| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 10. mars 2010). Les mer om roperten… Regn og ras. Stein til Skadalen. Banken. Kultur. Film. Foto.Så vart det sludd og regn. Vått og meir normalt vèr. Vegen innover frå Dale er stengd. Ras og rasfare. Så det blir ein lang omveg om Guddal for dei som skal innover til eller frå Dale no. Og skulebussen til Nistad må køyre over Guddal. Det kjem vel med at her blir ny tunnel og rassikker veg forbi Nishammaren i samband med Dalsfjordbrua. Men på Bakeriet veit vi at vegvesenet har gløymt å fortelje om at dette anlegget kjem på anbod no. Kva skal dette bety? Og på fredag vil forstandarskapet i Fjaler Sparebank ha møte og vurdere om dei vil selje seg ut og overlate banken til ein større aktør: SSF. Er ikkje også ein liten bank liv laga, skal tru? Meir HER Her blir mykje kultur no framover. Sjå Kalender her til høgre. På laurdag blir det Ungdommens Kulturmønstring, UKM, i Trudvang kl 14.00. Film: The Axe Effect. A school project (Fjaler Ungdomsskole 10c-10b) November 2008 Idea by the girls. Production, director and cameraman; Jordan Seneca. Enjoy! Film. The Moon’s a Harsh Mistress. Florence, Sturle, Ine (and Øyvind) Kulturskule concert Fjaler. Av Chris Hamper. Nokre foto. 10.03.2010 ![]() 2010.03.10.mars 020 — Vegen er stengt. Du kjem ikkje til Nistad eller Førde på denne vegen i dag. Omkøyring via Guddal. ![]() 2010.03.09.mars 007 — Katten til Sara. Han synest det er vått og kaldt å stige i snøslaps. Litt betre då å spasere på biltaket. ![]() 2010.03.04.mars 003 — Ekstremt tam og venleg katt. Oppslag Coop. Manglar du katten din? Eller vil du ha ein? ![]() 2010.03.04.mars 001 — Heidi H Myklebust sel lodd. Inger Hovland har kjøpt. Det blir basar for hjelp til Haiti. | ||
Kommentarar
Asbjørn! Reklamen for Guddal vår perle var det Anton Guddal som stod for, ikkje Anton Langeland! Sjølv om eg er sikker på at Anton Langeland også er ein god ambassadør for Guddalen!
Klart det, vi er jo så utruleg stolte av bygda vår! Flott at du også er med og reklamerer for bygda vår på Fjaler Origo!