| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 30. desember 2009). Les mer om roperten… Kvar er fisken i Dalsforden? Har den søkt politisk asyl ”i oljen”?Det er ikkje så ofte eg gir meg tid til å fiske i Dalsfjorden. Når eg er heime i Dale blir det travelt med andre ting. Fisking på fjorden slik eg gjorde i tenåra (på 70-talet), skal eg gjere meir av seinare. Trur eg. I alle fall når eg har bygd ferdig hytta mi der ….. Men kvar har det vorte av fisken? Mange eg møter seier at ”fjora e tomme fø fiske”….. Men eg har ein teori ;-))
Biletet ovanfor viser fisk under ei boreplattform ”ein stad i Nordsjøen” (ikkje så velding langt i frå Dalsfjorden – for ein fisk). Biletet har eg fått frå rigg-kollegaer i eit firma som driv med ROV, dvs. fjernstyrt miniubåt. Dette biletet er på ca. 300 meters djupne, og mesteparten av fisken er typisk 2-4 kilo. Av og til er det så tett med fisk at ein ser ikkje nok til å få gjort det som skal gjerast. Av og til kan ein også sjå ein einsam breiflabb som jaktar etter mat. Det kan vere veldig fascinerande å sjå alt livet på havbotn i ROV-kameraet. At det er masse liv rundt olje-installasjonane vert også enkelte gonger bekrefta av nærgåande vitjing av kval. Ein gong var det ein spekkhoggar som forvilla seg under plattformbeina, og eg var så nær den at eg så kviten i auga hans. Ja, og det er ikkje tull ein gong. Men tilbake til fisken i Dalsfjorden:
Vist 529 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Interessant å sjå foto av fisken ved oljeplatformen. Det er vel slik at ved plattformene får fisken vere i fred for garn og trål. Dette kan vel bety at fisken samlar seg der. Og områda kan vere små reservat for yngel og fisk?
Blir oljeplattformen eit kunstig rev for fisken?
Dette er i så fall ein god ting.
Har du fleire foto?
Det er nok slik at oljeinstallasjonane vert kunstige rev for fisken. Så skal ein også hugse på at fisken blir tiltrekt av lyset frå ROV’en, så det er ikkje vanskeleg å få fiskebilete.
Dette er det einaste biletet eg har, som er tatt frå ein ROV. Viser ellers til melding som eg sendte deg privat.
Og sjå inn i glaskula siste dagen i året er gjerne ikkje det dummaste ein kan føreta seg før rakettane blir skotne opp. At fisken er vekke er vel nett av same årsak som sjøfuglen er vekke. Han klarer ikkje å reprodusere seg lenger først og fremst pga. matmangel. Dette er eit problem i alle landa rundt Nordsjøbassenget. Så kan ein jo spekulere i kva som gjer at livet i Nordsjøen “døyr ut”. Det er vel klart at livet på botnen lir. Eks. tang og tare minkar. Truleg pga forureining/avrenning frå landa ikring. Og så har vi taretrålinga i tillegg. Ein viktig faktor er nok òg fabrikktrålinga og oppfisking av mat til oppdrettsnæringa. Det er nok den samla rovdrifta på ressursane i havet frå A til Å som gjer at havet blir svart. Enkelt og brutalt. Kven kunne tenkje seg før i tida at fjordtorsken skulle bli freda/raudlista?
Ein annan faktor som òg ligg litt oppe i dagen er at temperaturen i havet stig. Og truleg fører dette til at fisken trekkjer nordover. Ein har ikkje same problema i Nord-Norge med fisk og fugl som lenger sør.
Kommentar heilt frå Vestfold, på Asvoll-sona:
Kommentarer
theodor larsenAsbjørn, hvor er fisken i alle våre fjorder? Hva eller hvem har skylden for dens forsvinning? Vi fiskere til hjemmebruk går dårlige tider i møte! Det er nesten ikke fisk på Vestfoldkysten heller. Jeg er hobyfisker og fisker bare til eget bruk, bruker bare pilk. Jeg har ekkolodd, men det er lite fisk å se på den også! Teddy.
