Regn og ras. Stein til Skadalen. Banken. Kultur. Film. Foto.

2010.02.28.febr 004

Så vart det sludd og regn. Vått og meir normalt vèr. Vegen innover frå Dale er stengd. Ras og rasfare. Så det blir ein lang omveg om Guddal for dei som skal innover til eller frå Dale no. Og skulebussen til Nistad må køyre over Guddal.
Anton Guddal seier på Origo Fjordaglimt:
”Det var godt at guddølingane kjempa fram vegen gjennom Steinsethdalen, elles hadde kommunesenteret Dale stått uten vegforbindelse med omverda.
Ingen plass i Fjaler er det så fredeleg, men likevel den mest sentrale plassen i kommunen. Det er kun 40 min til nærmaste by, 30 min til flyplass, 25 min til fleire bussavganger øst/vest i døgnet. Og viss vi må til kommunesentret Dale, så bruker vi ikkje meir enn 30 min. Konklusjon: GUDDAL VÅR PERLE.”
Det var reklame for Guddal.

Det kjem vel med at her blir ny tunnel og rassikker veg forbi Nishammaren i samband med Dalsfjordbrua. Men på Bakeriet veit vi at vegvesenet har gløymt å fortelje om at dette anlegget kjem på anbod no. Kva skal dette bety?
Her har kommunen planlagt plass til å køyre all steinen opp i Skadalen. Knut Bakkebø har sett av plass for anlegget inne på Sætenes. Så no vert her vel aktivitet snart?

Og på fredag vil forstandarskapet i Fjaler Sparebank ha møte og vurdere om dei vil selje seg ut og overlate banken til ein større aktør: SSF. Er ikkje også ein liten bank liv laga, skal tru? Meir HER

Her blir mykje kultur no framover. Sjå Kalender her til høgre.
10. april blir det konsert og stordans i Fjalerhallen. Dettte vert vel ein dans for heile Hafs og halve Sunnfjord? Kor mange kan få plass i Hallen? Tusen på dans med Rune Larsen & Co? Save The Last Dance – “En kjærlighetserklæring til bygdedansen.” Sjå informasjon frå Vidar Samuelsen her på Origo Fjaler.

På laurdag blir det Ungdommens Kulturmønstring, UKM, i Trudvang kl 14.00.
På fredag har Jubelhornet konsert og dans kl 20.00.
På Jensbua er der mat frå Matglede og planlegging for Bakkejekta kl 18.00 på fredag.
Og i morgon, torsdag, blir det dans på Straumsnes 20.00. Trim og moro.

Film: The Axe Effect. A school project (Fjaler Ungdomsskole 10c-10b) November 2008 Idea by the girls. Production, director and cameraman; Jordan Seneca. Enjoy!

Film. The Moon’s a Harsh Mistress. Florence, Sturle, Ine (and Øyvind) Kulturskule concert Fjaler. Av Chris Hamper.

Nokre foto.

10.03.2010
Asbjørn Eikerol

2010.03.10.mars 020 — Vegen er stengt. Du kjem ikkje til Nistad eller Førde på denne vegen i dag. Omkøyring via Guddal.

2010.03.09.mars 007 — Katten til Sara. Han synest det er vått og kaldt å stige i snøslaps. Litt betre då å spasere på biltaket.

2010.03.09.mars 004 — Balder, kvelpen til Margrethe, er ute på kveldstur.

2010.03.04.mars 003 — Ekstremt tam og venleg katt. Oppslag Coop. Manglar du katten din? Eller vil du ha ein?

2010.03.04.mars 004 — Treng du hjelp til ymse arbeid. Rimeleg tilbod frå DVG. Berre 30 kr pr time.

2010.03.04.mars 001 — Heidi H Myklebust sel lodd. Inger Hovland har kjøpt. Det blir basar for hjelp til Haiti.

2010.03.10.mars 024 — Kari Hovland med loddbok. Basaren på Hovland.
Ho styrer også med innsamling av klede til Romania. Ho reiser også med til Romania. Kjekt og rikt på opplevingar, seier ho.

2010.03.09.mars 012 — Flyfoto frå Dale. Kan du tidfeste dette? Klikk på biletet og det blir større.

2010.02.28.febr 013 — Vintermotiv. Myklebust, Vassdalen.

2010.02.28.febr 004 — Denne haren har hoppa på Steiestølen.

2010.02.28.febr 005 — Bjørk til fjells. Steiestølen.

Fjaler

Kommentarar


Asbjørn! Reklamen for Guddal vår perle var det Anton Guddal som stod for, ikkje Anton Langeland! Sjølv om eg er sikker på at Anton Langeland også er ein god ambassadør for Guddalen!

Klart det, vi er jo så utruleg stolte av bygda vår! Flott at du også er med og reklamerer for bygda vår på Fjaler Origo!