Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Reisebrev frå Tyrkia, del 4

Denmne gongen dreg vi til Istanbul, eller Bysants som den het i romertiden, Miklargard var namnet når vikingene herja, og før den fekk namnet Istanbul som tyder “til byen”, var den også kjent som Konstantinopel.
Istanbul er verdas femte største by når det gjeld antal menneske som lever i bykjernen, med omlag 12,8 millioner innbyggare. Byen ligger ved Bosporus-stredet og strekker seg både inn i Europa og inn i Asia, og er den eneste metropolen i verda som ligger på to kontinent. Bosporus-stredet går fra Marmara-havet og inn til Svartehavet.

Det Gylne Horn

Når vi drar på jobb i Svartehavet, så går turen alltid via Istanbul. Flyplassen her har veldig god forbindelse videre med resten av Europa. Sjøl så flyr eg vanlegvis med Turkish Airlines_ , som blant anna no er blitt sponsor for sjølvaste Manchester United. Dette flyselskapet blei i år kåra til det flyselskapet i verda som hadde best service på økonomiklassen ombord.

Den blå Moske eller Sultanahmet Camii som den heter på tyrkisk.

Istanbul har mange ting å sjå for ein turist. En av dei store attraksjonane er Den blå moske, namnet har den fått på grunn av alle dei blå tyrkiske flisene som er brukt på innvendig dekorasjon av moskeen. Den ble oppført mellom år 1609 – 1616 og er kjent for å vere ein å få moskear som har 6 minaretar.

Dekorasjonar inne frå den blå moskeen

Istanbul er også eit eldorado for den som vil handle. Du finner alle kjende motehus i verda der, men kanskje det kan vere meir interessant å besøke “Grand Bazaar”. Dette markedet er et av dei aller største overbygde markedene i heile verda. Det ble åpnet i 1461 og har over 1200 butikker under tak, og blir besøkt av opptil 400.000 mennesker kvar dag. Grand Bazaar er spesielt kjent for sitt utvalg av gull, keramikk, krydder, tepper og skinnvarer.

Inne i ein av dei 52 gatane i basaren

Slepp din betre halvdel laus her inne, og du har fri resten av dagen :)

Er du på besøk i Istanbul så er en tur over Galata-broen noe alle bør få med seg. Turen fører deg over til det som ein gong var gamle Konstatinopel. På den eine sida holdt lokalbefolkningen til, mens på den andre sida var det alle nykommere, handelsmenn og hvor befolkningen i hovedsak ikkje var muslimar. Dagens utgåve av brua er den femte i rekken og heilt sidan 1845 og fram til 1930 var det avgift på passering av brua. Det stod soldater i kvite uniformar på kvar side og krevde inn avgift. Kun militære, brannmenn og politi fekk passere gratis. Sjøl husdyr som heit og ku måtte dei betale for når dei skulle passere brua.

bilete er tatt frå Konstantinopel-sida av brua

På grunn av Bosporus-stredet så har båttrafikk i alle tider vore ein mykje benytta ferdselsåre i Istanbul. der går ferje mellom mange ulike bydel og om ettermiddagen kan ein sjå mange forretningsfolk og andre som tek båten heim etter dagens arbeid i byen. Langs med kaiane står der også mange som prøvar fiskelykken.

Balik Ekmek – Fisk i Brød

Har du først tatt turen over Galata-broen så må du prøve en “Balik Ekmek”, dvs fisk i brød. Her pleide fiskerene å komme inn og selge fangsten sin. En dag fann ein smarting på at han skulle innstallere steikeplate i båten og tilberede mat på direkten for folk. Fortsatt kan en få kjøpe seg ein steikt fisk med tomat og rå løk med brød rundt. Dette er billig og godt! Tro meg, for eg har smakt.
Det var også artig å sjå kor dei bale på med steiking når større båter passerte på elva og byssa gynga faretruande opp og ned både for kokken og maten han tilberedde.

Andre spesialitetar du vil finne på din vandring rundt om i byen, er gutar som sel ristede kanstanjer frå små vognar dei dreg med seg. Dette er også veldig godt, og vel verdt å smake på.

Bortenfor Hagia Sofia, kan ein finne eit heilt lite kvartal med hus i frå Turkmenistan. Hagia Sofia er forøvrig også eit veldig kjent byggverk som er imponerande å sjå. Det var først ein kirke, før det blei moske, og no er det omgjort til museum.

Har du vore på storbyferie til London, Paris, Roma, Barcelona eller andre av dei vanlege storbyene vi i Norge gjerne reiser til, så prøv gjerne Istanbul neste gong. Det er større, har mere, du opplever flere kulturar, kort sagt kan abefalst på det varmaste.

No tek eg sommarferie, men etter sommaren skal eg prøve å lage eit reisebrev med bilete frå dagleglivet ombord på riggen.

Eg har jo pleid å slutte med bilete at ein statue av Ataturk men denne gongen sluttar eg med fleire bilete av Sultanahmet Camii

God sommar

Vist 605 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Det var ein spennande reiseskildring om Istanbul. Eg har sjølv vore i denne byen i samband med interail-tur i 1997 for å kome dit, reiste eg gjennom Sverige, Polen, Slovakia, Ungarn, Romania og Bulgaria. Å reise med tog, ei ein god måte å sjå verda på landjorda, ikkje minst har ein høve til å treffe nye menneske. Om ein vel denne reisemåten er at ein både har tolmod, tid og at ein har eit fornuftig reisebuddsjett.
Namna på stadane i Istanbul som du Vidar nemnte, er kjent dei har eg besøkt. Ein opplysningar som eg ikkje viste om var om kvartalet med hus i frå Turkmenistan. Elles er byen kjent som ein smeltedigel for fleire ulike folkegruppe/minoritetar i tillegg til tyrkarane.

Istandbul er ein by som verdt å få med seg.

Dette var spennande, Vidar. Du skriv og skildrar godt. Bileta fortel. Eg har ikkje vore i Istanbul, så eg må visst ta ein tur og bruke litt tid der. Det vert vel mange sunnfjordingar som du no får til å dra til Tyrkia.
Sigbjørn anbefaler byen også.
Så må Ahmet Atasavun også fortelje litt. Han er vel best kjend i byen.

Takk skal dåke ha. Kjekt at dåke likar det :)

Annonse

Nye bilder