Helge Kårstad vil ha kokefisken tilbake i Dalsfjorden. Her er hans kommentar, på Askvollsona:
På landjorda er vi blitt miljøfrikar ein kvar. Der har vi kanskje gått for langt i å hindre tiltak, – den nye naturmangfaldlova er eit godt ekesempel.
Men uti havet der råder enno pengemakta som han sa ein klok mann.
Kva som kan gjerast ?
Det er enkelt; reduser industrifisket, krev mindre relativ forbruk av villfisk til oppdrettsnæringa og tilrettelegg for hobbyfisket langs kysten i mykje større grad.
Det er miljøvenleg, langsiktig berkraftig og det er utan tvil nok fisk til alle om vi et fisken på rett vis då.
Apropos havet; – no vil andre kloke damer og menn lagre CO2 under havet, – i store sandsteinmagasin.
Utruleg spør du meg når dette nærmast utan å koste ei krone og utan noko risiko kunne lagrast i skog kring i verda.
Ja eg er enig, – skikkeleg dumt å ikkje få ein einaste fisk lenger i fjordane i Norge….
Men løysinga er enkel…
Vi vil ha kokfisken tilbake i Dalsfjorden
Helge KårstadFisk? Kommentar frå Stongfjorden:
“Her skulle vi vel ha fått Harald S eller Stigen til å uttale seg. Eg føreslår at Arild G reiser av stad og interjvjuar han/dei om tilstanden i fjorden. Kanskje eit Youtube klipp med mobilen?
Eg sjølv har gitt opp. Det kan slenge ein og annan gytetorsk om vinteren om du pilkar nokre timar… Men då har du frose av deg alt du kan røre på.
Før om åra gjekk det på æra laust om eg måtte ete fisk som ikkje var sjølvfiska. Dei par siste åra har det gått opp for meg at det er greiare å kjøpe fisken frå dei to ovannemnde eller i fiskebilen frå Bulandet. Og objektivt sett smakar denne fisken akkurat like godt som den eg har fiska sjølv…:-)"
Gustav SkaarOm fisk. Meir frå Stongfjorden:
Jan Atle StangTruleg kjem torsken inn fjorden full av rogn og anna snadder i februar/mars. Då gjeld det å ha torskegarna og anna relevant reiskap klargjort, Gustav. På det tidspunktet har nok også sprengkulden slept taket, og du kan gå fri forfrysning både her og der.. Men, som du er inne på; dette veit nok Stigen og Haralden mykje meir om.
Meir om fisk frå Gustav Skaar, Stongfjorden:
Gustav Skaar“Ja, dette er rett. Og rett skal vere rett – det hender at eg får denne fantastiske fisken på mange kilo. Feilen er kanskje at eg sjølv har begynt for tidleg på vinteren, og frose meg lei. Det virkar på meg som om gytetorsken kjem seinare ut på vinteren no enn før. Akkurat det kan jo vere ei interessant vinkling òg”.
Fisk i Stongfjorden: Atle Lien og Gustav Skaar kommenterer.
“Skulle fiskane frå Dalsfjorden dukke opp her i Stongfjorden, kjem eg til å halde det for meg sjøl…..”
Atle Lien
“Her er ein glad laks på land borte på hi sida…:-))”
Gustav Skaar
“….ja vi budde på kvar vår side i Dalsfjorden og…:-))”
Atle Lien_
Sjølvsagt er det ikkje lett å få vite kvar fiskane er blitt av. På denne sida av fjorden, på den andre sida, eller har dei sumt nord Granesundet og svinga til høgre inn Stongfjorden?
Eller er det slik som Stein-Joar Hovland seier: Fisken er begynt i oljen i Nordsjøen.
Han har jo fotobevis!
Viss fisken er borte på di side og på mi side av Dalsfjorden, så må han etterlysast.
