| Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu. Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 19. august 2009). Les mer om roperten… Med rutebåt på Dalsfjorden. (Askvoll) Dale - Bygstad. M/S Christina. Passasjerrute på Vikingfjorden. Foto.Tysdag 18.august, kvart på tolv. Snart går vi vidare inn fjorden og passerer Laukeland, Standnes, Hestad, Sunde, Kleppe på nordsida. På styrbord ser vi Sætenes, Strandenes, Strand, Holmelia, Halsnes, Nistadlia, Nistad, Fleten, Sagevik, Birkeland, Eikehaug, Bjørvik, Helle, Båtevik og Lending. Heile vegen dukkar fotomotiv opp. Det er ein fin båttur langs grøne bøar, skogkledde lier, eller stupbratte fjell. Hus, driftsbygningar, verksemder, naust, sjøbuer, kaiar, småbåtar, ei fyrlykt ser vi på veg inn fjorden. Ein times tid og vi ser ei vid bygd i Bygstad, Kapstad, Nysna, Kvamme, Kårstad og fleire gardar opp mot Berge på Sørsida av mektige Storehesten, (1209 moh). Fjellet heiter også Kvamshesten, og mange kjenner soga om hestehandlaren frå Bygstad som var på fesjå og hestemarknad i Valdres. Der selde han sjølvaste Kvamshesten ei sein nattestund. Det vart vel brukande pris for største hesten i Dalsfjorden. Kva sa kjøparen då han kom til Bygstad og skulle hente hesten sin? Vi går for sakte fart gjennom Svesundet og legg til kai ved butikken på Eide. På Tønna har Olav Birkeland servering. Tre-rettar lunsj: Speketallerken, sild, laks, kjøt. Laksefilet er hovudrett. Heimelaga is. Totalt 260 kr, men Olav Birkeland seier at det er mykje mat, så denne menyen er stor nok for to. Og lunsj, tre rettar, for 130 kr er ikkje ille dyrt. Sjå foto. M/S Christina går i rute kvar dag ut august. Eller, 2010: Det er nok lurt å bestille plass på turistkontora, eller direkte: Bjørn Vold 9113 8519, og Fritz Hugøy 9091 9803. ![]() 2009.08. 18.aug. 007 — M/S Christina ved kai i Dale. ![]() 2009.08. 18.aug. 012 — Først kurs til Laukelandsfossen.
Vist 1478 gonger. Følgt av 7 personar. | ||
Kommentarar
Ei vakker sjøreise og fine motiv. Minner om fergjeturen Eikenes – Bygstad på 50 tallet kjem fram.
Flott reportasje om båtturen på Dalsfjorden. Dette er ein del av Rundturen “Sognefjorden in a Nutshell – Opplev Dalsfjorden og Gaularfjell”. Det er Reisemål Sunnfjord as, og Stiftinga Jensbua som har fått turen i gang i samarbeid med Fjord Tours as i Bergen. No startar arbeidet med å finansiere turen for neste sesong.
Det er veldig flott at det vert laga slike reportasjar som dette. Båtturen i Dalsfjorden har eit snev av god gammaldags lokalbåt over seg. Ein kjem nær naturen, den stoggar lokalt, og ein kan også få kontakt med dei som køyrer båten.
Håpar vi klarar å finansiere dette tiltaket dei åra det tek før han vert lønsam. Stor takk til karane Bjørn Vold og Fritz Hugøy i Askvoll og Gulen Skyssbåtar, og Olav på Tønna. Mange av dei gode tilbekemeldingane turen får skuldast at desse folka “legg sjela si” i det dei gjer. Takk også til bedrifter i Førde OG i Dalsfjorden som har ytt økonomiske bidrag i startfasen. Dei kan godt nemnast: Tønna, Maritime Montering, Askvoll Sentrumshavn og Helle Fabrikker. I Førde: Firda Billag, Førde Industri og Næringssamskipnad, Nortura, Siemens. Og så dei bedriftene som står bak hovudkjelda til finansane, INU midlar: Rica Sunnfjord Hotel, Sparebanken Sogn og Fjordane, Åsen og Øvrelid, Berge og Co, Firda Billag, Firda Media og Sunnfjord Energi.
Flott Asbjørn! Og fine bilder (eg kjenner det i magen)… Eg må berre tenke meg litt om så eg ikkje spyr ut eder og galle over kommunane som ikkje støttar opp om kanskje det flottaste turisttiltaket i heile Sunnfjord…
Rett må vere rett !
