Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 11. juli 2010). Les mer om roperten…

Førdefestivalen kom til Fjaler. Flamenco på Transplant.

Frå førehandsomtalen av konserten:
Orchestra Chekara Flamenca i Transplant. Pasjon og mystikk; eit heftig møte mellom urgamle arabiske og andalusiske tradisjonar.
Arabisk mystikk og andalusisk pasjon smeltar saman i ei fyrrig forestilling der musikarar og dansarar frå Marokko og Spania feirar dei nære banda som har eksistert mellom landa i fleire århundrer.
Samarbeidet mellom det marokkanske orkesteret og spanske flamenco-artistar har eksistert i over 20 år, og byggjer på musikk frå ei tid då jødar, kristne og muslimar levde side om side i det sørlege Spania.
Bu deg på ein intens og kjenslelada dialog over Gibraltarstredet.
Heimeside Orchestra Chekara Flamenca

Og dette vart moro i kveld. Flamenco er fengande dans med smell og fart. Det passar vel godt å legge inn litt flamenco på Torsdagsdansen no? Det er ein dans med tradisjon. Og publikum likte det dei høyrde og såg. Det vart ståande applaus og ekstranummer. Kjekt. Og veldig fint at vi får litt internasjonal folkemusikkfestival til Dale.

Nokre foto:

11.07.2010
Asbjørn Eikerol

Folk finn plass på Transplant.

Her vert heilt full konsertsal i Dale.

Kåre Sandvik hadde fått ansvar for lys. Han var litt stressa, sa han.

Musikarane er i gong.

Maria dansar.

Dansen er også musikk, rytme med smell.

Folk på konsert.

Maria skifta bunad tre gonger.

Flamenco. Dans frå Andalusia, Spania, i sigøynartradisjon.

Fint at vi får ein konsert i Dale.

Dalsfjorden og Heileberget kjem nesten inn i konsertsalen når dei dreg forhenget frå.

Dette var moro.

Transplant i Dale.

Vist 526 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Denslags kulturmangfold vil vi gjerne ha i Noreg!

Annonse

Nye bilder