
Frå i dag er det slutt på Fjaler Sparebank. Fusjonen vart feira i Fjalerhallen i kveld med kultur, kaker og gåver.
Kultur:
Frå alle kantar av Fjaler kom små songarar. Barnekora under leiing av Mark Taylor hadde sine innslag og felles songar. Og den nye banken delte ut sjekkar.
Dans Utan Grenser, DUG, frå kulturskulen stilte med tre instruktørar som hadde laga eit Girl Power- program. Dei fekk også sjekk til dansegruppene.
Dale Musikkorps spelte i to avdelingar. Dei har vore viktige for kulturlivet i Dale og Fjaler. Sjekk til dei óg.
Gåver:
Mange lag kunne ta imot gåver denne kvelden. Og barn og ungdom som driv med fotball og handball har blitt sponsa med drakter og utstyr. Så i kveld var her utdeling med ny logo: Sparebanken Sogn og Fjordane må det heite no. Dei tilsette i banken fekk ein heil jobb med å dele ut.
Kake:
Her var kaker og kaffi og brus så alle fekk smake både ein og fleire gonger.
Og sjølvsagt var her taler:
Banksjefen, Ingar Valvik, stilte spørsmålet om det var beste valet å gå inn i den nye større eininga. Han vurderer vel det slik at det er rett og banken skal bli betre.
Arvid Andenæs, banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, hadde også ordet og fortalde at utviklinga i HAFS-regionen var interessant. Dei ville gjerne vere med på det som vil skje her. Men dei måtte betale dyrt for å overtale Fjaler Sparebank, sa han.
Arve Helle, ordførar i Fjaler, hadde også god tru på at den nye og større banken ville tene distriktet her godt.
Nokre foto fortel ofte best kva som hende.
1.09.2010
Asbjørn Eikerol
Kommentarar
No når Arne smiler så breidt på bildet med hovudgevinsten for fusjonen, les han gjerne innlegget mitt her på sida hin dagen…
Synes ikkje dette er noko å feire eg! Likte det som det var!!!! Og var stolt over kontoen min i fjaler sparebank! Punktum!