av med litt pengar.
Her er Bakeriet med mat og drikke.
Kven betalar?
Kulturscene Fjaler treng ikkje koste så mykje.
Fjaler Sparebank og Vevang Produksjon har betalt for utemøblar som står i Melkevegen.
Desse er lette å svinge til sides for danseplass eller aktivitetar.
Dingemoen Idrettspark har gjeve teppe som kan rullast ut for dei som treng eit betre golv. Dans, turn, halling.
Steinar Skadal og Bakeriet hjelper til med plass under tak og straum. Somme får hjelp med lyd og lys.
Vi takkar desse fire sponsorane!
Positiv respons og deltaking frå:
Kulturkontoret.
FNU. Fjaler Næringsutvikling.
Butikknemnda.
Futt i Fjaler-folka.
Deler av kulturlivet i Fjaler. Dette er litt nytt for mange så vi håpar alle blir med etter kvart.
Kven kan så bidra med kulturinnslag?
Musikkorpset, Dalsfjorden Spelemannslag, Idrettslag, Ungdomslag, Torsdagsdansen, fleire songkor, grunnskulane, DVG, UWC, Dalsåsen Kunstnarsenter, Transplant, Trekkspelarane, Musikkskulen, Jakob Sande-selskapet / Klokkargarden, Jensbua, fleire band og musikkgrupper, Dans Utan Grenser-gruppene, Raude Kors, Lions, Sogelaget, ATV/MC, Fjordhestlaget, Veteranbiltreff, Kommunestyret, Musikkverkstaden, biblioteket og fleire.
Vi ser at desse kulturkreftene her kan ha eit tilbod i meir enn seks månader dersom dei tek programmet ein eller to laurdagar for året. Og det er lett å lage eit lite show på 20 minuttar eller to timar som dei viser klokka tolv kvar laurdag. Vi treng at alle er positive og bidreg. Dette vert ein dugnad eller PR for det ein driv med.
Verksemder som sel noko, kan til og med tene pengar.
Kanskje kan vi invitere lag frå andre kommunar til Utescena, Kulturscena i Fjaler? Og vi kunne samarbeide med andre som arrangerer noko i Fjaler?
Kva kostar det?
Det er gratis.
Må det vere laurdag klokka tolv?
Nei. Det er utgangspunktet. Men du kan velje alle dagar og andre tider. Men det kan vere lurt å fortelje det her på Origo Fjaler, Kalender til høgre. Og avtale med Bakeriet. Her er også plass for fleire artistar same laurdagen.
No er det viktig å oppmuntre alle som har noko å vise fram til å melde seg på og komme og lage show og liv i sentrum kvar laurdag kl.12.00. Jantelova gjeld ikkje her!
Litt frå planar vi hadde i juni HER
27.07.2010
Asbjørn Eikerol


Sitteplassar og møtestad. Eit trivelegare sentrum.


Astrid følgjer godt med på musikken.
![1404045 h11e02425f1a031e50a11 v1275760036 562x450[1]](/images/blank.png)
![1404045 h11e02425f1a031e50a11 v1275760036 562x450[1]](http://media1.origo.no/-/cache/image/1455003_hac712d4a17e4d2712e45_v1280228254_562x450.jpeg)
Juniorar i Dale Musikkorps.
![1440772 hb452528074a61d18e4fb v1278843071 562x450[1]](/images/blank.png)
![1440772 hb452528074a61d18e4fb v1278843071 562x450[1]](http://media1.origo.no/-/cache/image/1454999_h1f2c2f7a8d450dc74b21_v1280227956_562x450.jpeg)
Sturle Sandvik. Vi fekk litt regn og Sturle fekk vere inne. Men Steinar kobla høgtalar ut også.
![1425488 h685e9f40ad24517442e9 v1277580785 562x450[1]](/images/blank.png)
![1425488 h685e9f40ad24517442e9 v1277580785 562x450[1]](http://media2.origo.no/-/cache/image/1454997_hc14575c207e0ed2fa4d4_v1280227952_562x450.jpeg)
Kjøp og sal. Har du noko å selje?
![1412853 he1220c6f8fd474bf4b66 v1276460056 562x450[1]](/images/blank.png)
![1412853 he1220c6f8fd474bf4b66 v1276460056 562x450[1]](http://media3.origo.no/-/cache/image/1455010_h40f4494718f456698000_v1280228406_562x450.jpeg)
Andreas Ramstad på trekkspel.
Dei som har vore på scena sidan 5. juni:
Dale Musikkorps.
Torsdagsdansen.
Jukebox.
Sturle Sandvik.
Vevang Produksjon. Sal.
Frank Mikkelsen.
Dalsfjorden Spelemannslag.
Kongespel og Rolf Kleiven. Og meir. HER
Kurt Soltveit, song, og Mark Taylor.
Desse kjem snart:
Marknadsdag i Dale. Fullt.
Useless Stuff.
Jakob Sande-selskapet.
Mark Taylor med Cantus og Leif Gunnar Igelkjønn.
Yndestad Gard. Oddleif Yndestad.
Bjarne Huseklepp med fluger og Bergheimsluken.
Kurs i einhjulsykkel. Erlend Eldevik
Dans med FUS.
Dans med Torsdagsdansen.
UWC.
Og mykje meir på Kulturscene Fjaler laurdagar klokka tolv.
Atterhald om vér. Då vi ikkje har glastak over Melkevegen kan ting bli utsett på grunn av dårleg vér.
Program Kulturscene Fjaler