Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. IPM Teknikk. Dale. Kven arbeider her? Olje. Småskala-tenking. Avansert teknologi. Nokre foto.Ein gong var her tønnefabrikk. Tidene skifter. Arthur Dale hadde bakgrunn i oljeverksemda, og han starta opp bedrifta i Dale. No er Roald Hovland sjef og eigar. Asbjørn Igelkjøn er sjef på verkstaden og Ahmed Gutosic er kontorsjef. Dette er småskala. Men arbeidet dei driv er svært spesialiset. Asbjørn Igelkjøn seier at dei får betre kontakt med og kjennskap til kundane sine sidan dei er så små. Roald Hovland er litt bekymra for framtida: Ny teknologi blir teken i bruk og firmaet kan få færre oppdrag. Asbjørn Igelkjøn viser rundt på verkstaden. Her er mange blanke sylinder-forma deler til ventilar under behandling. Det er store krav til å vere nøyaktig. To hundredels millimeter har han kontroll på i slipemaskina. Somme operasjonar har han fått melding frå ingeniørar at “det let seg ikkje gjere”. Men dei får det til likevel. På pauserommet minner ei tretønne om historia til denne staden i Dale. IPM Teknikk har nybygde lokale på tomta til tønnefabrikken. Tønner blir det ikkje laga her lenger. Kanskje kjem her ni leilegheiter i den gule bygningen på kaia? 21.september 2009. ![]() 2009.09.17.sept 002 — Dei tre som driv IPM Teknikk: Frå venstre, Asbjørn Igelkjøn, Ahmed Gutosic og Roald Hovland. ![]() 2009.09.17.sept 007 — Asbjørn Igelkjøn forklarer om ventil-deler, hardmetall, diamantsliping, vedlikehald og reparasjon.
Vist 3423 gonger. Følgt av 1 person. | ||
Kommentarar
Veldig interessant Asbjørn. Kjekt innblikk og fine bilder. Supert!