Treningsstudio i Fjalerhallen. Dale.

Gjev teikn i god tid viss du vil svinge eller skifte køyrefelt, seier Andreas

Hugo Fretland tok oss med på ein tur.
Synfaring og demonstrasjon av utstyr.

Du kan gå, springe, ro, sykle, løfte, dra, skubbe, bokse.
Her er vekter, lodd, strikk, fjøyrer, manualar, syklar, maskineri.
Alle slag øvingar, heile dagen og heile døgnet.
No kan det bli musklar og kondisjon.

Har du ikkje vore der?
Då kan du bli med ein tur og sjå her.

2.11.2013
Asbjørn Eikerol

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Treningsavgift treningssenter

Gjestekort
Kr 50,00

Månadskort
Kr 300,00

Årskort
Kr 2000,00

MEDLEMSVILKÅR
Rettar og plikter for medlemmer av treningsstudio i Fjalerhallen:

Dingemoen Idrettspark :
• Kan foreta tilgjenge- og dopingkontroll.
• Skal halde apparata og lokalet i best mogleg stand.
• Kan på kort varsel halde treningsstudioet stengt for kortare periodar, dersom spesielle driftshøve gjer det naudsynt.
• Fråskriv seg eitkvart ansvar for personleg skade, tap av eller skade på personleg utstyr, med mindre ein kan påvise aktløyse frå Dingemoen Idrettspark.
• Fastset dei reglar som gjeld for treningsstudioet.

Medlem:
• Er sjølv ansvarleg for å vere helsemessig skikka til å bruke treningsstudioet.
• Kan ikkje overdra sitt personlege medlemskap til ein annan person, eller på anna måte misbruke sitt personlege inngangskort. Ved brot på denne regelen blir; ◦ 1.gong: Varsel om misbruk.
◦ 2.gong: Medlemskapen oppheva og kortet annullert.

• Ein kan bli medlem og nytte treningsstudioet frå det år ein fyller 15 år.
• Plikter seg til å fylgje reglane som gjeld for treningsstudioet og rette seg etter rettleiing frå instruktør.

REGLAR FOR BRUK AV DINGEMOEN TRENINGSSTUDIO:
1. Kun medlemmer med gyldig inngangskort har tilgang til treningsstudioet.
2. Alle skal ha innføring ved instruktør ved første gangs bruk.
3. Bruk kun innesko ved trening i treningsstudioet.
4. Utøvarar frå idrettslag i Fjaler kommune mellom 12 – 15 år kan leige og bruke treningsstudioet i organiserte klassetimar/treningar under oppsyn av trenar/leiar.
5. Treningsstudioet er ope heile døgnet ved bruk av personleg nøkkelkort.
6. Misbruk av nøkkelkort medfører inndraging av kort og bortvisning frå treningsstudioet, samt tilleggsbetaling på kr.300,-.
7. Sjå kalender på Dale IL sin heimeside (www.daleil.no) for oppsette faste treningstimer. Du kan gjerne trene parallelt med organiserte timar, men respekter at dei har fortrinnsrett.
8. Vask utstyret med desinfeksjonsmiddel etter bruk.
9. Alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk.
10. Ved feil på utstyr, før det i loggbok som ligg i vindauget
11. Forlat treningsstudioet i slik stand som du ynskjer å finne det i når du kjem att neste gong

Sjå meir på Dale IL HER