| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 11. februar 2010). Les mer om roperten… Må Fjaler Sparebank leggast ned?I dag fortel Firda at Fjaler Sparebank skal fusjonere med Sparebanken Sogn og Fjordane. Fjaler Sparebank har 21 tilsette. Forvaltingskapital 1212 mill. Banken har gått bra tidlegare. Den oppretta til og med filial i Bergen. Kva har skjedd no sidan Fjaler Sparebank må leggast ned? Jan Atle Stang skriv i Firda at Fjaler Sparebank snart er historie. Erling Haugsbø, tidlegare med i forstandarskapen, er ivrig motstandar av bankfusjon. Nokre vert spurde om sine reaksjonar i Firda i dag. Olav Nes er usikker og er overraska. Ida Søderstrøm seier det verkar kjempebra med regionkontor i Dale. Svein Nistad trur dette går greitt. Svein Tore Jensen vil sjå korleis det utviklar seg, det kan vere positivt, men det kan slå begge vegar. Ordførar Arve Helle er svært positiv til bankfusjon. Banksjef Ingar Valvik i Fjaler Sparebank vil ha ein bank med større musklar. Banksjef Arvid Andenæs i SSF ønskjer å få Fjaler Sparebank inn i Sparebanken Sogn og Fjordane. SSF vil vere ei drivkraft for heile fylket. Dei har forhandla om fusjonen sidan oktober, og legg no fram ein avtale. Fjaler Sparebank vart skipa i 1873. Må banken leggast ned etter 137 år ? BT skriv også om samanslåinga: Fusjonen skal avgjerast 12. mars. 11.02.2010 Tillegg: Så då spør eg om det er lurt å tappe arbeidsplassar, svekke miljø og kunnskap, sende oss til Førde for å søke råd, og tape skatteinntekter? Skal vi gjere dette for å få eit fond på 128,8 mill.? Men dei som veit at fusjon er best, bør no komme her og fortelje oss om fordelen. Det gjeld to banksjefar, ordførar, styret og andre som kan saka. 14.02.2010
Vist 1229 gonger. Følgt av 7 personar. | ||
Kommentarar
Sparebanken Sogn og Fjordane har også avdelingskontor i Bergen.
LINK til dette innlegget er lagt inn på Facebook-Gruppa Dale i Sunnfjord under kommentar til gårsdagens link til FIRDA om Stor bankfusjon i Sunnfjord.
Banken har 21 arbeidsplassar i dag, dei fleste i Dale. Lurer på korleis det går med desse når banken blir ein filial? Av økonomiske omsyn bør sikkert mange av tenestene i framtida styrast i frå hovudkontoret, eller?
Jeg forsto det slik at det kommer en stiftelse, som skal sørge for at mest mulig penger blir i Fjaler.
Stiftelse,,,,hm…….
Må vedgå at eg ikkje har sett meg inn i nokon detaljar her,
men her får eg assosiasjonar til både julenisse og bondefangeri.
Men svaret på det vil ein kanskje få om nokre år?
Fjaler Sparebank går godt,står det å lese i avisa.Og det er flott,at ein relativt liten lokalbank får hjula til å svive på ein god måte. Det er vel nettopp difor at Andenesen vil ha lokalbanken vår inn under sine store venger.
Her,som i stort sett alle andre samanslåingar,er det snakk om pengar,og profitt.Og då på ein slik måte ,at den store som sluker den små.skal tene endå meir.
Men kva med oss som forbrukarar av vår lokalbank?
Kjem vi til å få betre vilkår på lån og innskot etter ei samanslåing?? Tvilsamt.
Får vi betre service når det står Sparebanken Sogn og Fjordane over inngangsdøra?? Det trur eg ikkje på.
Blir tenestene betre etter ei samanslåing?? Neppe.
Det blir brukt mot Fjaler Sparebank,at den er for liten,og ikkje er til nytte for dei største bedriftene her i regionen vår.Kanskje det,men for folk flest her,så trur eg at banktenestene i Dale er fullt på høgde med kva som helst anna.
