| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 5. desember 2009). Les mer om roperten… Dalsfjordbrua. 5.desember 2009. Fest på ferjekaia i Dale. Fotoreportasje.Planane er klare. Pengane er klare. No gler vi oss til klarsignal for brua. Vi er klare. Folk frå begge sider av Dalsfjorden møttest på ferjekaia i Dale for å feire og glede seg til at no kjem klarsignalet for brua i fylkestinget. Studentane i Bergen hadde samling ved den Blå steinen i Bergen sist laurdag med fotodokumentasjon i avisene. Namn på studentane i Bergen finn du HER Aksjon Dalsfjordbru ville spreie litt glede og optimisme denne desemberdagen. Her var mannskor med Dalsfjordsong. Her var tid til klemming og forteljing og taler og allsong. Her var fotografering og filming. Pressa var til stades, så med tida kan du lese meir. Men Aksjon Dalsfjordbru hadde gløymt brudansen. Kva er det de tenkjer på? Neste gong må de i det minste invitere Torsdagsdansen og Danseverkstaden til kulturskulen og leikarringen i Holmedal. Med “Øyarikets vals” og “Rock on the Bridge” hadde det bltt endå meir fart og varme i desemberfesten! Du kan få vite mykje meir her, Dalsfjordbrua 5.12.2009. “Dalsfjorden” – Her er teksten. Mange likte songen “Dalsfjorden” og koret Brukarkoret som song under folkemønstringa i Dale i dag. Her finn de teksten. DALSFJORDEN Eg sit ofte her og drøymer, attmed fjorden min Dalsfjord; du er vakker, kvar ein solskinsdag Eg har sett deg rasande; gå jagande og stri Frå ferskvatn i Gaula til Bulandet og salt Bestefar min rodde fjorden for å fri Eg sit ofte her og drøymer, attmed fjorden min Tillegg – Til Skandalemarsjen 2000: Du fjord som eingong samla, du skil gamle brør Det du Vårherre gløymde i ditt meisterverk; Brukarkoret: ![]() 2009.12.05.des. 025 — Den femte desember 2009. Klokka eitt. Då Aksjon Dalsfjordbru heldt fest i Dale. ![]() 2009.12.05.des. 033 — Rolf er så glad at han bed alle frammøtte klemme så mange som råd. Klemmetid på kaia i Dale. Mange klemde, men somme vart litt flaue. Ja sjølv ferja rødma litt i skorsteinen, ser vi. ![]() 2009.12.05.des. 034 — Så fortel han meir om soga til Dalsfjordbrua, eller mest om framtida med alt som vil skje når brua er på plass. Og det er gledelege meldingar ser vi på dei blide ansikta. ![]() 2009.12.05.des. 035 — Og han fortel til folket. No lysnar det i Dalsfjorden. Det er nesten så det grønkar i liene i desember. Og snart kjem Ålsundbru, Atløybru, Sognebru, og han nemner til og med Olden – Innvik, Aksjonskomitèen har arbeid og planar framover. ![]() 2009.12.05.des. 042 — “Så må de gå hit eller dit så de tek dykk godt ut,” seier Rolf Losnegård. Han dirigerer folk og plakatar. ![]() 2009.12.05.des. 045 — “Moroa er ikkje heilt slutt enno. No skal vi gå ein og ein halv skofabrikk mot aust, langs fjorden,” ropar Rolf Losnegård og peikar med armane. ![]() 2009.12.05.des. 049 — Her var det meir filming og foto frå balkongen. Marianne Furevikstrand fortalde at ho skal skrive bok om Dalsfjordbrua. Etterpå fekk vi gå på kafè. ![]() dalsfjordbrua blaastein11 — 67 studentar fotografert på den Blå steinen i Bergen. 28.11.2009. Dei gratulerer framtidsfylket med Dalsfjordbru.
Vist 1347 gonger. Følgt av 3 personar. | ||
Kommentarar
beklaga,laga smulteringar,giøymte da,skulle ha vore der
Marit, det går bra. Her blir nok mange brufestar enno. Slik det har utvikla seg, har Aksjon Dalsfjordbru blitt mykje festkommitè. Og dei har planar for fleire bruer.
No er det igang for alvor,det blir ei spennande tid vi no går imøte.
Ei stor takk til alle som har stått på for Dalsfjordsambandet i alle år. Spesielt aksjon Dalsfjordbrua v/Rolf Kleiven og Rolf Losnegård. Utan dykkar engasjement og stå-på-vilje hadde aldri dagen for realisering av sambandet kome. No snur sola for godt i vårt distrikt. Helsing frå nordsida med ny soloppgang over Dalsfjorden…
Frå Fossedalshengenipa 6/12
Frå Smørskornova 5/12
No er Dalsfjordbrua banka igjennom
Med 35 mot fire røyster vedtok fylkestinget å byggje Dalsfjordbrua.
Berre Frps representantar røysta mot, då fylkestinget klokka 14.15 tok avgjerd i dag.
Sjå Firda.no
Dei som røysta imot har ikke forståelse for viktigheten av denne brua i sammanhengen nord/syd på våres kyststamveg.
Dette er og blir ein gledens dag for oss alle som har trudd på denne avgjerda som no endeligt er tatt.
Ha ein strålande dag alle samman,hurra.