Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 13. mars 2010). Les mer om roperten…

Ungdommens Kulturmønstring. UKM. Fjaler. Gaular. Foto.

2010.03.13.mars 035

UKM er ei mønstring av musikk, dans, teater, litteratur, video, utstilling, matkultur eller anna på scena. Kvar kommune organiserer si mønstring. Ein jury tek ut nokre framføringar som går vidare til fylkesmønstring. Der kan somme av talenta gå til landsmønstringa, UKM festivalen.

I fjor gjekk eit innslag frå Fjaler til landsmønstringa, Ine Osland og Dubie ToaKwapong.
I ein artikkelen nedanfor finn du film av Ine og Dubie

Vil du vite meir om UKM? Sjå UKM

I Dale var her mønstring for Fjaler og Gaular i dag, 13. mars.
Her var 18 bidrag i teikning, foto. 1 dans. 12 musikknummer.

Trudvang i Dale var full av ungdommar. Her kunne godt ha vore fleire vaksne.
Safuge hadde kafè. Sjå Safuge

På scena fekk vi sjå mange talent. Her er flinke ungdommar. Dette var kjekt. Spennande for deltakarane. Men her hadde vore plass til fleire deltakarar.
Ungdommens kommunestyre organiserte, og Ingeborg Tysnes var med frå Fjaler kommune.
Firda var på plass så her kjem nok foto og reportasje i avisa.

Det hadde vore kjekt om framsyninga var delt i to avdelingar med pause i mellom. Då hadde kafèen fungert betre og vi hadde fått betre tid til å prate, smake på mat og drikke, og sjå på utstillingane.

Frå Gaular gjekk desse vidare:
– Failing Life (band)
– Victoria Gauksrud (song)
– Oda Eriksen med biletet “Through fire and flames”
– Julie Sørøy Horne med bileta “Vår/ Blome” og “Sollys”
– Terese Odèen med biletet “Hjortar”

Frå Fjaler gjekk desse vidare:
– Torkel Eikevik (gitar)
– Katerina, Katie, Jezko & Ren (band)
– Herborg Hansen (gitar og song)
– Sturle Sandvik (gitar)
– Blues Train (band)

Merk at neste laurdag blir her ny kulturmønstring for heile familien. Grytøyra. Barn, ungdom eller vaksne. Då vert det mest fokus på dans og mat. Velkommen. Har du dans å vise fram? Sjå HER

Meir om UKM og fleire bilete i Firda

Film frå UKM i Dale i 2009. Ole Johannes Øvretveit. (Gaular) Gjertrud Øvretveit (12) sings about a kid who is tired of her parents filling up her spare time with activities. Melody by Marit Larsen. Text by Hildegunn Otterstad. Caption: Trudvang, Dale, Norway…

Film frå UKM 2008. Chris Hamper. Edru Enke performing their own composition Pyromaniac at the Fjaler UKM.
They got through to the county finals again, will they get further?
Edru Enke is Torkel Eikevik (lead guitar), Jim Kvamme (guitar), Rowan Hamper (bass), Daniel Flekke (vocals) and Viljar Losnegård (drums)

Det var metall. Her kjem litt folkedans:

Eller Konge av Hallingdans.

Nokre foto.

13.03.2010
Asbjørn Eikerol

2010.03.13.mars 005 — Klokka er snart to, og folk tek til å komme til UKM 2010 for Fjaler og Gaular.

2010.03.13.mars 007 — Karin Flølo frå Firda intervjuar Ingeborg Tysnes, Kultursjef i Fjaler.

2010.03.13.mars 010 — Her kan du komme om du er liten eller stor.

2010.03.13.mars 011

2010.03.13.mars 013 — Leiarane. Ordførar og varaordførar i Ungdommens kommunestyre i Fjaler. Florence Hamper og Adrian Broch Jensen.

2010.03.13.mars 001 — Bjerke and Buns. Eksotisk dans.
Her siste øving før framsyninga.

2010.03.13.mars 015 — Og så på scena. Eksotisk dans kjem nok i Firda.