DEn eneste lokale banken som er igjen i Bergen er Fana Sparebank.Ellers er det få lokale banker igjen.
LINK som er verdt å lese – frå Sør-Trøndelag:
Småbanker er redd for oppkjøpsraid
Så då spør eg om det er lurt å tappe arbeidsplassar, svekke miljø og kunnskap, sende oss til Førde for å søke råd, og tape skatteinntekter?
Skal vi gjere dette for å få eit fond på 128,8 mill.?
Ja, 106,5 mill. av dette ligg i banken no, eigenkapital, så vi får vel betalt med våre eigne pengar?
(Sjå tillegg i innlegget.)
Sidan eg ikkje har peiling på verken bankverksemd eller økonomi (Men det hadde heller ikkje dei med fine titlar som ikkje forutsåg finanskrisa), lyt eg google for å bli klok på kva dette dreiar seg om.
Sjølv om google er eit kjempebra verktøy, finn eg dessverre ikkje noko krystallkule der som seier om dette er rett eller gale for Fjaler Sparebank.
Vedr. stiftelsen som det er snakka om, var det interessant å lese om Tingvollmodellen etter bankfusjon på Møre.
Det var også eit tankekors å lese Banksammenslåing av 3 bankar på Østlandet. Legg merke til: Sitat:“………Bakgrunnen for sammenslåingen er å få en sterkere og mer robust regionalbank. Det skjer ikke forde vi må, men for å stå sterkere rustet for fremtiden,…..”Sitat slutt.
Spørsmålet mitt blir då: KVEN er det som vil stå sterkare?
Når nokon står sterkare, så er det alltid nokon som vil stå svakare – relativt sett. Så då blir neste spørsmål: KVEN er det som vil stå svakare?
Eg har enno ikkje funne noko som gjer at eg vurderer å stryke kommentaren min lenger oppe i kommentarfeltet:
“Her får eg assosiasjonar til både julenisse og bondefangeri”.
Godt spørsmål,Stein Joar!! " Kven vil stå sterkare"? Svaret er “VI”.Kven er så “VI”? Det blir iallefall ikkje Fjaler Sparebank,for etter ei samanslåing er det ingenting som heiter det lenger. Og er det VI som bur uti her som kjem til å stå sterkare?? Det er ein illusjon å tru noko slikt!!
Vestlandsrevyen hadde eit innslag om denne saka no før helga.Og slik innslaget var sett ihop,så kan ein lure på om “VI” er dei som styrer og steller med idrettshallen i Dale.For det var framstillt slik at avkastninga av desse fondsmillionane,skulle brukast til to prosjekt:Ny kunstgrasbane,og utviding av hallen.
All honnør til eldsjelene rundt hallen i Dale,men her finnst andre lag og organisasjonar i Fjaler óg!!
Men koplinga mellom utviding av hallen,og fondsmidlane etter banken,var særs uheldig framstillt!
Fjaler Sparebank har heilt sikkert ein føremålsparagraf,frå den gongen banken vart skipa.Og utan at eg heilt eksakt veit kva som står der,kan eg tenkje meg til at det står noko slikt som at banken skal tene folket i Fjaler ang lån og innskot på ein god måte.
Ei samanslåing med Sparebanken Sogn og Fjordane,vil det tene folket i Fjaler på ein god måte??
Eg berre spør.Svaret seier seg sjøl,etter mi meining.
Eg synest dette er bra greier. Vi får ein sterk bank og vi får ei stifting med ein stor pengesekk (eller oljefondet i Fjaler som BT skreiv 11.februar) i “gamle Fjaler” som dei fleste lokalsamfunn kan drøyme om. Denne pengesekken eller “arvesølvet” vil kunne gje støtte i generasjonar framover i Fjaler :-) Lurer på kva vi skal starte med på Straumsneset for å få nytte av dette??