På fiske med musefelle? Har andre prøvd dette? Gustav Skaar på Stongfjorden Origo fortel:
“Men eg var mykje på “sommarbeite” på hi sida av fjorden den gongen òg…:-) På Boge fekk vi iallefall alltid fisk i gamle dagar. Anten det var i Bakkevatnet, laksenota, på flua eller på kaia der vi egna musefelle med mark og fiska berggylt. (Kjem forresten ungane på slikt i dag??) Vel, vel her kan det vere rom for mykje nostalgi…men då rotar eg meg vel heilt vekk…:-) " Eg vil seie at du må berre rote deg vekk, Gustav. Fortel. Dette var noko nytt.Sjå elles på Stongfjorden
Atle Lien, om fisken frå Dalsfjorden har kome inn i Stongfjorden, så forstår eg godt at det er freistande å halde det for deg sjølv. Men i desse tider med ekkolodd og GPS er det uråd å halde gode fiskemèd hemmelege. Skal vi drive forsking, må alle opplysningar fram.
(Så kva tid kjem intervjua med Stigen og Haralden?)
Og Gustav Skaar, musefelle for å fange berggylt?? Dette må du fortelje meir om. Dette er interessant og kunnskap som snart kan gå i gløymeboka, viss du ikkje skriv det ned her og no. Eg har aldri høyrt om slikt musefellefiske som du og Atle dreiv på Boge i gammal tid.
På Tysselandet kjøpte vi svartlakka ongel frå Mustad på Malvik hos Bjarnen. Så måtte stakkars kjømakken til pers og pinast på kroken. Det vart helst mort, paleyngel, til katten. Var vi heldige, kunne vi få ein pal. Berggylta kom jo smettande ut av tang og tare og snusa på agnet. Lynangrep. Men verken vi eller katten åt ho. Stakk gjorde ho også i alle kantar. Eg veit berre om Jan Risnes som seier at salta filèt av berggylt er nydeleg godt. Og så var der blåstål og rødfisk som kom sakte sigande.
Men musefelle til fiske? Det blir kanskje ein ny fiskereidskap? Ein kan vel lage større musefeller for torsk og steinbit?
Og kva seier Bjarne Huseklepp, NJFF, om musefeller for kjø og laks?
Nei Asbjørn, Atle var ikkje med på denne seansen med musefeller. Han er nok av litt eldre årgang. Det var vel Sillan og eg og gutane på Boge. Vi handla hjå Stensethen på kaia i Holmedal. Det var vel litt spesielt i seg sjølv at vi gutane skulle ha musefeller sommarsdagen (i bokstaveleg forstand…:-))
Vi låg i shorts på steinhellene på moloen og fiska sommarsdagane. Det var alltid fint vèr då. Men vi vart så etande leie av at berggylten og raudnebben åt av agnet på onglane, med desse vare leppene sine, utan at vi fekk dei på kroken. (Raudnebben er vel brukt i lakseoppdretta til å nappe av lakselus i merdene i dag.)
Kven som kom på den lyse idèen om å bruke musefelle på dei hugsar eg ikkje. Det var vel ei slags form for “brainstorming”… Men at det fungerte hugsar eg godt. Problemet var likevel å få gjort mekanismen så lett som mogeleg ved å sette nåla heilt ute på agnfestet, slik at det slo ut med ein gong når berggyltleppene nappa i marken. Og som ein kan tenkje seg var det ikkje så lett å låre musefella ned på taren utan at den slo seg ut heller. Så kombinasjonen med nålfestet og bevegelsen ned til taren var eit kunststykke. Men det merkelege med slike ting er at når du først fekk fangst ein gong, så var det ikkje måte på kva tolmod vi kunne oppvise for å få fella vellukka på plass nok ein gong.
No var ikkje berggylten noko å trakte etter som matfisk. Vi ungane tykte som ungar flest lite om å ete fisk. Og moderen hoppa no ikkje i taket av berggylten heller. Dei fleste trur eg vart kokte til katten på Boge. Han hadde i likskap med oss ungane fantastiske dagar på Boge om somrane….