| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 14. mars 2010). Les mer om roperten… Konsert i Dale. Jubelhornet og Jakob Sande. Foto.Her var Jan Haugen, Joy Taylor, Anne Hilde Skadal, Jørgen Alisøy, Hallvard Arstein og Andreas Ramstad. Fredag 12.mars hadde Jubelhornet konsert på Kroa i Dale. Dei må vere diktaren Jakob Sande sitt eige band. Sidan 1982 har dei halde mange konsertar rundt i landet. På Kroa kom folk i god tid. Det vart heilt fullt. Ekstra stolar og utvida lokale måtte til. Dette var kjekt for oss som var der, og for artistane som heldt konsert. Og dei leverte. “Kva har skjedd? Dei er blitt mykje betre enn før”, sa Kjervin Rochlenge. Men det er vel å vente, dei har øvd i tretti år. Etter konserten var der ei økt med allsong. Til slutt vart deler av Jubelhornet danseorkester, og det var kjekt å få bevege seg meir til musikken. Jubelhornet skal ha ny framsyning i Bergen. HER Meir kultur i Fjaler. Bli med til Grytøyra på laurdag. HER Vil du ha omvising på Klokkargarden? Sjå Jakob Sande sin Heimstad Vil du vite litt om Jakob Sande Selskapet.? Foto. 14.03.2010 ![]() 2010.03.12.mars 005 — Gudmund Solheim fortalde at han nett hadde snakka med ein mann frå Førde. Han hadde sagt: “Når det gjeld kultur, så seier vi: Look to Fjaler.” ![]() 2010.03.12.mars 010 — Kjervin Rochlenge og Harry Alisøy sender helsing til Bjarne Tømmerbakke i Chiang May. Han drog ung frå Dale, sjømann som Vesle Daniel, og fann eit nytt heimland langt i aust. Thailand ![]() 2010.03.12.mars 018 — Anne Hilde Skadal, til høgre, kom heim frå Modalen for å synge i Jubelhornet. Her saman med Lillian Samdal og Anders Offerdal som var heime frå Bergen og fekk med seg konserten. ![]() 2010.03.12.mars 020 — Per Hovland sitt ønskedikt var Bendik Båssmann. Han fortel at han likar å følgje Origo Fjaler når han siglar på dei store hav. Så, alle, skriv litt og fortel eller last opp foto på Origo Fjaler! Det vil vere kjekt. ![]() 2010.03.12.mars 024 — Jan Haugen, Joy Taylor, Anne Hilde Skadal, Hallvard Arstein, Jørgen Alisøy og Andreas Ramstad.
Vist 886 gonger. Følgt av 3 personar. | ||
Kommentarar
Dette var bra, -håper at eg atter ein gong skal få oppleve Jubelhornet!