Yngve, eg trykkjer på “Bra”-knappen – ikkje fordi eg nødvendigvis er samd med deg, men fordi du er den mest synleg optimisten hittil her i kommentarfeltet.
(Eg har ingen sterke meiningar nokon veg i denne saka – men eg synsar litt likevel – lenger oppe i kommentarfeltet).
Og visst alle er samde, blir det jo ikkje noko “GÆNG” i diuskusjonen.
Så:
Alle optimistane og tilhengjarane av banksammenslåing!:
Kom fram frå gøymeplassane dåkas!
Sei di meining!
Her er det ingen som bit!
(Ikkje så mykje i alle fall ;-)
Ein lokal og sjølvstendig sparebank.
Fjaler Sparebank er ein lokal og sjølvstendig sparebank som vart stifta i 1873. I eit notat frå tida før skipinga av banken finn vi fylgjande.
“Committeen er efter anstillet Undersøgelse og omhyggelig Overveielse kommet til det Resultat, at Opprettelse af en Sparebank for Præstegjældet utvilsomt vil tjene til at befordre Flid, Orden og Sparesommelighed, saavel som til Fremme at Foretagender gavnlige for Kommunen ved Hjælp af det Overskud Indretningen efter al Erfaring antages med Tiden at ville give.”
Fjaler Sparebank skal vere ein god bank for våre kundar, og ein sentral medspelar i lokalsamfunnet.
Fjaler Sparebank skal kunne levere eit komplett tilbod av finansielle tenester i tråd med våre kundar sine behov. Saman med dyktige tilsette skal kunden trivast hjå oss.
Hovedkontoret ligg i Dale i Fjaler kommune. I Dale bur det kring 1400 innbyggarar. Heile kommunen har kring 2900 innbyggarar.
Fjaler Sparebank har eit avdelingskontor i Bergen. Denne avdelinga vart etablert i 2005.
Innan personmarknaden har banken kundar over heile landet. Når det gjeld næringsliv er det primært Fjaler kommune og nærliggande område som grensar til Fjaler som er marknadsområdet.
Frå Heimesida til Fjaler Sparebank.
Mange gode poeng, Asbjørn.
(Ja, eg ser at det kjem frå Heimesida til Fjaler Sparebank).
Som eg har skrive lenger oppe i kommentar-feltet, så utfordrar eg tilhengjarar av bank-samanslåing til å kome på bana her på Origo.
Men dei skuffar med sitt fråvere!
Er det fordi dei er usikre på kva dei “putlar med”?
Eller kanskje dei rett og slett ikke les Origo-sidene?
Eg reknar som ein sjølvfølgje at det er gjort ei skikkeleg konsekvens-analyse der ALLE lodd FOR og MOT samanslåing er lagt på sine respektive sider av vektskålene. Er denne konsekvens-analysen offentleggjort, eller er den kun tilgjengeleg for dei såkalla “økonomiske ekspertane”?
Er det nokon som veit dette?
Det viser seg dessverre altfor ofte i ettertid (og då ofte for seint) at når ein gjerne skulle ha gjort noko annarleis, så er det fordi ein har neglisjert dei “små vektlodda”, dei som kvar for seg ikkje betyr så mykje, men som til saman får vektskåla til å vippe til den andre sida.
Time will show.
Fjaler Sparebank. Fredag kjem her kanskje vedtak om å legge ned og gå inn i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er få dagar til. Når du snakkar med folk her, er dei fleste negative til at banken fusjonerer. Men det er også vanskeleg å vite kva som er best.
Store einingar kan ha sine fordelar, og samstundes kan dei små vere kjappare og finne andre løysingar. Det er også noko med lokal styring og kontroll? Det hadde vore bra om banken er liv laga.
Store tiltak krev vel ein større bank. Då skulle vi gjerne hatt to bankar?
Det er lov å skrive meininga si her på Origo Fjaler. Det er ikkje farleg.
Fordelane med samanslåing finn du på heimesida til Fjaler Sparebank