Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Sei det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (mandag 8. februar) Les meir…

Vinter i Dale. FUS og design. Henny Staalnacke. Moods of Norway. Nicaragua i Ungdomshuset i Flekke .

2010.02.05.febr 026 — Design på FUS.

Nokre glimt frå Dale ein januardag.
Litt latinsk dans på Torsdagsdansen i Flekke.
FUS. Elevane fekk ein heil dag til design. Skape noko nytt på fredag.
Sigvard Skaar fortel:
Henny Staalnacke… – verdsberømd designar frå Stryn – inspirerte FUS-elevar fredag.
Tredje dag:

Karriereveka går sin gang. I går laga elevane bedrifter – med hjelp av Jørn Helgheim frå Ungt Entreprenørskap.
I dag var det Henny sin tur til å leie showet. Tema for dagen var “Kreativitet og design”, og programmet var samansett av eitt (eller fleire) inspirasjonsføredrag, og arbeidsøkter med papir, fargar, sakser og lim.
Interessant var det å høyre om suksessbedrifta “Moods of Norway.” I alle fall i eit marknadsperspektiv er det viktig å verte sett, utmerke seg, få omtale, verte kjend, få eit omdøme. Ho fortalde om rosa traktorar og fiskeskøyter, m.a. om guten på Aker Brygge som ba Petter Stordalen om å flytte yachten sin, slik at den knall rosa, eldgamle fiskebåten til Moods kunne legge til. Yachtar er det mange av. For mange var fiskeskøyta mykje meir interessant. Ved bruk av kreativitet, og trass i mangel på midlar, er det altså mogleg å nå fram i forretningsverda."

Linkar:
Henny Staalnacke
Moods of Norway
Torsdagsdansen

Film.
Her kjem ein vinterfilm frå ein alltid kreativ filmskapar i Fjaler:
Director: Eirik Strand. Snøballkrig.

Sjå foto.

8.02.2010
Asbjørn Eikerol

  • 2010.02.03.febr 009 — Borgen i Dale. Øyra ved utlaupet til Dalselva.
  • 2010.02.03.febr 012 — Nausta ved brua. Dalselva.
  • 2010.02.03.febr 001 — Isgang i elva så det er best å redde seg opp på kanten.
  • 2010.02.03.febr 002 — To songsvaner var på besøk ved brua.
  • 2010.02.03.febr 004 — Snø på gjerdestolpar.
  • 2010.02.03.febr 005 — Snø på Vesle Daniel.
  • 2010.02.03.febr 016 — Vonahuset. Eldste huset i Dale.
  • 2010.02.03.febr 017 — Sola skin i sentrum no.
  • 2010.02.05.febr 002 — FUS. Henny Staalnacke og design. Elevane var ivrige.
  • 2010.02.05.febr 005 — Silje Solheim og Hildegunn Bjørvik.
  • 2010.02.05.febr 006 — Elevane har mange idèar.
  • 2010.02.05.febr 008 — Henny var ivrig så ho vart heilt varm, sa ho. Frå gruppe til gruppe for å inspirere.
  • 2010.02.05.febr 010 — To karar som var blide og fornøgde med designkurset. Asbjørn Aase og Trygve Rønneseth.
  • 2010.02.05.febr 013 — Er det ikkje plass ved bordet. så kan eg bruke bokhylla.
  • 2010.02.05.febr 009 — Design under utvikling på FUS
  • 2010.02.05.febr 012 — Kjekt med posar til ymse. Kva med ein “Ta livet med ro-pose”?
  • 2010.02.05.febr 018 — Meir fargerikt.
  • 2010.02.05.febr 023 — Kommunevåpenet gav inspirasjon. Somt må kasserast og noko er best.
  • 2010.02.05.febr 025 — Hot kopp.
  • 2010.02.05.febr 026 — Sikk sakk design. Gjennomført stil!
  • 2010.02.05.febr 027 — Fjalerlua? Og kven er dei tre som viste fram idèen her.
  • 2010.02.05.febr 031 — Souvenirsmykke.
  • 2010.02.04.febr 002 — Dans i Flekke. Rundt i ring eller over stokk og stein. Ute er det vind og snøføyke.
  • 2010.02.04.febr 008 — Ein kald kveld i Flekke. Varmt og trim og moro inne i ungdomshuset. Vi dansar litt hit og litt dit. Og vi lærer nokre nye dansesteg.
  • 2010.02.04.febr 012 — Endå varmare. Kultur i pausen. Latinske rytmer og dans frå Nicaragua.
  • 2010.02.04.febr 009 — Jenyfer dansar i Flekke.

Kommentarar

Bilda av Borgen og Vonahuset i vintersol var kanon Asbjørn! Pent ramma inn av høvelege tre. Elles morosame teikningar og skinande folk. Flott!

Eg har lagt fleira av desse nydelege bileta inn på
Facebook-Gruppa Dale i Sunnfjord.

Det har eg fått tillatelse av Asbjørn å gjere, så takk for det!

Annonse