Ser at Gustav Skaar er fortvila over kommunane si haldning. Dette inntrykket stammar truleg frå Firda i sommar, og då er det viktig å vere nokså nøyaktig: Kommunane Askvoll, Fjaler, Gaular, Førde og Balestrand har heilhjerta støtta rundturen. Økonomisk gjennom sine næringsfond, og på andre måtar ved å stille i møter ang turen. Dei har også jobba for støtte for turen utanfrå slik som Nils Gjerland som sit i INU styret. Også Innovasjon Norge, og fylkeskommunen har støtta turen og utviklinga av den økonomisk. Det vi uttrykte vonbrot over i Firda i sommar var manglande støtte til ei prosjektstilling som kunne jobbe inn mot utviklinga av Nasjonal Turistveg Gaularfjell, og der rundturen ville vere ein (mindre) del av jobben. Vi er ganske sikre på at kommunane ser at denne rundturen kan vere starten på eit nytt løft for reiselivet i store deler av Sunnfjord, og ikkje minst gje oss viktig prestisje og marknadsføring.
Ok Tom du sit inne med detaljkunnskapane. Det eg er bekymra over er at det flotte turisttiltaket på Dalsfjorden kokar bort i kålen når ordførarane skal opne lommeboka. At tiltaka her i Sunnfjord ikkje blir sett i samanheng og i perspektiv. Manglande støtte til nemnde prosjektstilling er eit dårleg signal i så måte…
Ta båten og støtt opp alle saman. Berre slik visar du at dette har livets rett. Sitt ikkje heime og syt og vent på at turistane skal kome av seg sjøl. Ta med deg familie og venar, naboar og andre du meiner må få sjå denne vakre fjorden. Ver litt turist i nærmiljøet sjølve. Om alle gjer så her, så trur eg båtruta held fram neste år.
Du har heilt rett. Det er ein fin båttur. Og du kan gå ombord på fleire stoppestader: Askvoll, Holmedal, Straumsnes, Leitet, Haugland, Dale. Der må berre vere ei skikkeleg kai. Men ring og avtal. No er det snart siste sjanse i år. Ruta går berre ut august.
Og du kan sjølvsagt ta turen frå Bygstad ut Dalsfjorden til Askvoll. Kvar dag kl 14.00 .
Sommartur på Dalsfjorden, Vikingfjorden, kvar dag.
Les meir HER
Det er nok lurt å bestille plass på turistkontora, eller direkte: Bjørn Vold 9113 8519, og Fritz Hugøy 9091 9803.
..det er fantastisk fint!
Dalsfjorden har ALT av det nydelege som naturen kan by på, frå fjell til fjord!
Asbjørn, du må ha takk for alle dei fine reportasjene/bilda frå Fjaler kommune!
Vonar alle som er innom Origo kan bekrefte det, med å trykke på “bra”!
Så vonar eg, at alle som ikkje har teke turen inn Dalsfjorden før, vil ta seg seg tid til det no, når de ser kva den har å by på, … det er ein naturskjønn opplevelse!
(Ps! Skulle ønske at båten hadde hatt større vindu!)
Fjordtur på Dalsfjorden
Bli med på fjordtur på den vakre Dalsfjorden!
Link og foto: Med rutebåt på Dalsfjorden
Bli med på ei fantastisk båtreise på vakre Dalsfjorden – vakker og urørt. Du passerar m.a. den mektige Laukelandsfossen. Turen går frå Askvoll til Bygstad med stopp i Dale. Du kan ete lunsj på Tønna i Bygstad og returnere med båten. Om du vil kan du ta med deg sykkelen og sykle tilbake frå Bygstad.
SESONG: Dagleg, 15.mai – 31.august
Tider innover fjorden: Askvoll kl. 11.00 Dale kl. 11.55 Bygstad kl. 12.45
Tider utover fjorden: Bygstad kl. 13.50 Dale kl. 14.45 Askvoll kl. 15.45
For booking av båtbillett, ring M/S Lady Christina, Tlf: 40 05 22 61
Prisar Askvoll – Bygstad : V: 140,- (t/r 280,-) B/H: 70,- (t/r 140,-)
Prisar Askvoll – Dale : V: 70,- (t/r 140,-) B/H: 35,- (t/r 70,-)
Prisar Dale – Bygstad : V: 70,- (t/r 140,-) B/H: 35,- (t/r 70,-)
Er det 2 personar som reisar i følgje og skal reise tur/retur Askvoll-Bygstad betalar dei kr. 420,-. Dei får altså ein turbillett i rabatt.
Du kan også ta turen frå Oslo eller Bergen. for meir informasjon og booking om desse turane: www.fjordtours.com
Velkomen til ei fantastisk båtreise innover Dalsfjorden!
Kjelde: Fjordkysten. Turistinformasjon