2010.03.13.mars 021 — Failing Life. Metall.
Dei kjekk vidare til fylkesmønstringa.

2010.03.13.mars 023 — Victoria Gauksrud. Shooting Star. Pop.

2010.03.13.mars 025 — Katerina. How I’m in love with you. Alternativ.

2010.03.13.mars 030 — Torkel Eikevik. Always with You Always with me. Gitarballade.
Torkel går vidare til Fylkemønstringa.

2010.03.13.mars 032 — Florence & Grendalaget. Florence Hamper, Ine Osland, Ivar Furnes Ness, Sturle Sandvik. The Moon is a Harsh Mistress. Jazz.

2010.03.13.mars 038 — Katerina, Katie, Jezko and Ren. All The Small Things. Rock.
dei gjekk vidare til fylkesmønstringa.

2010.03.13.mars 041 — Craig Christensen. Etude op. 10 nr 9. Klassisk.

2010.03.13.mars 044 — Herborg Hansen. A Vision.
Pop / Rockish Singing-songwriter style.

2010.03.13.mars 049 — Sturle Sandvik. Drifting. Akustisk.
Sturle gjekk vidare til fylkesmønstringa.

2010.03.13.mars 052 — Blues Train. Soulbeat. Jazz.

2010.03.13.mars 035 — Applaus frå publikum.

2010.03.13.mars 058 — På UKM.

2010.03.13.mars 059 — Karina og vener.

2010.03.13.mars 060 — Safuge-gruppa var på kjøkkenet og serverte kjeks, kaker og pizza. Her kunne du få middag og dessert.

2010.03.13.mars 061 — På kafè.

2010.03.13.mars 062 — Ein prat i Trudvang.

2010.03.13.mars 063 — Litt mat og drikke.

2010.03.13.mars 055 — På kjøkkenet.

Vist 1029 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Trur vi må være litt meir nøyaktige med omtalen av UKM: mønstringane lokalt i kommunane er hovudarrangementet. Til fylkesmønstringa sender ein så eit representativt utval av lokalmønstringa, slik at ein på 20 min får vist eit slags tverrsnitt av lokalmøstringa (dette er noko heilt anna enn å peike på dei beste). Fylksemønstringa sender så eit program etter same mal til landsmønstringa. Orda finale, konkurranse osv har ingenting med UKM å gjere. Mønstring derimot, er eit godt og dekkande ord.

UKM. Mønstring og talent. Juryen vil sjå på kvalitet når dei tek ut kven som går vidare til fylkesmønstring og landsmønstring. Noko stas og prestisje er det nok også bli med. Vi ser at avisene er opptekne av resultata. UKM, sentralt, legg sjølve vekt på talent og resultat: Dei fortel om mange kjentfolk som har vore med på mønstringane. Odd Nordstoga to gonger til fylkesmønstringa. Tone Damli Aaberge til landsmønstringa, og mange fleire.

Men det er fint at ikkje konkurransen dominerer. Eit flott arrangement der mange ungdommar kan møtast og mange kan vise sine interesser og talent. Og den lokale mønstringa vert viktigast, for der er alle med. Det må vere kjekt og lærerikt for artistane å vise seg på ei skikkeleg scene med lys og lydanlegg. Juryen gjev dei tilbakemelding og råd. Og her er mange ungdommar som publikum. Det er også ein arena for Ungdommens kommunestyre.

Med ei mønstring av musikk, dans, teater, litteratur, video, utstilling, matkultur eller anna på scena, vert det mest musikk? Får vi med dei andre sjangerane?
Kanskje det trengst meir informasjon til ungdommane? Her er mange som kunne ha vore med. Kvifor stod dei over? Kan skulane vere meir arena for informasjon og motivering?

Eit så stort arrangement treng større plass. Det var trangt i Trudvang. Vi må nok bruke Idrettshallen for å framføre ei stor kulturmønstring av og for ungdom i Fjaler og Gaular.
Sjå UKM

Annonse

Nye bilder