SMOK. Straumsnes mjølk og kjøt. Fotoreportasje.

2010.03.28.mars 063

Sundag 28. mars 2010. Klokka er fem og Oddvar Åsnes tek til på kveldstellet i fellesfjøsen. Storbonden, Kjartan Åsnes, har frihelg. Og kulturbonden, Ole Jakob Nedrebø, har arbeid med musikk og Påskejam i Dale denne helga.

Her er 45 kyr som skal mjølkast. Kalvar, ungdyr og slaktestutane skal ha fòr og tilsyn. Sjølv om mykje går på data og automatikk, blir det litt som må gjerast manuelt også.

Kyrne har halsband med databrikke som er programmert. Denne registrerer nummer, kraftfòr, mjølk og andre opplysningar. På kontoret er datasentralen, PC, som registrerer kva som skjer.

Sjå meir på heimesida til SMOK

Litt på film:





Fotoreportasje. 28.03.2010
Asbjørn Eikerol

2010.03.28.mars 060 — Så kjem fòrutleggaren med silofor. Det er å trykke på knappar så porsjonerer denne ut høveleg grasmengde.

2010.03.28.mars 028 — Lengst borte er ein flokk med store stutar. Deira oppgåve er å vekse godt og bli passeleg feite. Snart må dei på tur.

2010.03.28.mars 019 — Oddvar er i gong med
litt opprydding i fòrgangen.

2010.03.28.mars 003 — Straumsnes mjølk og kjøt sin fellesfjøs liknar mest på ein større fabrikk.

2010.03.28.mars 035 — Han Sjur har fått varm mjølk i det blå spannet. Dette var noko å suge på, ja!

2010.03.28.mars 069 — Her er mjølkegrava. Plass for tre kyr på kvar side.

2010.03.28.mars 024 — Her er det servering av myse. Ungdyra likar den.

2010.03.28.mars 071 — Etter litt kontroll og vasking må Oddvar sette på mjølkeutstyret. Mjølka går i røyr til mjølketanken.

2010.03.28.mars 064 — Han Sjur nyttar tida til å sove litt.

2010.03.28.mars 021 — Frank Igelkjøn med veslejenta. Ho likar best å sjå på. Ikkje så modig viss kalvane kjem for nær.

2010.03.28.mars 054 — Og kyrne er på veg til å bli mjølka. Den kule kosten er ein automatisk kløar. I stordrift vert det ikkje så mykje klapp og kløing. Så kyrne kan gå bort og få litt maskin-kos.

2010.03.28.mars 063 — Flokken i barnehagen. Småkalvane stiller på rad no for å få meir å ete på.

2010.03.28.mars 046 — Det kan vere litt moro for ungar og kalvar.

2010.03.28.mars 074 — Data vert registrerte. Kor mykje mjølk dette målet?

2010.03.28.mars 080 — Han Sjur ligg og slappar av. Snart er det natt og det kan bli fred til å sove. I morgon blir han fire dagar gammal, og får meir mjølk i det blå spannet.

2010.03.28.mars 072 — Kyrne stiller pent etter tur og ventar. Ein time og tjue minuttar tek det å mjølke 45 kyr, fortel Oddvar.

2010.03.28.mars 043 — Og her e barnehagen for ein flokk småkalvar. Anders og Thomas kjem opp i stekken til dei.

2010.03.28.mars 048 — Her kjem forvogna med kraftfòr. Populært.

2010.03.28.mars 029 — Dette er Sjur. Han er berre tre dagar gammal og er yngst her på huset. (Han heiter også 0137.)

2010.03.28.mars 056 — Han Sjur er mett og god og legg seg rett ned for å kvile litt. Det raude skinet kjem frå varmelampen. Han har det varmt i stekken sin.

2010.03.28.mars 049 — Dette skal smake godt.

Kommentarar


" Ditta va ein fantastisk fin reportasje med bilde og SÅÅÅ fine tekstar til bileta. Skull ønskje eg kunne kvile som “Sjur” Helsing Bjørg nattevakt.